
Norrøn historie har vel sjeldan vore kulare enn det Odin Helgheim har dratt opp av hatten med Ragnarok-serien.
Så er den her, «Valhall», avslutninga av Ragnarok-serien til Odin Helgheim. Ei bok som representerer mange ting på ein gong. Avslutninga av historia om vikingguten Ubbe, siste bind i ein populær serie som både har solgt godt og ligg høgt på utlånslistene i landets folkebibliotek, og ein av dei store seriane i Nordic Manga-segmentet.
Samtidig er det ein ny start. Første boka utgitt på TnT forlag (eit imprint under Bonnier Norsk Forlag) etter at Tonje Tornes og Tormod Løkling skifta forlag i september i fjor og skapte furore i teikneserie-Noreg.
Helgheim har Edelmot 3 på tapetet seinare i år og “minst tre tusen tohundre og femtiåtte nye tegneserier” innabords i følgje han sjølv, så vi får nok sjå meir frå han i tida som kjem.
“Valhall” plukkar opp der førre bind, “Loke” sluttar. I landsbyen er Fritha veldig sjuk etter å ha blitt bite Fenrisulven og Seid vakar over ho saman med familien. Sjølv om Seid kan sjå framtida, ser han ikkje anna enn flammar, når Fritha spør om Ubbe.

Vidar, frostjotnene og Ubbe marsjerer mot Åsgard for å konfrontere Loke, som – røpealarm for bind 5 -drepte Odin i førre bind. Ubbe vil befri Idunn og be ho helbrede broren Hod og dei andre som Fenrisulven skada. Det blir ein episk kamp mellom Ubbe og Loke, som no begge har gudekrefter.
«Valhall» avsluttar med eit kapittel og ein epilog. Eg fekk lyst å lese heile serien på nytt, for Helgheim har lagt inn mange frampeik og detaljar i dette bindet, til ekstra glede for lesaren som kan oppdage både nye ting og sjå tidlegare hendingar i nytt lys.
Det er slåande å samanlikne både strek, bakgrunnsdetaljar og fargebruken frå det første bindet i serien til no. Strekane er meir presise, teikningane skarpare. Fargebruken i siste bind er nydeleg. Mange små detaljar i bakgrunnen løftar den visuelle kvaliteten, og vi ser tydeleg ein teikneserieskapar som kosar seg veldig med desse.
Gjennomgåande i bindet er mange dobbeltsidige oppslag. Ein del av desse forsvarer absolutt sin plass og gir meir tyngde og er gode visuelle bidrag til historia, medan andre verkar lite inn på historia og kunne ha vore erstatta av fleire ruter og meir historieforteljing. Det blir ein litt enkel måte å «bruke opp» sider på.

Ubbes profil er tydlegare enn nokon gong, og han følest som ein ferdig utvaksen karakter. Helgheim sa under lanseringa av “Loke” i september, at han hadde blitt mest glad i å teikne Ubbe og at det var først på slutten at han følte meistring med å teikne karakteren.Loke har vore framstilt i mange ulike hammar gjennom serien, som ravn og Midgardsormen, her som Fenrisulven og ein tenåringsgut, med ein utsjånad som kunne vore lånt frå «Mia Myhr»-serien til Sara Hjardar. Serieskaparen brukar karakterar frå norrøn mytologi, men gjer materialet til sitt eige. Serieskaparen brukar skaparen karakterar frå norrøn mytologi, men gjer materialet til sitt eige.
Gjennom heile serien har det vore kapittelillustrasjonar, som avslører persongalleri og ofte delar av handlinga i kapitlet. Det krev sjølvsagt at ein tek seg bryet med å lære seg runer, så ein kan tyde det som står skreve. Eit ønskje frå denne anmeldaren er at runealfabetet frå første bind, også hadde vore med i alle binda. Det gir litt ekstra til dei nerdane som vil sjå etter skjulte “skattar” i bakgrunnen.
Ta deg bryet med å oversetje helsinga Odin Helgheim har lagt inn på «Valhalls» første sider, det er det vel verdt.

Ragnarok 6 – Valhall
Av Odin Helgheim
Etterord av forfattaren
140 kr.
339 kr.
TnT/Bonnier
Les også:
Viking med drivhus