I 2020 er talet på nye, norske teikneseriepublikasjonar på eit rekordhøgt nivå, men kulturbudsjettet held ikkje tritt. Dette var sentralt i debatten om framtidas norske teikneseriar på OCX laurdag.
Medverkande var Terje Thorsen (dagleg leiar, Tronsmo), Tonje Tornes (forfattar og redaktør, Egmont) og Hans Ivar Stordal (redaktør i Strand og påtroppande styremedlem i Foreningen Tegneseriekultur). Moderator var Eivor Vindenes (rådgjevar, Leser Søker Bok)
Metaperspektivet
Panelet kom innleiingsvis inn på Morten Harpers artikkel i Prosa om «verdikamp» i dagens norske teikneserieverkelegheit. Stordal omtaler den som «karikert», men innrømmer at han kjenner seg igjen, då han meiner at det grovt sett finst to fløyer, der den andre er «meir interessert i eit metaperspektiv».
Tornes har ein interessant teori om at Serienett si anmelding av Dongeryboksen i 2013, og kontroversen den skapte, kan ha vore utgangspunktet for at Empirix blei starta i 2014. Ho legger til at frå eit utgjevarståstad er dei (Egmont) veldig glade for at både Serienett og Empirix finst, og at dei kan ha ein litt ulik tilnærming til teikneseriar.
Thorsen på si side meiner av ein må sette det litt på spissen for å få den diskusjonen som Harper kanskje var ute etter her. Thorsens eigen politikk har uansett vore å kjøpe inn minst ti eksemplar av kva som enn gir blir gitt ut (av teikneseriar), for å sørge for at kopier finst i verda.
(For ordens skuld, Morten Harper satt i salen. Det gjorde også underteikna, som er redaktør for Serienett)
Bokas gullalder
Situasjonen i dag, oppsummerer Vindenes, er at bladsalet er på veg ned, mens ein ser ei fantastisk oppblomstring av norske teikneseriar i bokform. Har vi gått frå stripenes til bokas gullalder? Ikkje medrekna stripesamlingar kjem det i år 47 norske teikneseriar i bokform. Dette har aldri skjedd før, seier Vindenes, det er heilt historisk.
Men det finst ikkje middel til å kjøpe inn meir enn drygt ein tredjedel, innvender Thorsen, og årets statsbudsjett sender ingen gode signaler ved å flytte støtteordningar. Det skulle vore pumpa inn mykje meir pengar for å utnytte det som finst i norske seriemiljø.
Stordal, som leia teikneserieutvalet for kulturrådet i fire år, har fortalt om korleis budsjettet blei trongt dei siste to åra. Talet på påmeldingar dobla seg, men budsjettramma auka bare med «ei halv bok». Støtteordninga er offer for ein eigen suksess, og forlaga sin suksess.
Egmont fekk klare signaler frå kulturrådet om å satse på teikneseriar for barn, fortel Tornes, og vi og fleire andre forlag gjorde det. Men så viser det seg at potten er for liten. Ho etterlyser investeringar frå kulturpolitikken.
Ser vi på kostnadene til eit nytt Krüger & Krogh-album mot kostnadene til ein ny norsk spelefilm, er det ganske store forskjellar i budsjettet, men eg veit ikkje som det er så stor forskjell i kva det skaper av glede og interesse i befolkninga, meiner Stordal. Vi kan levere mykje bra for mykje mindre pengar.
Norge venter spent på det neste Krüger & Krogh-albumet
Søker samarbeid
Thorsen hugsar korleis delar av bransjen greidde å mobilisere og samarbeide for å drive lobbyverksemd for å få ei innkjøpsordning for teikneseriar. I ettertid er han ofte overraska over mangelen på vidare samarbeid. Ei fullverdig, automatisk innkjøpsordning for nye, norske teikneseriar meiner han er eit realistisk mål som bransjen burde jobbe mot.
Egmont er ikkje med i forleggarforeininga, påpeiker Tornes. Dette er jo ei lite praktisk problem for samarbeidsevnene til Norges største teikneserieutgjevar. Men ho meiner ein viktig grunn til at situasjonen ikkje er tatt tak i, er at dei ikkje har hatt så mange publikasjonar før. Bransjen har også eit distribusjonsproblem så lenge Outland og Tronsmo er dei einaste som tek inn alt av teikneseriar.
Stordal meiner at det lett oppstår klikkar i eit lite miljø. Også i den kommersielle delen; han hugsar rivaliseringa med Schibsted frå tida si i Egmont. Når det kanskje var tv eller videospel som var den mest naturlege konkurrenten. Samarbeidet mellom serieskaparar har i den seinare tida blitt litt betre, i alle fall i sosiale media.
Ein viktig samarbeidspartner for bransjen som Tornes ønsker å framheve, er NORLA. Viss bransjen kan få fleire norske teikneseriar omsett til andre språk, skjer det noko med den kulturelle kapitalen som både folket og politikarane er veldig stolte av. Thorsen legger til betydninga av å reise rundt på skular og fortelje om teikneseriar, ein aktivitet som har blitt meir utbreidd.
På eit direkte spørsmål, seier Tornes at ja, ho vil forplikte seg til å ta initiativ til å prøve å samle bransjen – På utgjevarsida.
Nordlys-gjengen (spesialteikning)
Mangel på øremerking
Men har teikneserieskaparar eit problem med identiteten ovanfor dei bevilgande myndigheiter? Som Vindenes påpeikte, i eit sitat frå Øystein Runde, det er 23 [definerte] kunstargrupper, men teikneserieskapar er ikkje blant dei. Det gjer det vanskelegare å få kunstnarstipend, og då sit ein igjen med (forholdsmessige) småpengar som i monner lite. Ein må alternere og gå til fleire ulike institusjonar for å få støtte, seier Stordal.
Tornes legger til at vi må ikkje gløyme lesarane oppe i alt dette. Forlaga har mista 25 % av lesargruppa gutar, og sjølv om det byd henne imot å sjå på teikneseriar som berre opptakten til «skikkeleg» litteratur, vil ho understreke det pedagogiske i korleis teikneseriar kan lære barn opp til leselyst.
Viss vi når ser framover…
Kven er dei nye motorane for å få lesarane inn? Er det for banalt å seie at det er Nordlys? Tornes meiner at ein kjem ennå ikkje unna Donald Duck og Donald-pocketane, som framleis går i relativt store opplag. Men Nordlys har nok skapt ei interesse i ei anna (kulturinteressert) fane. At Nordlys var den mest leste på Sommerles i år, tek ho som eit godt teikn, for der der det barne sjølv som vel, og ein unngår spekulasjon om foreldra kjøper det dei vil barna skal lese, utan at ein kan vere sikker på om så skjer. Stordal, som var midt opp i den norske manga-boomen, meiner vi ser eit framhald av dette nå, der barna vil ha langvarige spenningsseriar.
Her følte Thorsen seg kalla til å komme med ei motvekt til argumenta for den kommersielle teikneseriebransjen. Verkelegheita er tøff for dei som skriv knallhard, seriøs prosa. Korleis kan vi løfte opp dei som også jobbar med det? I gamle dagar blei overskotet frå romanar som selde bra delvis brukt til å subsidiere smale publikasjonar. Nå kjører ein vanntette skott mellom alle publikasjonar.
Avslutningsvis fekk Stordal ein sluttkommentar der han stort sett gir Thorsen medhald:
Norske forlag av i dag kan godt ha teikneseriar i sortimentet sitt, men det verkar veldig personavhengig, og det verkar som dei strever med å vite kor dei skal plassere det i organisasjonen sin. Mange av dei eg pratar med som kjem frå teikneseriebransjen, og inn i dei store forlaga, må drive mykje vaksenopplæring for å få det til å fungere i arbeidsflyten dei har. Og til slutt ender dei i barnekatalogen nesten uansett.
Derfor trur han det er dei etablerte teikneserieforlaga som kjem til å utvikle dei nye talenta, slik det ser ut akkurat nå.
(Øvst f.v. : Terje Thorsen, Tonje Tornes Hans Ivar Stordal og Eivor Vindenes.)