«Katteguden Frøya» er eit bra utstillingsvindauge for Isabell Martinsens talent. Men kva elles skal vi med ein Ragnarok-spinoff om ein gud ikkje tidlegare sett i serien?
«Katteguden Frøya» er ikkje heilt som eg venta. For det første er det ein kortare publikasjon i album/bildebokformat. Vi har rett nok sett slike publikasjonar i NME-samanheng før, med Nordlys-juleheftet (seinare trykka i hardback) og Bjørnar-boka (nøyaktig samme formatet som denne). For det andre – og viktigare! – teiknar boka eit uventa og litt forvirrande bilde av Åsgard i Odin Helgheims Ragnarok-univers. Vi befinner oss i Åsgard 100 år før Ragnarok, blir vi som lesarar aller først fortalde. Og noko av det første eg merker meg er at Åsgard ikkje akkurat verkar som ein stad der gudar spaserer i gatene. Det liknar eit typisk vikingtid-sivilsamfunn av den typen som Ragnarok-serien har skildra før. Kva er det som føregår?
I denne forteljinga er ikkje Frøya ein gud (det vil seie, ho var ikkje det). Ho er ein ung vagabond som beskyttar kattar, og ho har inga myndigheit i Åsgard. Men ho har overnaturlege evner; ho kan snakke med kattane. Havguden Njård, som var far hennar i mytologien, er blitt til ein slags lokal overkonstabel med ein fiks ide om utrydde alle kattane i Åsgard, og dermed hennar erkefiende. Slik er konflikten, og vi blir kasta inn i den med ein gong.
Ein ting eg skulle likt å vite, er status for dei andre gudane, men historia er kort og kjapp. Vi har berre tid til møte den guden som fans av serien kjenner best frå før – Loke. Han spelar ei viktig birolle også her. Lokes medverknad til tross, eg er litt usikker på kva behov det var for denne historia. Anna enn å forklare bakgrunnen til ein antatt framtidig bifigur i Ragnarok-bøkene.
Bak på permen står det at dette er «den første boken i eventyret om katteguden Frøya». Så betyr det at Frøya, i motsetnad til Bjørnar, er meint å bli ein framhaldsserie, då? Kanskje for litt yngre barn, i så fall, for både dialog, konflikt og humor er forenkla i forhold til Ragnarok-bøkene. Dessutane gir jo formatet rom for større bilde. Og fleire kattar.
Odin Helgheim teiknar allereie to bøker i år, Edelmot og den fjerde bindet av Ragnarok, som kjem seinare i år. Teikningar og fargar i «Katteguden Frøya» er derfor overlata til Isabell Martinsen.
Isabell, som nok framleis er mest kjent for å illustrerer bøkene om Dyrehagedetektivene, har tidlegare bidratt med den teikna novella «Mor» til Overtrykk 2021. Eg mente den gongen at ho burde få nye teikneseriejobbar dersom ho kunne teikne fleire sider samanhengande av ein så jamn kvalitet. Det kan ho, ser vi nå i «Katteguden Frøya». Streken hennar er kanskje endå jamnare og meir profesjonelt utsjåande enn Odin Helgheims eigen. Til gjengjeld har Odins strek meir karakter. Dette betyr at Isabells versjon av Frøya er perfekt til seriens føremål; ho ser både tøff, kul og søt ut.. Njård derimot, med sitt karikerte og forstyrra fiskefjes, hadde passa mest naturleg inn i ei historie teikna av Odin sjølv.
Til sist (også i denne historia) er det kanskje alt som eigentleg tel – At Frøya er tøff og søt. Og at det er med masse kattar. For min del er alt som eigentleg tel, at boka fungerer som eit utstillingsvindauge for Isabell Martinsens talent
Og «Katteguden Frøya» er i alle fall lærerik. Nå har vi nemleg lært at Odin Helgheim tek seg større mytologiske fridomar i Ragnarok enn bøkene har tyda på så langt. Det kan få betyding for hovudseriens veg framover. Frøyas bakgrunnsforteljing er ikkje rare greiene, men det blir interessant å sjå kva rolle ho endar med å spele i den større soga.
Katteguden Frøya – En historie fra Ragnarok
Skrive av Odin Helgheim, teikna Isabell Martinsen
60 sider
229 kr. (vegl.)
Egmont