
Ingen jul utan desse? Dette er norske seriar med lange, svært lange, tradisjonar. Mykje repriser, men også ein del nytt.
Smørbukk (Egmont/Norsk Barneblad)
36 sider
Kr. 57,90
Me byrjar med go’guten Smørbukk. Håkon Aasnes har teikna og fortalt sogene i joleheftet i 36 år (!!!) og held like sterkt fram enno. Han har i lengre tid modernisert karen, noko som kjem tydeleg fram når me ser siste avdelinga i heftet, eit opptrykk frå 1967 av Solveig Muren Sanden. Dette med å trykke opp eit 50 år gammalt hefte bakerst i årets nye er ein flott tradisjon, for desse gamle hefta er vanskeleg å finne i dag.
Men attende til Håkon si soge. Denne gong kjem Smørbukk ut for ei ellevill forvekslingsfarse, der han fyrst berre ska gå ei kjapt ærend for mor til butikken og kjøpe rosiner til jolebaksten. Der vert han forveksla med ein annan gut, og så er vi i gang. Ein laushund stel pølser, Smørbukk spring etter hunden, kaos på pizzabakeriet, ribbe vert kjøpt på billegsal og ein sovande bjørn vaknar. Ei fantasifull og frodig forteljing som viser at Håkon absolutt er på høgda framleis. Teikningane viser eit Vinter-Noreg på det beste, så her er det både bygdeliv og jolestemning i fullt monn.
Solveig sin Smørbukk i «den gamle» delen av heftet er eit flott bevis på moderniseringa som ho og Johannes Farestveit gjorde med figuren då ho tok over etter Jens R. Nilssen. Her har ho teikna i ca. 10 år, og «eig» figuren totalt. Serien er eit fotografisk opptrykk, ein faksimile, og er kanskje litt grell i fargane. Teksten (under rutene) er også liten og tett og lese for oss eldre. Men forteljinga, ein høgdramatisk vintertur med nyskapinga snøscooter er rett og slett ein glott teikneserie. Eit godt og solid hefte, ein norsk klassikar leverer varene i år også.
(Arild Wærness)
Tuss og Troll (Egmont/Norsk Barneblad)
36 sider
Kr. 57,90
Me får servert 3 småsoger i den nye delen, to av Håkon Aasnes og ei av dei meir ukjende eldre karane Ytreland og Heinum. Håkon sine er nok av ein heilt annan kvalitet, for forteljinga frå «nykommarane» er både svakt fortald og teikna. Merkeleg val, for dette kunne mange norske serieskaparar gjort så mykje betre. Dette er både stivt og klønete, ei merkeleg oppleving. Så langt frå arva etter Jens R, Solveig og Håkon som det er mogeleg å komme.
Håkon sine to «eventyr» er som vanleg skrivne av Gard Espeland. Den fyrste er ein liten stilstudie frå norsk 1800-tals småbruksliv vinterstid, med ungdommeleg kjærleik som bonus til slutt. Den andre soga; «Huldrebrudlaupet» er lenger og er ein riktig nifs sak, som viser kor farlege dei «underjordiske» kunne oppfattast på denne tida (nok ei gong eit uspesifisert 1800-tal), der trua på nissar, hulder, troll og vetter var ein vesentleg del av norsk folkeliv. Men ungdommeleg kjærleik sigrar nok ein gong, og tussane må rømme attende til haugane sine.
Opptrykket bakerst, frå 1967, er ei fantastisk reise i Solveig Muren Sandens eventyrverd. Johannes Farestveit har skrive to tilretteleggingar av norske eventyr, rettare sagt sin eigen vri på gamle folke-eventyr. Det er jo slik at det einaste du treng er ei fin jente/prinsesse, ein gretten storbonde/konge, ein frisk og kjekk gut/Askeladd, nokre gode hjelparar og magiske artiklar – så kan du snekre saman ein frisk vri på gamle eventyr.
Det har dei gjort her, og dei to 8-siders eventyra er norsk folkeliv og -kultur på det aller beste. Eg brukte å lese frå desse Solveig-hefta til mine born når dei var små, og dei elska alle dei gode, tradisjonelle ingrediensane. Dei er også på plass her, så ta heftet fatt og les! Heftet kan brukast heile året, og så er det berre å grave fram dei gamle og starte på nytt. Og no, når norsk film har fått sine nye, data-animerte Askeladdar og troll er desse fine hefta eit kjærkommen variant til dei superkule og tekniske filmane.
(Arild Wærness)
Vangsgutane (Fonna)
36 sider
60 kr.
Manusforfattar Nils Nordberg sin bakgrunn frå krimlitteraturen skin gjennom i årets Vangsgutane, som fokuserer mykje på eit klassisk guttebok-kriminalmysterium der vi følgjer Kåre, Steinar og kompani på ein dramatisk Oslotur. Nordberg har til og med gitt ei viktig birolle til ein karakter som tydeleg er Knut Gribb, men som berre blir omtala som «Oslo-detektiven» (kva, var det så vanskeleg å få rettane til å bruke namnet?)
Eg er ikkje særskilt nostalgisk for Vangsgutane, dei var ikkje ei viktig del av min barndoms julehefter, men gjenopptrykket i årets hefte har likevel noko som den nye serien manglar. Litt meir karakter (Larris er redusert til bere ein klønete «comic relief» i den nye serien, i de gamle avsnitta har han meir av ein eigen personlegdom), og meir djupn og spenst i teikningane til Jens R. Nilssen. Då gjer det ikkje så mykje at situasjonane er meir kvardagslege. Teikningane til Ivar Andreassen er kompetente, men flate, stive og stundom litt pussige I ei litt rute av Andreassen har Larris plumpa ut i vatnet, og når han kjem seg opp igjen, ser «vatnet» han er dekka av ut som maling.
Så sjølv om eg generelt vil oppmuntre til ansiktsløftingar av veldig gamle, norske teikneseriar, er klassisk Vangsgutane best i år.
(Trond Sätre)
Ingeniør Knut Berg (Fonna)
40 sider
60 kr.
Årets Knut berg-julehefte begynner midt i ein historie og slutter midt i ein annan. Det er problemet med å setje samen eit julehefte av ein spenningsserie som gjekk året rundt i eit vekeblad. Men det seier også litt om kor tettpakka denne serien var. Så mykje handling og spenning finn ein ikkje i dei nylaga julehefta – ikkje ein gong i årets Vangsgutane, sjølv om Nordberg altså gjer sitt beste.
Årets hefte er eit opptrykk frå 1947. Knut Berg og Aima er framleis på jorda, men kjem bort frå kvarandre under dramatiske omstende i Sydhavet. Dei ender begge i Australia, der dei møter både aboriginarar, diamantskjerparar, gullgravar og sjølvsagt Dr. Panga – nokre venner, men dei fleste skurkar. Både teikningane, verdssynet og det høgnynorske språket er ganske arkaisk, men det er noko av sjarmen. Dette er klassisk spenning frå ei meir uskuldig tid. Og sjølv om eg har avgrensa kjennskap til serien frå før, fant eg det lett å komme inn i handlinga.
Knut Westad, som i ein periode jobba på den moderniserte Knut Berg saman med Bing og Bringsværd, døydde tidlegare i år. Årets hefte inkluderer difor ein liten hyllest til han.
Jens von Bustenskjold (Bladkompaniet)
34 sider
Kr. 59,90
Årets mest tradisjonsrike julehefte, kallar redaktør Dag Lønsjø dette heftet for i forordet. Vel, tradisjonsrikt kan bety så mykje, men for ordens skuld: Jens von Bustenskjold blei julehefte først på 70-tallet (og først i 1986 begynte ein å merke hefta med «Julen»). Tradisjonsrik kan sjølve teikneserien godt kallast (meir så enn dens julehefte), men den er for lengst blitt ein antikvarisk kuriositet, og ikkje ein særleg interessant ein, heller.
Jens von Bustenskjold er utvilsamt særs gamaldags i form, men seriens verkeleg problem er at den truleg er norgeshistorias minst visuelle teikneserie. Teikningane til Anders Bjørgaard er alt for nøkterne, og det er sjeldan at dei tilfører historiene eller karakterar noko anna enn det som teksten gir fullt belegg for, og knapt nok det. Litt utvikling er det likevel å spore. Som vanleg består heftet av to teikna forteljingar og ei (rett nok sporadisk illustrert) novelle. Alle handlar i år om jakta på kjærleiken, som menn i Oladalen trur mykje om, men veit svært lite om, med resultat som blir deretter. I «Mjølkelaus», der dei romantiske krumspringa begynner med noko så banalt som at Plassbakk-Kallen vil kjøpe eit spann med mjølk, er Bjørgaard sin strek einspora og rutene små. I «Drømmen» er rutene større og streken er fyldigare og meir livat.
(Trond Sätre)
Nr. 91 Stomperud (Egmont)
36 sider
Kr. 59,90
Me avslutter denne stunda med nyaste Nr. 91 Stomperud, nok ein gong frå multiforfattaren Håkon Aasnes. Han har hatt ansvaret for klassikaren i berre 12 år no, men det er vanskeleg å sjå kven som skulle kunne ta over når Aasnes gjer seg. Han har gjort dette heftet så absolutt til SITT, og forteljingar, humor og strek er tydeleg Aasnesk heile vegen.
Årets hefte er merka med «80 års jubileum», men ellers er alt ved det vanlege. Utruleg nok maktar Aasnes å gje stadig nytt liv til ein eldgammal seriefigur. I tillegg er teamet så ut-på-dato som mogeleg i Noreg – livet på moen. No er det vel strengt teke berre folk over 50 som har opplevd dette i større món, likevel fengjer heftet og figuren nesten like mykje som tidlegare, då «alle» unge menn måtte ta fyrstegongstenesta.
Årets hefte føyer seg flott inn i Håkons rekke av gode «91’arar». Det består av smålange sekvensar over 3-4 sider kvar , altså ikkje ei side med vits og sluttpoeng. Skumle spionar forvekslar posen med kart og foto med ein bag full av drittbleier, obersten viser nok ein gong oppfinnartalentet sitt, arge bier stik i alle kantar (men ikkje verken 87 eller 91), mor til 87 kjem røykande i miniskjørt på leirbesøk og lagar forvekslingsdrama – og sistesidene får ein uventa vri med besøk av eit vaskeekte norsk rockeband i løa på Sørum.
Triveleg hefte, og 91 og laget hans er framleis i gode hender hjå Håkon Aasnes.
(Arild Wærness)
I FAMILIEN nr. 24-2017 (ute i butikken nå!) får leserne presentert en tre siders artikkel om De gode gamle JULEHEFTENE.
En pent knippe fargerike og minneverdige omslag med bl.a. Smørbukk, Fiinbeck og Fia, Haukepatruljen, Tarzan og Peik er gjengitt i sine fulle fargers prakt, disse alene er verd bladet.
Selve artikkelen fokuser nesten utelukkende på de klassiske juleheftene, og det er greit nok, men ellers dukker det opp en del merkelige årstall og utsagn.
Hva mener julehefteekspertisen f.eks. om denne påstanden:
«Juleheftene i tegneserieform var og er myntet på barn og ungdom. De skiller seg fra de litterære juleheftene…som passer best for voksne.»
Javel, hva da med Jens von Bustenskjold, Ernie, Kollektivet, Kapteinens jul, Wumo, Vangsgutane, Fiinbeck og Fia, Flåklypa, Nemi, Lunch, Pondus, Rutetid, Snøfte Smith, Nr. 91 Stomperud, Tuss og Troll osv.
Alle disse titlene er myntet på barn…?!
Det er ergerlig, men ikkje uventa at vekebladet Familien framleis tenker på teikeseriar som først og fremst for barn. Eg trudde det var slik at alle aldersgrupper tradisjonelt las julehefter, også dei med teikneseriar i.