Gløymde minne

Anders N. Kvammens nye teikneserie er ei varm og lærerik innføring i korleis det er å leve med demens.

Det blir laga mykje bra teikneseriar for barn og unge om dagen, og det er flott at ikkje alt handlar om vikingtid og har karakterar med Disney-auge. Anders N. Kvammens Jeg husker ikke … Historier om demens er eit fint og viktig tilskot som, trass i at boka består av tre fiksjonsforteljingar, strengt tatt er ei sakprosabok. Boka blir også kategorisert som «fagutgivelse» av initiativtakaren, Kirkens Bymisjon. Teikneserien gir innsikt i eit tema som sjeldan blir snakka om, nemleg demens blant yngre menneske. Demens råkar ikkje berre eldre; fleire barn veks opp med foreldre som t.d. får Alzheimers sjukdom. Kvammen og Kirkens Bymisjon skal ha ros for at dei tar opp temaet på ein så tilgjengeleg og pedagogisk måte, og mange lesarar, også vaksne, vil truleg få nye perspektiv på denne «folkesjukdommen».

Dei tre forteljingane presenterer ulike sider ved demens. Me får innsikt i kor vanskeleg det er å akseptere at ein ikkje hugsar lenger, både for den sjuke og for dei pårørande. Forteljingane er konsentrerte rundt det kvardagslege, som også er der ein først merkar at ting ikkje er som det var lenger: rekningar blir ikkje betalte, avtalar blir gløymde, kokeplater blir ståande på.

I dei to første forteljingane blir gløymsla både møtt med irritasjon, avvising eller bortforklaring av dei pårørande, samtidig som hovudpersonane, Geir og Fatima, mest av alt kjenner på ei blanding av forvirring og depresjon. Både Geir og Fatima går gjennom prosessar som gradvis, og noko motvillig, leder til at dei blir diagnostiserte med Alzheimers, og forteljingane sluttar med ein slags aksept for tilstanden. Forteljingane er enkelt og tydeleg skildra, slik at ein får klar innsikt i kor tung prosessen er for alle dei involverte. Ikkje dimed sagt at forteljingane er tunge, boka er trass i alt retta mot yngre lesarar, men Kvammen er heller ikkje redd for å male opp eit ærleg og rett-fram bilete av eit Alzheimer-scenario.

Scenarioa er også noko av grunnen til at boka, særleg for ein vaksen og meir kynisk lesar, stundom kan gi eit skole-tv-aktig inntrykk. Det pedagogiske som ligg i premissen for utgivinga blir av og til hemmande: Her skal ein først og fremst lære noko, får ein inntrykk av. Det gjer at Geir og Fatima blir noko sjabolongaktige og gir forteljingane eit litt banalt preg. Ikkje at det heilt øydeleggande for bodskapen, men det gjer desse to karakterane meir til eksempel enn ekte menneske.  

Heldigvis er den siste forteljinga av eit anna kaliber. Her møter me Mats som slit med å forstå og takle at far hans har blitt dement. Å skifte fokus frå den Alzheimers-sjuke til den pårørande på denne måten er eit lurt grep, og ei god avslutting på boka. I Mats si forteljing møter me ikkje den sjuke i det heile tatt, sjølv om han er tydeleg til stade i korleis Mats taklar skolekvardagen og heimesituasjonen. Når sjukdommen allereie er eit faktum, er det støtteapparatet rundt som blir det viktigaste. For Mats er det mora, kontaktlæraren, og særleg vennen Siri. Det er kanskje først og fremst vennskapen mellom Mats og Siri som løftar denne forteljinga. Når det strittar mot er alltid Siri der, kanskje med eit forslag om å klatre i treet bak skulen. Av og til treng du berre ein venn som spør om du vil klatre i eit tre.

Kvammen sin teiknestil har blitt kalla naivistisk, men eg veit ikkje heilt om eg synest det er dekkande. Eg får stundom assoiasjonar til Christopher Nielsen, men uttrykket er noko varare, eller «snillare», viss det gir meining. Det enkle uttrykket har ei djupn i seg, noko som framhever karakterane og gjer dei meir ekte. Der dei to førre bøkene til Kvammen var i svart-kvitt, er årets bok effektivt og vakkert fargelagt på tre distinkte måtar som bidreg til korleis lesaren forstår teksten. I opningsforteljinga er til dømes bakgrunnane blå og bipersonane grønfarga, medan Geir skil seg kontrastfullt ut i raudtonar. Det framhever både kjensla av å vere utanfor og Geir si sinnsstemning. I forteljinga om Mats er på liknande vis bakgrunnane raude, noko som gir denne forteljinga eit varmare preg.

Det er også denne varmen ein sit igjen med etter endt lesing. Innvendingar til tross er dette ei kunnskapsrik og lærerik og bok som nok vil treffe mange, og som er verd å lese for å få ei betre forståing for korleis det er å leve med demens – Sin eigen eller andres.


Jeg husker ikke … Historier om demens
Av Anders N. Kvammen
Etterord av Kirkens Bymisjon
96 sider
199 kr.
No Comprendo Press og Kirkens Bymisjon

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *