Mannen mot konspirasjonen

«The Urban Legend Sesong 4: Unbreakable» har store planar. Kanskje for store i forhold til gjennomføringa, men når vi er kome til slutten har eg lyst til å finne ut meir.

Malcolm Madiba, alias The Urban Legend (TUL) er godt synleg i seriemiljøet. Ikkje alltid som teikneserie (vanlegvis ikkje som teikneserie, faktisk), men som ein franchise. Å sjå på TUL, som ein teikneserie blir såleis ei tilvenningssak frå gong til gong. Eller nærmare bestemt frå sesong til sesong. Og det er fire og eit halvt år sidan den førre.

Men ambisjonsnivået er alltid der, og større enn nokon sinne. Det same er idealismen, som kanskje ein gong verka klisjéprega, men som i våre dagar er i ferd med å bli mangelvare. Få norske serieskaparar er like opptatt av bodskapen som TULs opphavsmann, Josef Yohannes.

Sesong fire følger same mønsteret som sesong tre – Ei bok på 250+ sider, med åtte episodar (mot ni i førre boka), pluss eit «nummer null» for å oppdaterer lesaren på kva som tidlegare har skjedd.

Sesong fire begynner der tre slapp, med at – nødvendig spoiler! – Ein illuminati, som veit alt om Malcolm Madiba, drøfter kva dei skal gjere med han. Det er ikkje eit dumt påskot for å oppsummere og levere eksposisjon, så bra start der.

Illuminatien heiter World Order, viser det seg, enkelt og greitt. Som antagonistisk organisasjon skil dei seg ikkje ut frå arketypane, og planen deira er då også heilt oppskriftsmessig; Dei vil øydelegge TULs rykte, og etter kvart få han anklaga for mord.

Handlinga går jamt og trutt framover mot det uunngåelege. Men midtvegs i boka, like før kulminasjonen, blir hovudhistoria avbrote for å gi plass til endå ein av desse «very special episodes» som TUL har gjort til eit av sine varemerke. Denne gonger er det ein episode om politivald og maktmisbruk, inspirert av historia om George Floyd. Litt preikete blir den, men episoden har ærleg tala meir substans enn resten av boka i snitt. Skilnaden ligg i Malcolms rival, Timebomb, ein typisk 90-talsstil-antihelt som vil ta den enklaste utvegen og drepe korrupte politimenn. Eg mora meg litt med å sjå for meg Malcolm som Daredevil, og Timebomb som Spawn. «Drep den kødden, så føler du deg betre» er ein ganske typisk Spawn-moral, men sjølvsagt ikkje den som Malcolm og Yohannes ønsker å fremje.

Eg trur likevel det hadde vore betre å plassere episoden i begynnelsen, for å isolere det frå resten. Handlinga i sesong 4 er tettare enn i dei føregåande; eit avbrot verkar meir unaturleg.

Tilbake til hovudhistoria er det ikkje alt ved konspirasjonen som fungerer like bra. Bi-karakterar kjem plutseleg og forsvinn like plutseleg, og resulterer i fleire spørsmål enn svar. Men ein fordel med å halde ein allmektig konspirasjon ansvarleg for alt, er at det blir lettare å forklare detaljar som elles ville verka som plotthol. Kvifor var det så lett å pumpe gangsteren Sugar Bear for informasjon? Han hadde instruks frå World Order om å gi seg lett. Kvifor tok ikkje politiet maska av TUL når dei arresterte han? World Order trakk i trådar fordi det har større effekt om han blir stilt for retten med maske og kostyme. At World Order ikkje ville orkestrert ein litt meir truverdig rettssak mot han enn det dei gjer her, er derimot mindre truverdig; ein kunne få inntrykk av at den berre varer i to minutt.

Men akkurat når historia er i ferd med å verkeleg eskalere, utan at eg er alt for engasjert av den grunn, skjer det noko meir interessant. Eg skal ikkje forklare kva det dreier seg om, for eg har vel kome med nok spoilerar allereie. La oss berre kalle det for ein frisk og annleis homage til seriens kampsportrøter. Derifrå går vi mot ein ei konfliktløysing som framleis verkar ei smule forhasta, men er eit fungerande utgangspunkt for å ro i land ein finale som går både i føreseielege og uføreseielege retningar.

Teikningane er igjen ved Steve Baker, som leverer det han skal. Streken hans har ein jamn kvalitet med eit visst særpreg. Konsis og kraftig, men i betimelege augneblink blir streken hans laus og flytande, og særleg scenar som fokuserer på action får ein slags surrealistisk kvalitet. Denne surrealismen kjem meir til sin rett i Baker sine eigne seriar, men Josef Yohannes nyter også godt av den.

TUL Sesong 3 hadde dei beste ideane. Sesong 4 har i hovudsak éin ide, og sjølv om den er tydeleg nok, snublar forteljinga litt både her og der undervegs. Litt tid tek det før eg blir engasjert, men når alt er sagt og gjort kjem historia i mål på ein tilfredsstillande måte. Og i det vi er kome til slutten har eg lyst til å finne ut meir. Det får ein kalle ei utvikling i rett retning.


The Urban Legend Sesong 4: Unbreakable
Skrive av Josef Yohannes, teikna av Steve Baker
244 sider
399 kr.
Keep On Walking (eigenpublikasjon)

Les også:
Hype til side

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *