Instant vaktar, berre tilfør krem

«Småfolkets Vokter» er ein ny fantasyserie med ein retning og ein plan. Den brukar berre litt tid på å komme seg dit.

Medan dei venter på ei ny «Amuletten»-bok gjer forlaget Fontini stadig større innhogg i marknaden for teikneseriar meint for barn og ungdom, i alle fall når det gjelder import. Denne seinsommaren lanserer dei to bind kvar av dei heilt nye teikneseriane Vera Viking og Småfolkets Vokter.

Sistnemnte er endå ei fantasy-satsing frå Dupuis, illustrert av Charline Forns og forfatta av Bénédicte Carboneill, alias Carbone. Siste namnet gir meg ikkje for store forhåpningar. Carbone sto bak den ikkje særleg vellukka krimserien I Lyas Øyne, og fantasyserien Spilledåsen; den siste hadde eit interessant utgangspunkt og konsept, men har liksom aldri tatt verkeleg av, eller bydd på ei historie som engasjerer ordentleg. På den andre sida har Carbone i alle fall ein medforfattar denne gongen, Véronique Barrau.


Magisk arv
Likskapen med Spilledåsen er i utgangspunktet tydeleg; I første bindet, «En hemmelig verden», er det igjen ei ung heltinne som arvar rolla som eit bindeledd mellom den daglegdagse verda og den magiske. Men denne verda er midt iblant oss, den usynlege verda til vettene, som vi også har sett ein ny og norsk variant av veldig nyleg. Og ingen måtte døy for at rolla skulle gå i arv, men for at vår heltinne Elina skulle bli den nye vaktaren, måtte mormora hennar («Besta») på sjukehus. Frå sjukesenga gir Besta dotterdottera oppskrifta på korleis ho kan sjå vettene.  

Alle tidlegare usynlege vesen er veldig raskt ute med å godta og ære Elina som den nye vaktaren, for historia har det travelt. Vi må rett vidare til hennar første oppdrag, som er å redde ein ung fe frå dracen, ein kontinental slektning av nøkken.   

«En hemmelig verden» overtyder ikkje heilt. Dialogen er i overkant triviell, og så forenkla at den nesten verkar å vere tilpassa ei yngre målgruppe enn Spilledåsen, endå idé og format er ganske like (forlaget anbefaler serien for barn frå 8 til 16, noko som er overkant optimistisk). Og historia blir litt hektisk når den skal ta for seg både premissen og den første konflikten, som elles ikkje heng direkte saman.

Søte hesteansikt
Akkurat kva Barrau bidreg med, er uklart. Kanskje er ho berre mytologisk konsulent, for alt eg veit. Saman greier dei i alle fall å få eit artig poeng ut av korleis dracen skal beseirast.

Til liks med dei andre illustratørane som Carbone samarbeidar med, har Forns ein dyktig og tiltalande post-euromanga-stil som reddar noko, om ikkje alt, ved historia. Streken hennar er ikkje særskilt kunstnarisk, men har nokre særtrekk (søte hesteansikt med manga-auge), og vitnar om ein arbeidsam og rutinert teiknar med blikk for detaljar. Dette er nyttig i ein teikneserie som er bygd opp av ei mengd med mange små og handlingsmetta ruter, og med få heilsider og panorama. På den andre sida er ikkje fargearbeidet hennar heilt behageleg å sjå på. Det blir for mykje sterkt lys, og vel mykje raudt og jordfargar i forhold til resten av paletten.

I bind to, «Dragens tårer», går det ein klar raud tråd frå den første boka; I «En hemmelig verden» fortel Besta at den magiske kremen som gjer Elina i stand til å sjå vettene skulle vare evig, og at Elina må ha blanda den feil dersom ho stadig treng å påføre meir. I «Dragens tårer» må Elina difor lage ein ny krem med rett blandingsforhold når det er slutt på den gamle. Men ho manglar ein viktig ingrediens, nemleg, sjølvsagt, dragetårer. 

Forbetra oppfølgjar
Denne boka er ei klar forbetring, mykje fordi Forns har gjort endringar i både lys og fargar. Rett nok hjelper det at mykje av handlinga denne gongen føregår om natta. Men også manus er på eit kvalitativt høgare nivå denne gongen. Bind to av Småfolkets Vokter er langt meir bevisst på historieforteljing og struktur, den har ei klar retning, meir oppfinnsame plottløysingar, og færre distraksjonar. Bind to gir også lesarane høve til å bli betre kjent med Elinas to magiske hjelparar, Lyam og Nelvyna, som forsvann litt i mengda i første bindet. Sjølv om dei to er ein smule masete.

Eg ser difor klokskapen i å send ut dei to første binda av serien på ein gong. Kanskje er det moderne strøyme-marknadstenking som ligger bak avgjerda. Småfolkets Vokter kjennest nemleg som ein hypa ny strøymeserie der det er eit ork å kome seg gjennom første episoden, men der betre ting ventar viss ein har tolmod.  


Småfolkets Vokter 1 – En hemmelig verden
Småfolkets Vokter 2 – Dragens tårer
Skrive av Carbone og Véronique Barrau, illustrert av Charline Forns
Omsett av Live Øra Danielsen
58 sider per stk.
249 kr. per stk. (veil.)
Fontini Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *