Viking med drivhus

Soga om Ragnarok er til endes, men Ragnarok-universet held fram. I går feira Odin Helgheim både ein slutt og ein ny begynnelse, ikkje ulikt det mytologiske ragnarok.

Forsideteikning av Anne Maria Gentili; ide og tekst av Trond Sätre.
Fotografier av Trond Sätre.


Sjølv om den sjette og siste boka i Ragnarok-serien, «Valhall», har vore ute sidan nyttårshelga, var det først i går kveld at publikasjonen blei markert, med eit bokbad. Ettersom Deichmann Grünerløkka og Serieteket framleis er stengt for oppussing, blei markeringa gjort på nabofilialen i Tøyen, som har eit lite, men veleigna lokale for slikt. Her blei det servert velkomstdrinkar passande for både barn og vaksne, og bollar til alle. Under bokbadet var det i underkant av 90 menneske til stades, som i dette tilfellet var full sal.

Tonje Tornes, Odin Helgheim og Tormod Løkling på Deichmann Tøyen.

Arrangementet hadde også eit ideelt musikalsk akkompagnement i form av Vǫluspá. Folk-rock-gruppa som er mykje meir folk enn rock, marknadsfører seg som «True Norwegian Folk Music». Med lutt og vokal i oppvarmingsnummeret var den norrøne stemninga satt. -Viss Ragnarok blir filmatisert bør Vǫluspá stå for musikken, erklærte Odin. Dei to utøvarane opptrer også i «cameos» i Ragnarok-serien. Cameos av diverse kjenningar, inkludert dei nærverande redaktørane, var då også eit tema som blei tatt opp undervegs i bokbadet.

-Eg manglar ord, og ein forfattar skal jo ikkje mange ord, sa Odin innleiingsvis då han blei spurt om korleis han følte seg nå, når Ragnarok-serien er ferdig. Men viddet hans var ikkje dårlegare enn at han sendte spørsmålet i retur til redaktørane sine. Tormod Løkling, som så ofte elles, var kjappast i replikken – Eg er glad, for nå veit eg at eg får løn i januar også, svara han.

Biblioteket på Tøyen Torg


Sjette og siste bindet av serien «Valhall» er naturleg nok spoiler-trett, så bokbadet var mest tilbakeskodande. Redaktørane hadde funne eit presseoppslag frå Sandefjords Blad i 2010, som kanskje var første gongen offentlegheita blei kjent med den unge serieskaparen og hans ambisjonar. Bokbadet oppsummerte dei seks binda som utgjer den nå komplette Ragnarok-sagaen, og korleis Odin ser ut til å ha skaffa seg ein ny frisyre for kvart volum. Tormod mintest korleis han hadde refusert serien fire gonger (mot to gonger for Pondus).

Odin forklarte melom anna kvifor han bruker runesteinar som illustrasjonar til kapittelinndelingar. Det tek utgangspunkt i Dreamworks-teiknefilmen «Prinsen av Egypt» (1998), av alle ting, som også er favorittfilmen hans. Han hevdar til og med å ha cosplaya som Moses. I denne filmen blir drøymesekvensar illustrert med levande hieroglyfar. Slik blei han inspirert til å lage noko tilsvarande med eit norrønt forteikn.

Serien Ragnarok har tre hovudelement, meinte serieskaparen: Action, humor og mystikk. Han får nok mest respons på mystikken, men for han personleg er humoren viktigast, for han ønsker å underhalde seg sjølv også, når han lagar teikneseriar.

Tormod Løkling deler ut boller

Det blei snakk litt om eksport, særleg om den tyske omsetjinga av serien (som sjølvsagt heiter Ragnarök). Serien finst også på dansk, svensk, tsjekkisk og alle samiske språk. Men det språket han verkeleg skulle likt å sjå Ragnarok omsett til, er japansk. Han er veldig inspirert av manga, sjølv om han også, i eigne auge litt paradoksalt, også er veldig glad i fargar. «Ekte» manga er fortrinnsvis i svart-kvitt. – Eg trur vi berre har sett toppen av isfjellet nåpr det gjelder eksport av teikneseriar, la Tonje optimistisk til, og Tormod kopla det heile til spørsmålet om «kva vi skal leve av etter olja».

For å skape litt ekstra spenning rundt den vanlege bokbad-samtalen hadde arrangørane funne på eit bingo-spel, fortrinnsvis for barna i salen, og dei var det mange av. På ein ferdig plansje var det lista opp 40 nøkkelord, og kvar deltakar skulle skrive ned 12 sjølvvalte av desse, og krysse av etter kvart som orda blei nemnt i bokbadet. Premien var ein signert plakat, og tre vinnarar ropte bingo i løpet av dei siste 30-40 minutta. Ein fjerde som mangla eitt nøkkelord, fekk den ekstra plakaten.


I tillegg til å ha laga seks Ragnarok-bøker frå 2020 til 2024, har Odin også teikna to Edelmot-bøker (med ein tredje snart ferdig), skrive to Frøya-historier og lage bestiarium-boka «Odins Udyr». Kor fort jobbar han? -Det er litt vanskeleg å seie, svara Odin, for eg jobbar ikkje etter samlebandsteknikk; eg skisser heile boka først, tusjer deretter heile boka, og deretter fargelegger eg heile boka. Men i snitt greier eg vel tre ferdig sider på ein arbeidsdag, konkluderte han. Både redaktørar og publikum verka imponerte.

-Er du ein typisk arkitektforfattar som planleggar alt på førehand, eller meir som ein gartnar, som steller ein plante og ser kva som skjer, spurte Tonje. -Eg har eit drivhus, svara Odin.

Og etter Ragnarok er han godt i gang me ein ny serie. Det finst allereie ein spinoff-serie, men nå kjem det fleire for hans nyaste prosjekt er også i Ragnarok-universet. Her vil han sjølvsagt røpe minst mulig, men han har forhåpningar om å få første boka klar i august.


Les også:
Fortener sin plass i teikneserie-Valhall

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *