Midlertidig morosamt

 «SideQuest – Det Midlertidige Brorskap» glimter til innimellom, men er stort sett eit minste felles multiplum av alle dei mest openberre fantasy- og middelaldervitsane ein kan komme på.

Både forlag og serieskaparar har lagt mykje vekt på premissen i SideQuest – Dette er historiane til taparane i high fantasy-sjangeren si verd, til dei som ikkje når heilt opp. Men misforstå ikkje – Premissen er ikkje viktig. Sjølv samanlikna med andre fantasy-komediar og parodiar fortoner handlinga i SideQuest seg som tynn og improvisert.

For det ho er verdt, er historia i «SideQuest – Det Midlertidige Brorskap» at den livstrøtte kontoristen Vigdus sluttar i jobben for å bli eventyrar.  I følgje dei kommunale reglane kan eventyrarar berre opptre i grupper på minst fire, så ho slår seg i lag med dei tre mest ubrukelege kompanjongane som er å oppdrive.

Manuset sett i isolasjon hadde gjort «Det Midlertidige Brorskap» til ein 120 siders Daskfjord fantasy-spesial. David Skaufjords metode er å ta eit tema, og bruke alle vitsar han kan komme på om dette temaet. Sagt på ein annan måte, han kastar ein masse ting på veggen, og ser kva som fester seg. 

Det blir veldig mange blødmer, anakronistiske parallellar og oppbrukte Ringenes Herre-referansar, men det er meir ved Skaufjords humor. Ikkje minst har han velutvikla satiriske antenner, og prøver å unngå ei politisk slagside. Tidlege tilbakemeldingar på «Det Midlertidige Brorskap» gjekk visst på at det var ein feministisk serie. Skaufjord har nekta for dette, og som allereie hinta, han sparkar begge vegar. T.d. kan både «woke»-sympatiske vitsar og «woke»-latterleggjerande vitsar førekomme på ei og same side, til og med. Men Vigdus, den einaste kvinnelege figuren av nokon betydning, er også den einaste figuren med noko vidare personlegdom, og det er fleire vitsar om kvinnediskriminering i serien. Den utvilsamt mest vellukka av dei, vil eg hevde, er kommunens krav om at eventyrargrupper på minst fire kan ha ein kvinneandel på maksimalt førti prosent.   

Nå treng ein uansett ikkje sjå manus til «Det Midlertidige Brorskap» i isolasjon . Tvert imot er serien marknadsført som eit gruppearbeid som ikkje først og fremst er enten forfattar eller teiknars verk. Skissar/tusjar-duoar er ikkje dagleg kost i norske teikneseriar, men akkurat som med fjorårets Bjørnar kjem det friske og eigenarta resultat ut av SideQuests samarbeid mellom to teiknarar som i utgangspunktet har kvar sin individuelle strek. Ronny Haugeland er det heilt sjølvskrive valet av teiknar til ein typisk crazyhumoristisk serie med mange blødmer, men den tøyleslause, utflytande streken hans får noko lekkert over seg gjennom Jens K. Styves reinteikning. Trine Lise Normanns varme fargar bygger på dette inntrykket. Målsettinga om å skape eit sjeldant jambyrdig norsk teikneseriesamarbeid, er altså langt på veg oppfylt.      

«Det Midlertidige Brorskap» er meint å vere bind ein, og det leggast tydeleg opp til ein oppfølgjar. Eg er ikkje overtydd om at resultatet skrik etter ein heil bokserie, men er villig til å bli overtydd, for konseptet har potensial. Dessutan fortener Ronny Haugeland ein fast gig (helst, framleis, med Jens K. Styve, viss sistnemnte har tid).

I så fall trur eg at litt meir vekt på historie er vegen SideQuest må gå for å bli noko meir enn eit kuriøst novelty-sidesprang for alle involverte parter.

 

Sidequest (1) – Det Midlertidige Brorskap
Skrive av David Skaufjord
Teikna av Ronny Haugeland og Jens K. Styve
Fargar av Trine Lise Normann
Etterord av forfattaren
150 sider
249 kr.
Egmont


Les også:
«Blind» analyse av coveret

1 tanke om “Midlertidig morosamt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *