
Ei søster på jakt etter sanninga om brorens død, søte kattar og ein mystisk verden som ventar på å bli utforska i «Skyverdenen».
Lea Sato, hovudpersonen i den nye serien «Zoias kjerne», vervar seg for å finne ut meir om broren Milans bortgang. Milan var ein del av Sora-elitane og døydde for eit år sidan under mystiske omstende. Ho får Manu som lagkamerat og dei får tildelt mentoren Niko.
Saman med Niko er dei ein del av gruppa som forsvarar befolkninga mot monstra på Ødeleggelsens mark, som ligg som eit belte rundt heile eksistensplanet Sora.
Bind 1, «Skyverdenen», er ein svært visuelt vakker teikneserie, med maleriske himlar og landsbyar, vakre dyr. Serieskaparen Tessa Nelissen er veldig spesifikk med fargebruken. Her er mange nyansar av blått, heilt frå ein iskald blå i grotter til varmblåe skyer over landsbyen Harestad. Den andre fargen vil eg karakterisere som terrakotta, ein slags raud/oransje-nyanse. Under lanseringa i oktober fortalde ho at det blir andre fargar i dei komande binda. Mange serieskaparar i Norge har ein bestemt og gjenkjenneleg palett, men få er så spesifikke og bestemte i fargebruken som Nelissen. Det blir spennande å sjå korleis fargebruk og uttrykk forandrar og utviklar seg vidare i serien.
Nelissen legg seg elles tett opp mot ein klassisk japansk mangastil, spesielt når det gjeld karakterdesign. Ansikta er trekantforma, kroppane er lange og tynne og mange brukar kapper. Her er actionfylte kampscenar, som første gong vi møter karakteren Elin og katten hennar Loki. I nærbileta er det få bakgrunnsdetaljar og eit tydeleg fokus på karakterane.
På lanseringa beskreiv Nelissen karakteren Lea som lik ho sjølv, nervøs og litt usikker, medan karakteren Elin var sånn ho (Nelissen) gjerne vil vere, modig og bestemt. Elin har i tillegg hukommelsestap, kan slost mot monster og er ledsaga av katten Loki, medan Manu er den stille og ordknappe lagkameraten. Karakterane kan tidvis verke litt bundne eller «stive», som om dei har kvar si bestemte rolle med lite høve til avvik (som det ofte er i manga), men det er teikn som tyder på at dei har meir personlegdom og vil bryte vekk frå rollene etterkvart som serien utviklar seg.
Språket haltar litt, kanskje fordi serieskaparen er nederlandsk innflyttar og såleis har norsk som andrespråk. Men illustrasjonane drar lesaren inn og held ein fast, så ein må berre lese vidare.
Det er tydeleg at Nelissen elskar dyr, og spesielt kattar. Med fluffy pels lyser pelsdottane opp frå sidene og dyra er eit av høgdepunkta for meg i dette første bindet av serien, «Skyverdenen». Eg vil kose med Loki og klappe dei flotta fjæra på blåvingen til Niko. Drakane i bindet er dramatiske, skumle og store.
Nelissen deltok i Egmonts teikneseriekonkurranse i 2021, og det var første gong ho kom på ideen om at ein kan jobbe med og leve av teikneseriar. Ho nådde ikkje opp i konkurransen, men jobba vidare med konsept og ide før det blei til «Skyverdenen». Dette er første bindet i ein planlagt serie på seks bind (igjen, dette blei fortald på lanseringa i oktober).
«Zoias kjerne» er ein spennande debutant som eg trur mange vil glede seg over å oppdage og lese meir av. >
Zoias kjerne 1 – Skyverdenen
Av Tessa Nelissen
Etterord av forfattaren
210 sider
339 kr.
TNT/Bonnier









