Eit livsverk av fablar

Snøkattprinsen er hennar ettermæle, men eit kort, strålande kunstnarliv har fått dokumentasjonen som den fortener med Dina Norlunds Vill – Og andre historier

Mange har blande kjensler for «outtakes-samlingar». Nødvendigvis er dei aldri heilt på det jamne, men for meg er det desse samlingane som verkeleg er verdt å ha. Dei er som å få tilgang til ein eksklusiv klubb som tidlegare var stengd for deg. 

Som bokas redaktør uttrykker det, er det både vemodig og godt å ha ei bok som «Vill»  i hendene. Dina Norlund hadde planar om større prosjekt etter Snøkattprinsen, men uvisse rundt sjukdommen fekk henne til å nøle. Og ettersom Snøkattprinsen (som var ei avslutta historie) blei ein pen suksess, hadde ho uansett sikra seg eit ettermæle. Så ho brukte tid på å promotere denne. Då eg tok ein prat med henne på KanonCon forsommaren 2022 – og i ettertid er eg ekstra glad for at eg nytta det høvet – heldt ho på med å rekruttere fans som ville ha sitt eige Snøkattprins-kosedyr til ein Kickstarter-kampanje.

«Vill»

Noko teikna epos i fleire bind fekk vi aldri frå Dina, men ho rakk å lage fleire seriar før ho døydde av kreft i februar 2023.

Aller først kan eg konstatere at antologien Vill er blitt eit ypparleg stykke dokumentasjon, mest takka vere Dina sin nærmaste familie (far, mor og systrer), som har bidrege med mykje informasjon om både serieskaparane og dei enkelte innslaga. I mange tilfelle er bakgrunnshistoria i ettertid blitt ein reell del av sjølve historia. Dei to første seriane i boka,  tittelhistoria og «Alene», blei laga henhaldsvis til Oslo 24H Challenge i 2021 og 2022. I konteksten utmerkar dei seg med å vere veldig profesjonelt utsjåande arbeid, og tittelhistoria er endå meir imponerande når vi nå blir informert om at Dina måtte avbryte midt på dagen for å rekke ei undersøking på radiumhospitalet. Begge historiene har dei enkle (og sympatiske) bodskapa ein kunne vente når poenget er å lage ein teikneserie frå botnen av på 24 timar, men med store nok skilnadar til å framheve Dinas breidde som forteljar.   

«Bregne & Månekaninen»

«Bregne og Månekaninen» (2017) blei laga mens Dina budde i England, og kan reknast som gjennombrotet hennar, i alle fall ved at den blei populær nok til at ho satsa for alvor på teikneseriar, først som eigen utgjevar. Serien er eit eventyr skrive på rim (omsett frå engelsk til norsk av familien) med tekst under rutene. Historia er skisseprega og berre delvis fargelagt, men allereie her er det lett å la seg rive med av både imponerande fantasirikdom og dyktig strek. 

«Gråfot» (2018, sjå forsidebilete) er ein økologisk fabel for barn, så praktfullt illustrert at den truleg kjem til å stå igjen som Dinas nest viktigaste verk etter «Snøkattprinsen», og nesten verdt prisen aleine. Meir enn noko anna minner den oss om kva for eit kunstnarisk talent som vi har tapt.

«Stilk» (2019) er tematisk innom dei same tema som 24H-historiene, om einsemd og å vere seg sjølv, men skil seg friskt ut på nokre viktige område. På den ytre sida ved å vere teikna med tusj og vassfargar, på den indre ved at historia tek ei vending midtvegs som gjer bodskapen meir kompleks enn eg venta i utgangspunktet.  

«Stilk»

Mesteparten av boka kan lesast som ein heilt vanleg fantasyantologi av den typen vi har sett ein del til i moderne norsk teikneseriepublikasjon. Men så, heilt mot slutten kjem ein ganske liten passasje som minner oss om kvifor denne samlinga eksisterer – «Dinas Hourly Comic Day», ei teikna time-for-time-dagbok laga medan Dina gjekk på sin siste cellegiftkur i 2022. Her delar ho hovudrolla med katten Bishop. Tilværet var trivielt og koseleg, men Dina innrømmer at ho blei lett utmatta. Eit heilt udramatisk forvarsel har blitt den perfekte avsluttinga på boka.   

Produksjonen er kanskje ikkje stor, men den er verdt å vende tilbake til igjen og igjen, og med denne boka er det blitt enklare. For å parafrasere Erik Bye, om ho er borte, så lever ho lell.


Vill – Og andre historier
Av Dina Norlund
Forord av Tonje Tornes
Kommentarar og etterord av serieskaparens familie
164 sider
299 kr (vegl.)
Egmont

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *