Solid lokal forankring

I år gjer festivalen I-CAN seg meir uavhengig, og etablerer seg i ein ny by, hjulpe fram av lokalfødte «kjendisgjester».

I-CANInternational Comics and Animation festival of Norway – oppsto i 2019 som ein del av den breiare festivalen SILKSkudeneshavn Internasjonale Litteratur-og Kulturfestival. Frå i år er førstnemnte festivalen flytta til Haugesund, og lagt til veka før SILK. Festivalen har vidare utvida aktivitetsnivået, og opererer med workshops heile veka; animasjonsworkshops ved Audun Nedrelid og teikneworkshops ved den britiske serieskaparen Ramzee (Ramsey Hassan) frå The Phoenix, dei fleste på Haugesund Vgs., pluss eigne Halloween-workshops den 31. oktober.

Men framleis har I-CAN også eit typisk teikneseriefestivalprogram med samtalar og stunt-teikning. Dette var avgrensa til seint ettermiddag/tidleg kveld på Haugesund folkebibliotek laurdag den 30. oktober.

Gjestelista besto av den før nemnte Ramzee, pluss dei bokaktuelle Steffen Kverneland og Linn Isabel Eielsen, begge oppvekse i Haugesund, pluss Storefri-teiknar Marius Henriksen, som møtte i staden for den tidlegare oppsatte gjesten, Nora Dåsnes.

Steffen Kverneland (forsidebilde) var eit ganske sjølvsagt høgdepunkt. Han var også den einaste gjesten som hadde sitt eige innslag. Den nye boka hans «Brillegeit» (oppkalla etter ein Haugesundsvariant av den velkjende «brilleslange»-fornærminga) sto i fokus, og då særleg bokas lokale forankring. «Brillegeit» er den tredje boka Steffen har skrive og teikna om sitt eige liv, etter «Slyngel» (2002, utvida «remaster» i 2019) og «En frivillig død» (2018). – Det blir mykje rikare og meir nyansert når du fortel frå ditt eige liv, meiner han. Når ein berre diktar opp, ender det nemleg med at ein låner mykje, kanskje for mykje, frå andre ting ein har lest.   

Ettermiddagens første panel, beståande av Ramzee, Marius Henriksen og Linn Isabel Eielsen, blanda spontane teikneutfordringar (framført på brett av alle tre deltakarar) med faglege samtalar. 

Steffen var også gjest på tredje innslaget, i ein ledig paneldebatt saman med Linn Isabel og Marius. Her kom veteranen inn på at det neste bokprosjektet hans kjem til å vere veldig ulikt dei tidlegare bøkene, i alle fall i komposisjon og format, utan at han førebels ville røpe tittelen eller noko om sjølve handlinga. 

Men panelets hovudtema var framtida for teikneseriar. Både Steffen og Linn Isabel peika på innkjøpsordninga, som etter deira mening må auke for at standarden skal oppretthaldast. Teikneseriar, som det meste av samtidslitteratur, er avhengig av stønad i Norge. Om formatet meiner Marius at det fysiske handverket vil overleve, og kan få ei oppreising igjen, mens Steffen trur det fysiske formatet vil bli meir av ei nisje, men ikkje eit format i stor skala i forhold til det digitale. Linn Isabel vurderte heilt avslutningsvis moglegheiter for å kople e-bøker til musikk, og i framtida gjere teikneseriar endå meir transmedielt, og inkludere fleire media.


Les også:
Reportasje frå I-CAN 2019

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *