
Det personlege er politisk i Isabelle Marogers grundige utforsking av det nazistiske Lebensbornprogrammet, mor hennar og seg sjølv.
«Kven er eg?» er det grunnleggjande spørsmålet eg-personen utforskar i sjølvbiografiske forteljingar. Ofte må ein leite utanfor seg sjølv for å finne svar, til dømes i foreldre eller besteforeldre. Dette er eit grep som er velkjend frå sjølvbiografiske teikneseriar som til dømes Art Spiegelmans Maus, Allison Beschdels Husfred eller Steffen Kvernelands En frivillig død. Svaret kan ein ofte finne i det tilsynelatande ubetydelege og kvardagslege, men nokre gonger opnar fortida seg opp på spektakulært vis: Det sjølvbiografiske eget pustar historie.
Isabelle Marogers Lebensborn er ei slik forteljing. Boka handlar om tre kvinner i tre generasjonar og arra som det nazistiske rasehygieniske programmet, Lebensborn, påførte dei. Kort fortalt handla Lebensbornprogrammet om å bevare den ariske rasen gjennom å aktivt avle fram blonde, blåauga barn, hovudsakeleg i Tyskland og Noreg. Marogers mor er eit produkt av dette prosjektet, men det var lenge ein godt bevart familieløyndom. Ho blei adoptert bort til ein fransk familie like etter krigen og vaks opp med eit medvit om at ho var norsk og fødd under okkkupasjonen, men ikkje meir. Då ho endeleg tar kontakt med den norske ambassaden i 2001 og får vite korleis ting heng saman opnar det seg eit hôl i familien: Morfar var… nazist? Kven er dei då?

Utgangspunktet for den sjølvbiografiske teikneserien er eit tilfeldig møte med ei rasistisk kvinne på bussen i Lyon som fortel Maroger at ho burde få fleire barn fordi «blonde med blå øyne, det begynner å bli en sjelden rase!!!». Å fortelje mora si historie handlar difor både om å aktualisere og problematisere det rasistiske tankegodset nazistane sin ideologi var basert på og å bearbeide si eiga rolle i dette kollektive traumet. Boka er difor noko meir enn eit historisk dokument. Ho viser fram, bokstaveleg tala, korleis me alle er produkt av fortida, korleis menneske er bundne saman gjennom tilfeldigheiter, og at familie er, kva skal ein seie?, komplisert.
Marogers visuelle avatar er forteljar og hovudperson i boka. Lesaren følgjer henne gjennom ulike fasar av livet, hovudsakeleg knytt til relasjonen ho har til mora si. Prosjektet med boka er likevel, som Maroger seier innleiingsvis, å lage ein teikneserie om det som skjedde med mora hennar. Difor er Maroger heilt fråværande i lengre strekk av boka, til dømes delen der mora drar til Noreg for å møte familien sin for første gong. Trass alt er det mora si forteljing. Laga av forteljingar frå notid og fortid legg seg over kvarandre på ein måte som gjer at lesaren både er engasjert i det som skjedde i Noreg under okkupasjonen og Marogers forsøk på å takle fortida.

At forteljarstemma skiftar mellom Maroger, mor hennar og den norske grandtanta som fortel om Marogers mormor, bind saman dei tre kvinnene sine liv på ein forbløffande saumlaus måte. Denne strukturen pregar også resten av boka. Slik fortida og notida flyt over i kvarande, er også rutene utan synlege kantlinjer, og med unntak av det som utelukkande er knytt til krigsåra, er også fargepaletten nesten konsekvent ei blanding av svart-kvite bakgrunnar og karakterar i klare fargar. Slik blir forståinga av at det som skjedde i krigsåra framleis er relevant for vår samtid sementert.
Maroger har bakgrunn som teiknar av humoristiske stripeseriar, noko som kjem tydeleg fram i boka. Stilen hennar er prega av klare linjer og forenkla karakterdesign lagt over meir realistiske og detaljerte bakgrunnar. Forenklinga gjer den tunge historiske materien tilgjengeleg og underhaldande samtidig som bakgrunnane forankrar karakterane i røyndommen. Det er mykje humor i det visuelle (og i dei meir personlege delane av forteljinga), noko som trengst for å bere den vonde historia.

Boka er også prega av grundig research og ein imponerande detaljrikdom. Som mange sjølvbiografiske teikneseriar blir autentisiteten forsterka gjennom foto og ulike dokument. I eit fyldig etterord går Maroger skriftleg djupare inn i den historiske konteksten. Ein kan innvende at denne delen like gjerne kunne ha blitt teikna, men han står seg godt som utfyllande kontekst. Lebensborn er likevel ikkje ei bok som først og fremst er retta mot typiske andre verdskrig-entusiastar. Til det er ho for personleg, men det personlege er også politisk. Ho utforskar fortida, men også sin eigen identitet. Thomas Lundbo formidlar den empatiske og detaljrike tilnærminga i Marogers prosjekt på forbilledleg vis i omsetjinga.
Den amerikanske litteraturprofessoren Jared Gardner hevdar at sjølvbiografiske teikneseriar kan binde saman menneske i ei lenke av felles liding. Å blande saman fortid, historie, fakta, fiksjon, tekst og bilde tillet ei unik deling av smerte mellom avsendar og mottakar. Marogers utforsking av kven ho er gjennom portrettet av mor hennar viser tydeleg korleis fortida angår henne, men også oss som les boka. Det er umogeleg å ikkje la seg rive med av forteljinga, kanskje særleg for norske lesarar som kan få eit unikt innblikk i ein del av historia mange ikkje kjenner så godt til.
Lebensborn
Av Isabelle Maroger
Omsett av Thomas Lundbo
216 sider
349 kr.
Omnipax







