«Streberne 2020-2022: En tegneserie om norsk kultur i pandemitiden og sånn» er den beste satiriske tidskapselen om opportunistisk gründerverksemd i kultur-Noreg du kjem til å lese nokon gong.
Noko av det beste som skjedde under pandemien var at Knut Nærum byrja lage satiriske stripeseriar igjen. Streberne handlar om O.C. og Pynken, som nokre kanskje vil hugse att frå teikneseriane om Rita Bloid frå nittitalet. I den serien var dei seinjappar, men i sin eigen serie er dei det Nærum omtalar som seriegründerar. Humoren ligg som regel i at hovudpersonane pitchar ein kokko idé eller prøver å utnytte kulturlivet ved å ta alle svakheitene ved det på ramme alvor. O.C. og Pynken er seriegründerar fordi kvar idé fell til jorda og som regel fører til at hovudpersonane blir kjeppjaga, banka opp eller audmjuka. Dei innehar ein sjeldan kombinasjon av ukueleg optimisme og opportunisme, av stå-på-vilje og kynisme. Det finst ikkje det smutthôl eller fjollete kulturtilbod O.C. og Pynken ikkje kan freiste å utnytte, sjølv om det som regel går på trynet.
Streberne har gått fast i laurdagsutgåva av Klassekampen sidan hausten 2020. Kvar stripe (i tradisjonelt søndagsstripeformat) tar for seg noko som har skjedd i norsk kultur- eller samfunnsliv veka før. Såleis er serien å rekne for ferskvare, og noko unikt i norsk teikneserietradisjon. Der anna teikneseriesatire er laga veker og månader før han blir publisert, ligg poenga til Nærum tett opp i dagen for lesaren av laurdagsavisa, og er eit skrudd punktum på vekas snakkis. Sjølv om mange av stripene har eit universelt innhald som er mindre avhengig av konteksten, er det dagsaktuelle stundom eit problem i ettertid og såleis denne samlingas største svakheit: For at ein del av vitsane skal fungere, er dei avhengige av at lesaren hugsar kva dei refererer til. Mange vil nok ta referansane til den kontrafaktiske framstillinga av kronprinsesse Märtha i tv-serien Atlantic Crossing frå 2020 eller NRKs sexguide frå 2021, men om nokre år blir desse og andre striper kanskje litt vel obskure, jamvel dobbelt absurde. For dei av oss som har følgt med på kultursidene, er likevel dette svært gøy, og som kulturhistorisk dokument, har denne samlinga høg verdi. Dette var det me var opptekne av mellom 2020 og 2022, sett veldig på spissen. For nokre dustar me var.
Streken er umiskjenneleg nærumsk. Den enkle og karikerte teiknestilen kan gi assosiasjonar til klassisk amerikanske stripeseriar som Knoll og Tott og Skipper´n. O.C. og Pynken sjølve verkar også vere modellerte etter Ham Gravy og Castor Oyl frå sistnemnde serie, både når det gjeld utsjånad og personlegdom. Denne homagen er så gjennomført at jamvel bokas format er modellert etter Fantagraphics´ samlingar av klassiske søndagsstriper. Streken kler elles det satiriske innhaldet godt. Det absurde, men likevel svært gjenkjennelege innhaldet, blir forsterka av teikningane. Karakterane er også lette å bli kjende med, sidan dei er høgst todimensjonale, jamvel eindimensjonale. Og det meiner eg i positiv forstand. Du veit at O.C., Pynken, Karsten eller Rita kjem til å vinkle vekas snakkis på ein sprø måte og at det kjem til å gå på trynet. Det er noko av appellen.
For maksimalt utbytte tilrår eg Streberne som ferskvare i Klassekampen, men fordelen med å lese serien mellom to permar er at ein raskt kjem inn i rytmen og kan følgje stripene som ein satirsk tidskapsel frå dei siste åra. Absurde, skumle og mørke som dei har vore, er det godt å lese om denne tida på ein måte som får henne til å verke meir teit enn skummel.
Streberne 2020-2022: En tegneserie om norsk kultur i pandemitiden og sånn
Av Knut Nærum
88 sider
320 kr. (veil.)
No Comprendo Press