Jakta på Sproings relevans

SeriX drøfter årets Free Comic Book Day og Sproing i samband med Teikneseriens Dag.

Eit panel beståande av Kristian Hellesund, Arild Wærness, Trond Sätre, Øystein Nordvik og Knut Robert Knutsen sendte direkte frå Facebook på Teikneseriens Dag, i år den 6. mai. Her ser vi først på årets (amerikanske) titlar for Free Comic Book Day, som i Norge blir delt ut på Outland-butikkane. Årets viktigaste titlar er nye Conan The Barbarian frå Titan Comics, Jeff Lemires nye overnaturlege grøssartittel Fishflies, Marvels sommar-preview Uncanny Avengers (DC Comics’ motstykke, Dawn of DC Primer Special Edition #1: 2023, var ikkje tilgjengeleg), og ein smakebit på Tom Sciolis Stan Lee-biografi I Am Stan.

Høyr og sjå samtalen her. Les meir her

Titan Comics’ Conan, teikna av Rob de la Torre

Seint denne veka blei finalistane til årets Sproingpris kunngjort, og i den andre panelsamtalen diskuterer vi kva av desse titlane som vi meiner fortener prisen mest (og om det ikkje er andre ting Torbjørn Lien like gjerne kunne ha vore nominert for i år). Høyr og sjå samtalen her. Leis meir om prisen her.

Norske finalistar:

– Hartberg, Flu «Jammerdalen» (No Comprendo Press)

– Lauvdahl, Øyvind «Ingeniør Knut Berg 2022» (Fonna)

– Lien, Torbjørn «Kollektivet» (i Nemi) (Gyldendal)

– Nærum, Knut «Streberne» (No Comprendo Press)

– Tefre, Morten «Netttrollet» (i Radio Gaga) (Egmont)

Jean Melvilles profil

Omsette finalistar:

– Cousin, Robin (FR), «Jean Melvilles profil» (epic.no)

– Crane, Brian (US), «Pickles» (i Billy) (Egmont)

– Kotomycka, Berenika (PL), «På fire bein: Der» (Andersens Forlag)

– Neidestam. Lina (SE), «Zelda» (i Pondus) (Strand)

– Winick, Judd (US), «Hilo bok 8 – Gina og den store hemmeligheten» (Vigmostad & Bjørke)

Tid og stad for utdeling av Sproingprisen 2023 er ikkje kunngjort ennå.

Forsidebilde frå «Jammerdalen»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *