Då Thierry oppdaga Haugesund

Berre to namn på blokka, men det var nok til å sørge for ein viss variasjon på årets I-CAN (International Comics and Animation Festival of Norway).

I-CAN har denne helga blitt arrangert for fjerde gongen, og for andre gongen på hovudbiblioteket i Haugesund. Gjestelista er i år avgrensa til to serieskaparar – Thierry Capezzone og Helen Kaldheim. Begge er involvert i lokale skuleprosjekter i løpet av helga, og hadde i tillegg sceneopptredenar i går.

Thierry lot seg etter eigne utsegn fortrylle av Haugesund, ein by han aldri hadde besøkt før, sjølv om han har vore på vestlandet mange gonger (mest i samband med Raptus). Han har imidlertid vore invitert til Vardø, av ein kroeigar som var så smigra over at staden hans blei vist fram i eit Flåklypa-julehefte, men reiste ikkje.

Juleevangeliet til trøyst
På I-CAN denne tidlege laurdags ettermiddagen fortalde Thierry først om arbeidet sitt på Rasmus Klump og H.C. Andersen Junior; sistnemnde serie er nyleg antatt av ein amerikansk utgjevar, over ti år etter at siste bindet blei utgjeve.

Men sjølvsagt var det Flåklypa som var hovudoppslaget. Thierry tok over julehefta i 2015, men innrømmer at han ikkje studerte Kjell Aukrust for alvor før i samband med 2016-heftet. Flåklypa kjem ikkje med nytt julehefte i år (berre ein reprise, og den er ikkje teikna av han, red. anm.), fordi Egmont framleis ikkje har kunngjort ein ny manusforfattar som skal overta etter Haakon W. Isachsen. I mellomtida ga forlaget han i oppgåve å illustrere juleevangeliet for eit nytt julehefte som kjem neste veke.

Starta med striper
Den lokale forankringa er noko meir avgrensa i år. Helen Kaldheim er vakse opp i Odda, og starta vidareutdanninga si på mediakommunikasjonslinja i Etne, der ho også fekk seld sin første teikneserie, «Kåre» til lokalavisa Grannar. Rett nok som eit skuleprosjekt, men ho fekk då betalt. Ho skaffa seg ein viss kredibilitet med nettserien «Mythical Idiots», som ho skreiv og teikna under namnet Helipeach. Serien har visse utvendig likskaper med «Mørkalven«, den serien som ho skulle komme til å slå gjennom med så seint som i år. Men «Mythical Idiots» var lagt opp som ei humorstripe (akkurat som «Kåre») – Eg trudde ein måtte gjennom humorstriper for å slå gjennom i Norge, forklarte ho på scenen i Haugesund, og la til at slike striper er ein genial måte å øve seg på.

Helen er ein av tre tidlegare Bjerkely-studentar som har debutert med eiga bok på «Nordisk Manga»-labelen i år. Dei andre er Victor Nordahl og Helens eigen tidlegare miljøarbeidar Emily Sørensen.

Men ho var først nervøs for å lansere ein teikneserie som så tydeleg var definert som manga. Ho var klar over at den norske Manga-boomen på 00-talet endte med ein bråstopp (for teoriar om kva som kvalte den norske manga-boomen, sjå her , red. anm.), og forlaget gjorde det ikkje lettare for henne ved visstnok å uttrykke tvil om suksesspotensialet til ein ny mangatittel. Det endte med at første opplaget av «Mørkalven» selde ut på under to veker. Serieskaparen trur ho var heldig med timinga. Personalet på Haugesund Bibliotek kan stadfeste at interessen for å låne manga er stor, og dei har ein eigen liten seksjon for slike teikneseriar. I løpet av året har ho vore i kontakt med tre ulike japanske anime-studio om ein adapsjon av «Mørkalven».

Serien er planlagt å gå over fire bind, eit for kvart symbol i kortstokken. Første boka var ferdig i desember 2021, men det tok tid å rette skrivefeila. Bind 2 blir neppe ferdig til desember, trur Helen, men ho meiner likevel at boka skal vere ute i mars eller april.


Øvst: Livedraw med Thierry og Helen på I-CAN laurdag ettermiddag. Alle foto: Trond Sätre.

Trond Sätre er 1. konsulent ved arkivverket og redaktør for Serienett


Les også:
Reportasje frå I-CAN 2019
Reportasje frå I-CAN 2022

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *