For Cathrine Sandmæl er «Jenter – Bare oss to», etter eige utsegn, verkeleg den vanskelege andreboka. Sjølv om sluttresultatet tyder på at ho vil resonnere med publikum nok ein gong.
«Jenter» i 2024 var eit gjennombrot for Cathrine Sandmæl, som tidlegare var mest kjent for å illustrere barnebøker. Hennar først bok som auteur resonnerte både med unge jenter (sjølv om miljøet ho skildra tok utgangspunkt i tidsepoken frå hennar eigen oppvekst) og med skeive. Hovudpersonen Elis oppvakning som skeiv sto sentralt i boka, som vann Dina Norlunds debutantpris og kultur- og likestillingsdepartementets teikneseriepris.
Men Eli fekk ikkje jenta. Får ho det denne gongen? Det kan eg ikkje røpe. Men handlinga dreier seg rundt henne og Camilla. Sistnemnte hadde ein birolle i førre boka; då fekk vi vite at ho er ei handballjente og ein skap-animernerd. Nå er ho ute av skapet (i alle fall i den sistnemnte tydinga av ordet), og det felles fandom-tilhøyret fører henne og Eli næmare saman.
Cathrine Sandmæls har altså skjønt noko vesentleg om å fortelje med teikneseriemediet (eller eitkvart seriebasert medium). Ho spelar vidare på dei eigenskapane ho har alt har gitt Camilla i standen for å finne på heilt nye eigenskapar, eller nye karakterar, etter forgodtbefinnande. Det som gjer omtanken for kontinuiteten spesielt interessant i tilfellet «Jenter», er at medan første boka var inspirert av verkelege hendingar, er bok nummer to fri dikting.
Camilla er ikkje ein del av Elis indre krins, men dei to blir gode vener når dei tek borgarleg konfirmasjonsførebuing saman. For Camilla er det dessutan ein lettelse å komme litt vekk frå presset som bestevenninna Cecilie legger på henne om å få ein bestemt gut til kjærast, så dei kan «dobbeldeite» med Cecile og kjærasten hennar. Men det er kanskje ikkje ein gut Camilla helst vil ha. Kjenslene hennar er mange, urolege og forvirrande
Og visualiseringa av kjensler står sentralt i «Bare oss to». Den billedelege metaforen med vatn er eit gjennomgåande tema i historia, enten Camilla synker ned i vatn, flyter på opent hav (med eit diskret skjær i sjøen), eller er truga av bølger. Serieskaparen bruker denne parabelen mykje, og så metodisk og den sit ganske rask. Eigentleg hadde den nok verka meir påfallande og tilgjort om den blei brukt sparsamt. Slik den er porsjonert ut. blir den ein naturleg del av historia, og eit veldig effektivt leiemotiv.
Billedelege metaforar er ein viktig del av det narrative uttrykket i Cathrine Sandmæls teikneseriar, og i «Bare oss to», har ho fleire enn berre vatn.. Resultatet kan variere, men dei fleste er vellukka. Fleire stader svever hovudpersonane på lyseraude skyer, og innleiingsvis førestiller Camilla seg som ein anime-heltinne. Førstnemnte passar perfekt som ein kontrast til synke-metaforen, og dessutan er fargemotivet også reflektert på forsida, Sistnemnte fungerer fordi det er ein draum, og fordi anime/manga er eit tema i forteljinga. Men synke og sveve er dei to visuelle grunnmetaforane som bærer boka.
Grafisk har Cathrine elles lagt seg på ein umedelbart appellerande stil, behageleg mjuk og rund og både i strek og fargar. Den uttrykker tryggleik uansett situasjon. Noko som sjølvsagt ikkje betyr at forteljinga berre er kos, men sjølv dei dramatiske scenane har noko trøysterikt ved seg, både i strek, fargar og ord.
Ein oppfølgjar er aldri overflødig viss det finst ein god historie og Cathrine Sandmæl har ein god historie her, med naturlege linjer frå første til andre boka. Ein merkar likevel at «Bare oss to» er ein enklare historie enn «Jenter», I alle fall delvis, får ein tru, fordi den ikkje er bunden av dei før nemnte verkelege hendingane som inspirerte første boka og som kanskje tvang fram noko meir kompleksitet den gong. Karakterane rundt dei to hovudpersonane i støre grad er typar, vanlegvis berre med eitt mål og ei sinnsstemning, sjølv om motiva deira kan vere truverdige. Camilla og Eli har til gjengjeld karakter og refleksjon nok til å bære forteljinga. Tittelen «Bare oss to» er meiningsfylt på meir enn ein måte
For Cathrine Sandmæl er «Jenter – Bare oss to», etter eige utsegn, verkeleg den vanskelege andreboka, men sluttresultatet tyder på at publikasjonen kjem til å bli ein suksess, både kommersielt og emosjonelt. Sjølv om kreative grafiske løysingar er framleis Cathrine Sandmæls store forse, begynner ho å få eit visst grep på dialog og situasjonar, og til slutt er «Bare oss to» blitt eit heilskapleg drama. Kvardagsleg, eigentleg, men mykje av appellen ligg nettopp i det.
Jenter – Bare oss to
Av Cathrine Sandmæl
Etterord av forfattaren
138 sider
339 kr.
TNT/Bonnier












