Dina si vedunderlege verd

cover ninni

«Dina’s World» samlar det meste av Dina Norlund sine teikningar, utanom dei fullførte bøkene, i eit kjempeverk.

Eg trur allereie no at eg kan seie at «Dina’s World» er ei av dei vakraste bøkene vi kjem til å sjå i den norske bokmarknaden i 2026, men det er òg ei bok få vil kome til å lese då den kun har eit opplag på 300 og kostar 1900 kroner. Eg reknar meg som heldig at eg er ein av dei som har lese den.

Boka er på engelsk, som er forståeleg då ho har mange fans utanfor Noreg sine grenser.

Dina Norlund var ein ung Concept-artist som kom inn på den norske teikneserie- marknaden fullt forma med teikneserieromanen «Snøkattprinsen» og diverse andre solide korte verk (samla i boka «Vill») , med planar om så mykje meir. Før kreften tok ho etter lengre tids sjukdom i februar 2023 i ein alder av 27.

Denne boka oppsummerer hennar liv i teikningar. Det vil seie det meste av teikningar ho har laga. Frå barneteikningar og forbløffande on-model «My Little Pony» fan-teikneseriar i ein alder av 12 til heile univers av ufullførte fantasy-epos. Mellom desse ytterpunkta så ser vi eit tydeleg naturtalent, saman med ein ukueleg sjølvdisiplin og ein kreativ rastlausheit.

life chronology p442 443

Dinas livslinje, forklart av teiknaren sjølv.

Det er far hennar, Peder Norlund, som står for det meste av teksten som fortel om hennar liv og virke, og det er ein djupt personleg forteljing. Nokon gonger så kunne boka ha tent på å hente fram fleire perspektiv på det vi vert presentert, eller at det vart fortalt av nokon med meir distanse til emnet, men dette er meir ei minnebok enn ei historiebok. Det er ein presentasjon mest til Dina sine fans, beundrarar og lesarar av hennar bøker, samlarar av hennar teikningar, stickers og figurar.

Men alt råmateriale, det er her.

Boka startar med å fortelje oss om kven Dina var som born. Kva ho var oppteken av, kva som inspirerte ho. Kor mykje ho likte å teikne, at ho tidleg viste at ho hadde eit auge for teikning og ein lidenskap for å skape. At ho likte ulvar. Mange små ting som kjem att som raude trådar gjennom boka. Kvart eit steg på vegen er dokumentert: Ho kombinerte tidleg frilansarbeid med teikning med 3 år på Elvebakken vidaregåande, på kunstlinja der.

Storyboard snokattprinsen p 659
Storyboard til «Snøkattprinsen»


Etter eit friår starta ho så på FZD akademiet for concept art i Singapore, ein skule driven av den leiande concept-designaren Feng Zhu, eit intenst studium som har uteksaminert mange framifrå designarar. Ho starta så si offisielle yrkeskarriere med concept design for Lego-reklamer og eit par år for selskapet Atomhawk (der arbeidet ikkje er tilgjengeleg for boka )før ho satsa for fullt på teikneseriar og så kom heim til Noreg og seriane hennar kom ut på Egmont. Det meste av dette får vi eit innblikk i gjennom fyldig illustrerte kapittel.

Og så til slutt vert boka avrunda med fleire hundre sider med alt det ufullenda. Vakre, vakre ting som ein så gjerne skulle ha sett at ho fekk fullføre.

Nokre av hennar inspirasjonskjelder er lista opp bakarst i boka, andre er tydelege, om ikkje nemnd. Ein kan sjå fleire stader korleis ho teiknar etter sin inspirasjon for å forstå og så finner ein måte å ta med seg kun dei tinga som passar for henne vidare i sitt eige arbeid. Det er ei opplysande studie i korleis Dina utvikla seg så mykje, så raskt (forholdsvis) som teiknar.

Ufullendte Tam Tam p 1087
Teikning til det aldri fullørte prosjektet TamTam the Pathfinder.

Eg måtte smile litt når eg såg «How to Train Your Dragon» som ein inspirasjon, for når eg først såg hennar arbeid så minna det meg delvis, spesielt i sin entusiasme og dynamikk, om stilen til karakter-designar og regissør Chris Sanders (Lilo & Stitch, Croods og How To Train Your Dragon), ein av mine personlege favorittar.


Dei fleste serieskaparar har sine ting dei fokuserer mest på og for Dina Norlund så var det tydeleg at den visuelle verds-bygginga var særs viktig. Ho angreip det å bygge ei verd av geografi, arkitektur , kostymer og vesen for ei historie med same entusiasme som Tolkien kvar gong han fann på eit nytt språk eller ein ny historisk epoke. Når ein leser historiene så virkar alt så naturleg og tilforlateleg, men så ser ein her arbeidet som ligger bak, fokuset og tankeprosessen og det er til å verte overvelda over korleis ho klarar å vere så direkte og så briljant på same tid på dette området av sitt arbeid.

Når boka går i djupna på hennar prosess med å lære seg handverket samstundes som ho utøvde det så vert ein slått av kor mykje ein ung serieskapar kan lære viss dei følgjer ei liknande oppskrift. Berre av den grunn burde denne boka vere tilgjengeleg i skulebibliotek overalt kvar ein har form og farge, kunst og handverk og liknande.

Musevisa design FZD p 276
Konseptillustrasjonar til «Musevisa»


Før eg fekk den fysiske kopien i hende så gjorde eg det mistaket at eg byrja å lese gjennom boka i form av ein PDF som eg hadde fått tilsendt for anmeldinga, og i delar av boka der ein har gjengitt skisser til design av stader der handlinga finner stad så er materialet i den fysiske boka presentert så lite at det er vanskeleg å tyde detaljar, men sidan desse er tydelege i Pdf-en så falt eg inn i å bruke altfor mykje tid på å berre zoome inn for å få med meg alt. For dei som likar concept-art , skissebøker og slikt (Meg. Eg snakkar om folk som meg sjølv) så er dette verkeleg ei bok å fortape seg i, der ein mistar all forståing av tid.

«Dina’s World» er eit overflodshorn av materiale for hennar mange fans. Personlege historier om hennar liv. Vakre illustrasjonar presentert over fleire hundre sider. Eit innsyn i hennar utvikling som teiknar. Innblikk i detaljrikdomen i hennar arbeidsprosess. Og alt ein kunne finne av ufullenda historier.

Ja, til dels vil denne typen materiale vere for spesielt interesserte, og prisen vil vere eit hinder, men viss ein først veit med seg sjølv at ein er blant dei spesielt interesserte så kan eg ikkje sjå for meg at dette er ei bok ein vil angre på å skaffe seg. Den er vakker både som ein hyllest til ein kunstnar som gjekk vekk så alt for tidleg, og som eit innblikk i ein serieteiknar sin danning-prosess og visuell verds-bygging som ein eigen kunstform.



dinas world utsnitt forside

Dina’s world – An unfinished creation
Av Dina Norlund og Peder Norlund
1152 sider
1900 kroner
Hushbird Forlag


Forsideillustrasjon: Utsnitt av coveret til det ufullførte prosjektet «Nettle & the Hush-Hush»

Les også:
Evig liv i bokform?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *