I oppfølgjaren med den meiningsfylte tittelen «Lik og del» prøver David Skaufjord å fokusere meir på tema i si fantasy-satire Sidequest. I alle fall er han blitt mindre avhengig av innfallsmetoden.
Eg skal innrømme at eg stilte meg spørsmålet «kven bad om dette?» då eg skjønte at det heilt sikkert ville bli ein «Sidequest 2». High fantasy er ein lett sjanger å utøve, men ein vanskeleg sjanger å fornye. Og viss du ikkje er salige Terry Pratchett er high fantasy også ein sjanger som er vanskeleg å lage god komedie og satire rundt. Ein ender ofte med å ty til dei mest lettvinte vitsane om mellomalderske anakronismar.
David Skaufjords framgangsmåte som forfattar av «Sidequest 1- De midlertidige brorskap» var å bruke alle fantasyvitsar han kunne komme på, og håpe at mange nok av dei satt. Serien hadde vekstpotensial, men reint grafisk tek den ein skarp u-sving nå som Trine Lise Normann har erstatta den første teiknaren, Ronny Haugeland (og Jens K. Styve på serieteiknaranes bassgitar, tusj).
Rett nok har Normann fargelagt begge bøker, så ein viss konsistens er det jo, og ho har teikna high fantasy før, «Katten og Kråka». «Lik og del» er dessutan ein heilt frittståande oppfølgjar til «Det midlertidige brorskap», noko som sikkert letta byrda til den nye teiknaren.
Sidequest er ei satirisk farse, så plottet er nok ein gong tynt, men i grove trekk går den ut på dette: I Midgard kommune prøver Vigdus og eventyrargruppa hennar framleis å gjere suksess, men oppdraga deira går ikkje ein gong i null, finansielt. Når det dukkar opp ein ny sjølvpromoteringstrend kalla sosial mediering, anar Vigdus at ho kan oppnå kjendisstatus utan å måtte gjere noko heroisk, og bryt med gruppa for å finne den enkle utvegen aleine. Samstundes planleggar Nemesis, ein lokal ond overlord, å angripe, og han er observant nok til å forstå sosial mediering sine hersketeknikkar.
Tema for «Lik og del» er harselas med sosiale media. Dette kunne resultert i pinleg mange føreseielege poeng, for dei før nemnte mellomalderske anakronismane er umogelege å kome utanom med ein slik premiss. Men vektlegginga på eitt tema ser ut til å ha skjerpa den kreative tenkinga til David Skaufjord. Eg skal ikkje akkurat påstå at sosiale media er det vanskelegaste å vitse om i utgangspunktet, men han har funne fram til langt fleire ulike aspekt enn eg trudde. Skaufjord gjorde det vanskelegare for seg sjølv, med gode resultat. Direkte karikaturar som kunne vore morosame for dagens lesarar, men hadde datert serien raskare enn strengt nødvendig, glimrar med sitt fråvær. Eg trur det nærmaste vi kjem her er ein gjestopptreden av Dunce-Jens som eit troll (ein referanse til den tidlegare tusjaren Jens K. Styve, sjølvsagt). Skildringa av sosiale media er i seg sjølv ein fornøyeleg karikatur, den einaste historia strengt tatt treng.
Sjølvsagt er det ei utfordring å halde tråden konsekvent gjennom 100 sider utan å gjenta seg sjølv. Nokre av poenga er dessutan ganske opplagte («Jeg gikk på livets harde skole, og så stemmer jeg Tilbakeskrittspartiet fordi jeg mener at alt var bedre før…»). Og når forfattaren innimellom hugsar på han har eit slags plott å følgje, kjem han iblant heilt ut av det og må ty til meir tilfeldige absurditetar. Som når Nemesis med følgje rir mot Midgard sentrum og ein av goblinane hans begynner å ete av den grisen dei sit på.
Haugelands tøysete, ledige og elastiske strek var nok meir veleigna for Skaufjords komikk. Trine Lise Normann sin strek er i kontrast stram og regulert, i overkant strigla for ein anarkistisk historie som spriker litt i alle retningar. Den gir mindre rom for sidevitsar. Til gjengjeld er ho betre på å teikne fantasivesen, som er ein viktig ferdighet når du skildrer eit multietnisk (for ikkje å seie multi-artisk) fantasysamfunn. Ho ser også ut til å ha god sjangerforståing. Fordi streken hennar er meir vestleg (vagt klassisk fransk-belgisk) enn manga, har den dessutan noko sjarmerande stygt over seg.
Ikkje minst ser vi dette på hovudpersonen. Ikkje at eg trur Haugeland prøvde å gjere Vigdus søt, ho berre blei naturleg sånn i streken hans. Hos Normann er Vigdus derimot kvapsa, slapp og ordinær. Ho ser ut som ein like stor tapar som resten av gruppa si. I ein serie som «Sidequest» fungerer ho betre sånn. Dessutan er skilnaden mellom korleis ho ser ut, og bildet ho prøver å skape av seg av seg sjølv, eit konkret poeng i «Lik og del», så desto betre.
Framleis verkar strukturen og innhaldet i Sidequest litt basert på innfallsmetoden frå første boka. «Lik og del» kjennest derfor meir som ein gradvis overgang enn som ein teikneserie som har funne forma, men eg trur den er på rett veg.
Sidequest 2 – Lik og del
Av David Skaufjord og Trine Lise Normann
130 sider
279 kr. (veil)
Egmont