Litt tettare på manga

Eg ville alltid bli serieteiknar, men det verka først like uoppnåeleg som å bli astronaut, fortel Kim W. Andersson. Han var ein av serieskaparane ei lita, men god gjesteliste på årets I-CAN i Haugesund. 

International Comics and Animation Festival of Norway (I-CAN) blei arrangert for fjerde gongen denne helga, og for tredje gongen på hovudbiblioteket i Haugesund (første gongen Skudeneshavn i 2019, avlyst i 2020). Svenske Kim W. Andersson, som opna arrangementet laurdag føremiddag, var eit originalt val, moglegvis invitert med halloween i tankane, ettersom grøss har følgd han gjennom mykje av teiknekarrieren.

Kim veks opp med prangande 90-talssuperheltar, og følte først at det å skulle bli serieteiknar var like uoppnåeleg som å skulle bli astronaut eller hoppstjerne.  Han endra meining først då han oppdaga nord-amerikanske indie-seriar, og såg at du ikkje nødvendigvis trong å vere teknisk perfekt teiknar for å slå gjennom.  Gjennombrotet kom då han tilbaud ei romantisk skrekkhistorie til Lise Myhre i København. Myhre spurde han om han hadde fleire som ho kunne trykke i bladet Nemi, og han svara ja. Men det hadde han ikkje, og han blei nøydd til å produsere fleire romantiske skrekkseriar raskt. Desse blei kjent som «Love Hurts», og er seinare samla både på svensk og engelsk.

Kim W. Andersson med Frode Haaland

I Norge er Kim elles best kjent for teikneserieversjonen av Zombielars, som blei avslutta med fjerde boka, før han hadde dekka heile tv-serien. Pandemien fekk skulda for at han ikkje kunne fullføre. Under samtalen på biblioteket kom ein også inn på teikneserieromanane Alena og Astrid: Cult of the Volcanic Moon, redaktørjobben i bladet PORTAL, og Fantomet. Av desse er det berre Fantomet (ein serie han ikkje veks opp med) han framleis jobbar på, og det gir han kred hos eldre serielesarar. Framover satsar han imidlertid meir på barn. Han jobbar med ein spin-off basert på Håndbok for Superhelter, ein serie som har vore ein suksess både i Sverige og Norge. Så då er det kanskje ein moglegheit for at vi får sjå Kim W. Andersson i norsk språkdrakt igjen. Han jobbar også på ein kommande barneserie saman med forfattaren Måns Nilsson, der premissen er at alle kattar er romvesen. 

Inko Ai Takita med Frode Haaland

Inko Ai Takita er nok mindre kjent i Norge, men som ein japansk mangateiknar (busett i Storbritannia) kjem ho med ei kjensle av autensitet til eit mangainteressert, ungt publikum. Særleg sidan ho også hadde workshop for barn og ungdom i samband med festivalen, kom dette godt med. Ho har gjort mykje forskjellig, mellom anna Manga Yokai Stories: Ghostly Tales from Japan (etter eige utsegn elskar ho grøssarar og folklore), Tam O’Shanter (tilrettelagt av Richmond Clemens etter Robert Burns’ dikt), Learn Clip Studio Paint:  A beginner’s guide to creating compelling comics and manga art og Extreme Stickering Manga. Men det ho verkar aller mest stolt av , og som ho etter eige ønske snakka mest om på I-CAN, er teikneserieromanen Lady Murasaki – Tale of Genji, basert på eit japansk litterært verk frå 1100-talet, og kanskje verdas første reelle roman. Særleg estetikken ser ut til å tiltala henne. Romanen fortel om kjærleik og intriger rundt prins Hikaru Genji ved keisarens hoff under Heian, og Inko sin versjon er tilrettelagt av Sean Michael Wilson. 

Livedraw på I-CAN, f.v. med Frode Haaland, Linn Isabel Eielsen, Inko Ai Takita og Kim W. Andersson.

Som i dei to føregåande åra hadde I-CAN eit kompakt hovduprogram. Linn Isabel Eielsen, som var på veg mot eit gjennombrot då ho var gjest på første I-CAN, var ikkje sett opp med eigen samtale, men ho hadde ein workshop samstundes med Inko Ai Takita, og begge to var fullbooka. Før workshop deltok også begge i ein livedraw tidleg på ettermiddagen, sjølv om tekniske vansker førte til at berre Linn Isabel fekk teikne på storskjerm. Stremninga var likevel høg, ikkje minst ettersom publikumstalet hadde auka sidan starten på arrangementet, og særleg workshopdeltakarane hadde begynt å komme til.



Alle fotografier av Trond Sätre

Les også:
Ny festival opp av startgropa (2019)
Solid lokal forankring (2021)
Då Thierry oppdaga Haugesund (2022)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *