Kva kjem dette halvåret?

Bokhausten ser meir spennande ut enn på lenge for teikneseriar. Strand, No Comprendo Press og Bonnier har store satsingar, men også meir utypiske forlag kjem med teikneseriar denne sesongen.  


August
Aller første kan det nemnast på sidelinja at Øyvind Sagåsen utgir ei barnebok – i romanform – den 1. Den heiter Pandoras flaske, og kjem på Egmont. Same dag kjem neste bok i Ragnaroks spinoff-serie Katteguden Frøya -Vokterhunden Garm av Odin Helgheim og Isabell Martinsen. Dessutan kjem Alene hjemmefra av Linn Isabel Eielsen, på same datoen, heilt tidsriktig i forhold til utfordringane for nyutflytta studentar.

Den 5. kjem Krypto 7 – Ildsjø av Hans Jørgen Sandnes og Tidenes verste uke – Torsdag av Matt Cosgrove og Eva Amores, begge frå Gyldendal. Vigmostad & Bjørke kjem med tredje bindet av Zora – Hvit magi av Peignen og Delrieu dagen etterpå.

Den 8. kjem eit nytt bind av John Jamtlis Sabotør – Grenselos av John Jamtli, og dagen etter fire nye publikasjonar frå Outland Forlag: Dragon ball super 7 – Universenes overlevelsesspill av Akira Toriyama,og Toyotaro, Mitt helteakademia – Bok 16, 17, 18 av Kōhei Horikoshi, One piece 7 – Drittgubben av Eiichiro Oda og Tedragedraperiet av Kay O’Neill. Den 13. held Fontini fram med tween-romantikken i Forelska? 3 – Søt musikk av BeKa og Maya

Av dei stripeseriane som framleis er garantert årvisse samlebøker finn vi sjølvsagt Pondus – 23 meter offside av Frode Øverli og Lunch 18 – Bare trykk godta på alt av Børge Lund den 13. Begge frå Strand.

De 15. er det klart for tre framhaldsbind frå Egmont innan nordisk manga-segmentet Dragens øye 5 – Knust av Cha Sandmæl, Ragnarok 5 – Loke av Odin Helgheim og Mia Myhr (3) og det råtne vannet.

Donald Duck & Co – De klassiske årgangene 1983, del V er ute den 16. Så er det duka for noko litt meir unikt frå Øystein Runde. Den 20. kjem han med boka ADHD – Hva er det, og hva gjør du med det? på Humanist Forlag. Og meir sakprosa i teikneserieform er på veg. Livet er livsfarlig! – Den utrolige historien om livets utvikling fra bakterie til deg er laga av Reidar Müller og Sigbjørn Lilleeng, og kjem frå Aschehoug den 22. For dei litt yngre kjem Vigmostad & Bjørke med Superpus – Hvordan vinne venner av Dav Pilkey den 22.

Sjuande bindet av Nordlys, Harukkas ønske av Malin Falch har fått ein dato for seg sjølv, den 27, frå Egmont.  Og heilt mot slutten kjem eit nytt Sprint-album, også frå Egmont, Den blå gorgon av Dany og Yann, den 30.

Ikkje fastsett dato:
No Comprendo Press kjem med biografien Astrid Løken: Å slåss med varsomme hender av Lene Ask denne månaden, etter ei utsetjing frå i vinter. Bonnier er framleis pågåande, og satsar mellom anna på ein populær nettserie, Hooky – Spådommen (sjå forsidebilde) av Miriam Bonastre Tur. Same forlag utgir også franchise-serien Molang – Sommer av Goroglin, og ei ny forteljing om den snille ugla Hugo (2) og fuglene av Andy Runton. Dei to sistnemnte titlane passar for dei yngste lesarane.

Ford Forlag har også tidlegare gitt ut ut rockebiografiar, og denne månaden kjem dei med The Badfinger Cartoon av Daniel Østvold.


September
Den 1. blir Odd Børretzens gløymde teikneserieklassikar omsider samla i ei bok frå Lite Forlag. Boka har fått den fulle tittelen Herr Cule- 60 tegneseriestriper fra 1959 og 1960. Max Estes’ nye bok Det store gulrotkuppet kjem ut på Gyldendal den 2. Håvard Mossiges Humbug blir samla i bok den 2. Ikkje frå Strand, som vanlegvis trykker Humbug i bladet Storefri, men frå Humanist Forlag. Øyvind Torseter har laga ei teikneserie/bildebok utan Mulegutten denne gongen. Den heiter Fallet, og er ute på Cappelen Damm den 5. Pokémon-eventyrene: Gold, Silver & Crystal 6 av Hidenori Kusaka kjem frå Outland Forlag den 6.

Så er det klart for meir nordisk manga: Arkin 4 – Lyset av H.L. Phoenix og Ville poter 3 – Byen av Victor Nordahl, begge frå Egmont den 10.  Bunny vs Monkey (4) og Dommedagsforbundet av Jamie Smart kjem frå Vigmostad & Bjørke den 17.

Frå Strand kjem Krüger & Krogh: Nord og ned, del 2 av Agdestein, Kabicek og Skandfer og Skavlans samlede av Fredrik Skavlan, begge den 19. Ei viss forventing knyter seg til Kjersti Synneva Moen si andre bok, Selma gjør så godt hun kan, etter at den første «Grip den føkkings dagen», blei overøst med prisar. Uansett så er denne boka ute frå Aschehoug den 20. Same dagen kjem Therese G. Eide med si tredje postmoderne eventyrbok, Askeladdene møter piken med fyrstikkene frå Egmont.

Üperpress held det faretrua antologiformatet i live ennå, og satsar på å få Overtrykk 2024 klar til Raptus, saman med den lenge venta Ingen visste 2 av Mac Ask og Andreas Håndlykken. Aleksander Kirkwood Brown og Luis Guaragna avsluttar Underbyen på Cappelen Damm med bind 3, Myrdronningen, den 19. Qlturrebus’ storsatsing for hausten er Fluenes herre av Aimée de Jongh, etter Willliam Golding, som kjem den 22. Og sjølv om Lise Myhre går til filmen, har ho framleis meir teikneseriemateriale å samle i Nemi 20 – Heksetimen frå Gyldendal. Vigmostad & Bjørke gir ut Hundemannen 12 (som førebels ikkje har nokon undertittel) den 26.  På Aschehoug held Oda Valle fram med Esters Univers i bind 2 – Tre er en for mye den 27.

Aimée de Jongh på årets Uppsala Comix. Fotografi: Kristian Hellesund.

Frå Egmont kjem det følgande av Disneys ender (ikkje medrekna vanlege periodika)  i september: Mestertegnerne: Giovan Battista Carpi den 13, Skrue McDuck – historien om verdens rikeste and av Carl Barks, Don Rosa og Kari Korhonen den 15, Donald Duck & co – De klassiske årgangene 1983, del VI og Don Rosas Andeby – Del 3 den 20, og Carl Barks Pocket: Innfløkt innovasjon den 27.

Ikkje fastsett dato:
Bonnier lanserer ein ny versjon av Unico – Oppvåkningen skrive av Samuel Sattin og teikna av Gurihiru etter Osamu Tezukas original. No Comprendo Press samlar Flu Hartbergs politiske satire frå Dagbladet, Miniminister, og kjem med Lars Fiskes nye bok, Ta imot. Tim Ng Tvedt kjem med ny utgjeving (tittel ikkje fastsett) frå Foot Books, og Jason er endeleg tilbake, med Døden i Trieste frå Magikon.


Oktober
Dragon ball Super held fram med åttande bindet, – Et omen om Son-Gokus oppvåkning av frå Outland Forlag. Gyldendals nye omsetjing av serien tidlegare kjent som Kikkis Krim er oppe i sitt tredje bind, Millas dagbøker 3 – Den siste av fem skatter av Chamblain og Neyet den 9.  Og sjølv om vi skriv oktober er Fontini tydelegvis ikkje ferdige med sommarflørten: Forelska? 4 – Feriefling av BeKa og Maya kjem den 14. Frå Cappelen Damm blir det fleire Elleville Eventyr, Aske-Ninja og Dragen og sverdsmeden, begge den 17.

Arbeiderbevegelsens historie på 1-2-3 av Vidar Eriksen og Per Flakstad blir visst første gongen historia til den norske arbeidarrørsla forteljast i teikneserieformat. Res Publica gir ut denne den 15. Donald Duck & co – De klassiske årgangene 1983, del VII er ute den 18.

Ikkje fastsett dato:
Hugsar du Hrmf! av Sindre W. Goksøyr? Den kom ut i 2010, og vann Sproingprisen den gongen prisen betydde noko. I oktober kjem oppfølgjaren Pfft! frå No Comprendo Press. Goksøyr har visst nytta den lange pausen godt, for boka blir på 200 sider.  Den nye storsatsinga frå Strand i oktober er Hardråde – Kongsbroren av Jan Ove Ekeberg og Nils Axle Kanten, basert på førstnemnte sin historiske roman.. Dessutan har Jens K. Styve meldt overgang til same forlaget, og kjem med den femte Dunce-boka, Maskiner som kverulerer. Strand gir også ut Rocky & Edith av Martin Kellerman på nytt, i pocketutgåve.

Bonnier gir ut meir krim for barn: Valpeagentene 3 – Fotballmysteriet av Gumpaw og Archanjo. Og Avatar – Den siste lufttemmeren er framleis ein flaggskiptittel for Bonnier. Bind fem, Nord og sør av Gene Luen Yang og Gurihiru kjem denne månaden. Qlturrebus sin andre teikneserie denne hausten er bind seks av Motstandsbarna – Ulydighet av Dugomier og Ers.

Vega Forlag ga ut standard referanseverket Ingen jul uten juleheftene av Haakon W. Isachsen i 2004. Nå følger same forlag og forfattar opp med De gode gamle juleheftene 1913-1960.  Manifest Forlag, som ga ut Liv Strömquists norske debut Inn i speilsalen i 2012, følger opp med Pythia prater av same serieskapar, som kallar boka eit sjølvhjelpsbok mot sjølvhjelp.


November (ingen fastsette datoar)
Litt forventing er det nok også til Anders N. Kvammens nye bok, reiseskildringa Nordkapp-Lindesnes som kjem ut på No Comprendo Press denne månaden. Dette er hans første bok sidan Jeg husker ikke… Ingebjørg Jensen kjem med ein ny krigsforteljing i teikneserieform, Gestapos usynlige fiender, frå Sprekstrek. Eit nytt Lucky Luke-album er venta, men tittel er førebels ikkje fastsett. Meir manga kjem frå Outland: Pokémon-eventyrene: Gold, Silver & Crystal 7, Dragon Ball Super 9 og One Piece 9.

Daniel Østvold kom med Den halve mannen tidlegare i år, og nå følger han opp med Den halve kvinnen, frå Ford Forlag.

Utsnitt frå Nordkapp-Lindesnes av Anders N. Kvammen.

Meir Disney: Don Rosas Andeby 4 den 15, Onkel Skrue – gylne minner den 15 og Carl Barks pocket – Fjærlige forviklinger den 22.

Sjette boka i På fire bein-serien av Berenika, Trøbbel er ute i midten av november. Norsk forleggar er som vanleg Andersens Forlag.  Bergen 24t 2024 er den andre teikneserieantologien som Überpress stadig held gåande, og den kjem også denne månaden.


Denne lista omfattar ikkje periodika (herunder pocketbøker med ein veldig regulær publikasjonsfrekvens) og julehefter. Med førehald om endringar.

1/8: Artikkelen er oppdatert med bildemateriale frå No Comprendo Press.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *