Julehefter 2022 – Barn og familie

I år blir det dobbel dose Asterix for den som kunne tenke seg noko slikt til jul, og trippel dose med ein velkjent kaptein, på ein måte.


Julens Store Asterix 2022
Skrive av René Goscinny og teikna av Albert Uderzo
96 sider/129 kr./Egmont

Det var så seint som i 2020 at Egmont endeleg fann den perfekte ordninga for Asterix julehefte. – Nytt album frå Ferri og Conrad anna kvart år, og innimellom eit opptrykk av to heile, klassiske album. I år er det «Tvekampen» og «Asterix og vikingene», og det er dei nyrestaurerte utgåvene med klårare fargar og småfeil retta opp. Det slår aldri feil med Asterix-albuma frå midten av 60-talet til midten av 70-talet. Så viss du ikkje har desse ennå, eller berre fillete gamle eksemplar på loftet, er dette heftet uunnverleg lesing til jul, og elles i året!

6


Idefix og de ukuelige – Romerne er gærne
Skrive av diverse, teikna av Phillippe Fenech og Jean Bastide
50 sider/129 kr./Egmont

Men vent! Er det eit nytt Asterix-album i år likavel? På ein måte. Dette albumet inneheld teikneserieversjonen av tre avsnitt frå animasjonsserien «Idefix og de ukuelige». Denne serien (som du kan sjå på NRK nett-tv) følger Idefix og ymse dyrevenner sin kamp mot den romerske okkupasjonsmakta i Lutetia. TV-serien er nok meint for yngre sjåarar enn den gjennomsnittlege Asterix-lesar, og bærer derfor preg av enkle historier med mykje gjentakingar, og mykje roping og løping. Men teikningane av dei to Uderzo-imitatorane Fenech og Bastide er fine, og svorne Asterix-fans kan glede seg over gjensynet med nokre kjenningar.

Persongalleriet er dessutan litt sjarmerande, med litt variasjon over dei gamle funny animal-tropene. T.d. er det ikkje berre kattane som er jenter; den erketypiske dumme hunden i gjengen er ei storvakse tispe.

4


Olsenbanden – Jul for alle penga
Av Claus Juul
26 sider/79 kr./Egmont

Eg har mistanke om at «Claus Juul» er eit psevdonym, men vil ikkje spekulere på kven som står bak det, eller kvifor hen bruker eit slik. Dette er altså ein spinoff-teikneserie om nye Olsenbanden, slik ein tidlegare har laga julehefte om juniorbanden på 00-talet, og album med originalbanden på 80-talet. Og intrigen i denne historia kunne blitt ein brukbar Olsenbanden-historie, men fargar og strek gjer juleheftet nærmast uleseleg. Denne er det best berre å gløyme.

2


Tom & Jerry – Spinnvill jul!
Av Oscar Martin
36 sider/79 kr./Egmont

Ganske mykje forskjellig frå ein serie med eit normalt så snevert univers her. Frå ein truleg litt eldre historie (ein ser det på den svært forskjellige teiknestilen) i klassisk Tom & Jerry slapstick-stil, via ein lett underfundig snømanngrøssar, til ein lang, men billig preikete juleforteljing. Grei for minstemann å slå i hel ein halvtime med på julaftan, men ikkje blant Oscar Martins beste.

3


Detektivbyrå Nr. 2 – Julemysteriene     
Skrive av Jørn Lier Horst, teikna av Hans Jørgen Sandnes m/ Sandnes Media AS
60 sider/129 kr./Egmont

Detektivbyrå Nr. 2-julehefter har eksistert i nokre år nå, men dette er første gongen eg tel dei blant teikneseriane, fordi ei serie med krimgåter i teikneserieform går som ein raud tråd gjennom heftet. Og det er noko nesten poetisk tragikomisk ved desse teikneserieavsnitta. Dei fortel den samanhengande historia om ein bestefar som trudde han dreiv ein hyggeleg hobbyklubb med gode venner, berre for å oppdage at medlemmene, ein etter ein, viser seg å vere vandalar og smålege tjuvar, heile gjengen. Mest som Agatha Christies «And then there were none» med gjerningspersonar i staden for offer.

Elles er det sjølvsagt rikhaldig med pusleoppgåver, mykje valuta for pengane her.

4


Flåklypa (Aukrusts Jul) – Julen 2022
Skrive av Haakon W. Isachsen, teikna av Svein Samuelsen og Olav Åsland
36 sider/79 kr./Egmont

Status for vidare produskjoen av Flåklypa julehefte er framleis uklar etter at Haakon W. Isachsen takka for seg, så i år blir det reprise frå 2011. Flåklypa er som regel alltid i toppsjiktet blant julehefta, sjølv om 2011 ikkje er den aller beste årgangen. Delvis skuldast dette omstende som ikkje var heilt under Egmonts kontroll; Dette var året då Svein Samuelsen døydde brått, og Olav Åsland måtte hankast inn for å tusje det nye heftet ferdig, så ein merkar at streken er ujamn. Delvis skuldast det at historia først får opp dampen i andre halvdelen, og då kjem alt på ein gong.

Men fantasirikdommen er stor, og i beste Alan Moore/Peter David-stil er skurken i historia, Kaptein Jammer, ein lett modernisert Kaptein Vom, og hjelparane hans liknar like eins på Knoll, Tott og Megler Smekk. I Knoll og Totts jubileumsår er dette ein passande homage å trekke fram igjen.

5  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *