Innad i Sattouf-familien blir motsetningane skjerpa i tredje bind av Fremtidens Araber.
Som ein Netflix-serie der vi får ein heil sesong på ein gong i staden for ein og ein episode, følgjer vi spent med på kvart nye, årvisse bind av Riad Sattoufs barndomsmemoarar frå Midtausten. Bind 3 strekker seg frå 1985 til 1987, og familien bur framleis Al-Assads Syria (med ein obligatorisk tur innom Frankrike). Men stemninga begynner å bli amper. Mora til Riad spør oftare rett ut kvifor dei ikkje kan flytte til Frankrike (heimlandet hennar), eller i det minste til ein storby. Faren på si side held fram med å forsikre henne om at han har ein kremjobb på eit større universitet innan rekkevidde. Berre vent ei lita stund til…
I utforming og forteljarmåte har ikkje «Fremtidens Araber» endra seg så mykje på tre bind. Sattouf sin strek er velutvikla og rein, og den episodiske forteljarmåten måler gradvis over mange bind eit underhaldande bilde av det moderne Midtausten si historie i all si kompleksitet og tragikomedie. Sentralt står det ambivalente forholdet mellom Riad og faren.
Skal eg likevel prøve å finne eit tema for denne boka, blir det særleg kultur og religion. Til samanlikning fokuserte førre bindet meir på Riads skulegong og det syriske samfunnet generelt. Som sagt begynner mora å bli lei av livet i den syriske provinsen, og får støtte frå enkelte av faren sine slektningar. Faren på si side slit mellom respekten for tradisjonar på den eine sida og ønsket om å vere moderne og sekulær på den andre.
Dette er et tilbakevendande tema i serien som eit heile, men gir seg her særleg religionsarta utslag. Viss det å vere kulturkristen betyr å vise respekt og ærbødigheit for kristne tradisjonar utan at ein nødvendigvis er særskilt truande sjølv, kan faren kallast ein kulturmuslim. Det resulterer i nokre kleine episodar mellom han og Riad si farmor, som openbart ikkje er nøgd med at sonen berre respekterer islam utan å tru. Riad har et liknande problem; han trur meir på Julenissen enn på Gud/Allah; likavel vil han gjerne følgje islamske skikkar for å passe inn i sitt nåverande heimland.
Sjølv Riad sin franske familie på morssida, som kallar seg ikkje-religiøse og verkar tilfredse med det, er ikkje upåverka av religion. Tilnærminga til religion gir seg særs ulike og i nokre tilfelle dramatiske utslag i løpet av boka. For den unge Riad er det særleg ein episode som blir skjelsettande, ein kan godt kalle det eit klimaks for boka som eit heile; du veit kva eg snakkar om når du ser det.
Forteljarstilen i tredje bind er elles prega av at Riad på dette tidspunktet i historia er gamal nok til å ha ganske klåre minne om det han fortel. Dette fører mellom anna til at han fokuserer meir på visse detaljer. T.d. bruker han fem sider på å gjengi handlinga i Conan Barbaren-filmen frå 1982, fordi denne openbert gjorde sterkt inntrykk på den unge Riad. I alle fall dukkar den opp som eit referansepunkt fleire gonger seinare i boka.
På fleire måtar kjennest bind III som ein meir komplett historie, ettersom den dreier seg mykje rundt tre viktige hendingar i Sattouf-familen. Ikkje berre det, men det ender med ein cliffhanger – eg kan berre førestille meg at den vaksne serieskaparen Riad hadde venta lenge på eit høve til å bruke denne. Og det er snakk om ein cliffhanger som det på eit litt snedig vis blei peika fram mot tidlegare i historia; eg skal ikkje røpe meir.
Meir i detalj bør eg vel ikkje gå på noko, for boka er full av mindre og større overraskingar. I endå større grad enn dei føregåande binda er det vanskeleg å legge frå seg denne, eller å halde seg likegyldig til det som skjer.
Fremtidens Araber – Barndom i Midtøsten (Del III: 1985-1987)
Av Riad Sattouf
ISBN 978-82-92796-50-4
150 sider
269 kr.
Minuskel
Les også omtalane av dei føregåande binda:
1978-1984
Del II: 1984-1985
1 tanke om “Kulturmuslimsk fase”