TNT gir ut klassiske julehefte

Fiinbeck og Fia, Blondie og to comebacks i juleheftereolen kjem ut på TNT/Bonnier i år.

Heile somaren har det vore ein kjent sak internt i bransjen at TNT skal overta to av Norges eldste gjenlevande julehefte, Fiinbeck og Fia og Blondie. Spekulasjonane om TNTs nye marknadsplanar skaut ytterlegare fart då det i juni blei klart at Egmont ikkje lenger har med Hårek i nokre av årets julehefter.

Nå kan TNT sine redaktørar stadfeste at det blir fire teikneserie-julehefte frå forlaget i år. I tillegg til dei to nemnte seriane kjem dei med Hårek og Zits.

Fiinbeck & Fia julehefte har kome ut kvart år sidan 1930, unntatt under papir-rasjoneringa i 1944. Blondie julehefte kom først ut i 1941 og deretter kvart år sidan 1946. Hårek julehefte kom ut kvart år frå 1975 til 2020, med unntak av 1980. I 2021 blei det erstatta av «Juleklassikere» eit samlehefte beståande av tre juleheftetitlar som ikkje lenger selde godt nok kvar for seg: Hårek, Snøfte Smith og Skipper’n. Sjølv om Hårek altså ikkje selde godt nok for Egmont lenger, var det likevel han som fronta «Juleklassikere» kvart år frå 2021 til 2024. I år består «Juleklassikere» av Trixie, Snøfte Smith og Skipper’n.

Zits kom ut som julehefte frå 2010 til 2013.

– Vi er veldig takknemlige over å få jobbe med klassikere som Blondie, Hårek og Fiinbeck og Fia, seier Tonje Tornes. Ho og Tormod Løkling har skrive kvart sitt forord til Blondie og Fiinbeck og Fia, og fått forfattar og dramatikar Olaug Nilsen til å omsetje Hårek til nynorsk. Dessutan leverer Frode Øverli ein teikning til Zits. Serien er ein av hans favorittar.

Men kvifor sastsar TNT på julehefter? Tormod Løkling uttrykker det slik:

-Folk som har trodd TNT «bare» skal drive med fantasy og Nordic Manga skal få seg en overraskelse. Vi liker jo mye annet også, og julen er den årstiden der alle nordmenn plutselig er tegneserieelskere. Så både julehefter og illustrerte barnebøker kommer til å være noe av det vi bredder ut porteføljen med fremover. Og, hallo, klassiske, amerikanske avisserier? Jeg klippet jo ut «Hårek» og «Blondie» hver dag fra Bergens Tidende da jeg var liten!

Les også:
Nye nissar og tapte klassikarar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *