Nesten super Nova

Peder Hornseth Nygaards Supernova deler fleire trekk med eigenskapane til ein ekte supernova, i både positiv og negativ forstand.

Ein supernova er den siste krampetrekninga til ei massiv stjerne. Stjerna kollapsar før ho eksploderer og spreier eit intenst ljos utover med gassar som dannar vakre stjernetåker som kan bli sett i lang tid etterpå. Nokre av stjernene blir til nøytronstjerner, andre kan bli til svarte hôl. Eg skal ikkje hevde at eg skjønar så mykje av det, men kombinasjonen av intens skjønnheit og tomheit er unekteleg fascinerande.

Supernova, Peder Hornseth Nygaards debutteikneserie, markerer altså byrjinga på ein forfattarskap, ikkje slutten, men dæven så vakker ho er. Ho er breiddfull av spanande idear, vakre teikningar og fargesprakande tablå, men ho er også karakterisert av litt mange velbrukte tropar og eit manus som ikkje heilt maktar å engasjere. Boka er den første i ein planlagt serie og lid litt under å halde for mykje tilbake samtidig som ho forklarar for mykje. Forteljinga balanserer ofte på kanten av eit svart hôl, og ikkje berre fordi ho er mørk.

Boka opnar med ein lang, ordlaus sekvens som set opp fleire av brikkene som dannar utgangspunkt for handlinga på ein effektiv måte. Bilda får tale for seg sjølve, og Nygaard tar seg god tid til å sleppe lesaren gradvis inn i den dystopiske verda Supernova føregår i. Her blir vakre naturskildringar krydra med gigantiske skjelett, science fiction-teknologi og gruoppvekkande monster.

Hovudpersonen, Finn, jaktar på makinaer, eit slags romvesen (?) som vandrar rundt i død-sonen. Menneska er utsett for ein sjukdom kalla hjartesøvn og er avhengige av å få tilført hemo, som er prosessert blod frå makinahjarter, for å overleve. Alle menneske har eit biomekanisk apparat på ryggen, ein såkalla blodmarg, som held dei i live. Dei lever med andre ord i eit avhengigheitsforhold til monstra som omringar dei.

På eit jaktoppdrag møter Finn ei mystisk jente utan blodmarg, Nova. Saman prøver dei å komme seg gjennom død-sonen uten å, vel, døy. Namnet Nova kan både bety «ny» og vere nemninga på ei stjerne som plutseleg lyser opp før ho trekk seg tilbake. Begge desse eigenskapane er til stade i karakteren Nova. Ho representerer noko anna i den verda som blir etablert i teikneserien, og ho har eigenskapar som heng saman med makinaene og ein mystisk skapning med stetsonhatt som dukkar opp i draumane hennar.

Den første boka i Supernova-serien handlar først og framst om å etablere den dystopiske verda og å introdusere Nova. Kven – eller kva – er ho? Korleis er ho knytt til makinaene og dei gigantiske skjeletta, «englane», som ein gong dukka opp på jorda? Undervegs blir handlinga broten opp av actionfylte kampsekvensar, noko som forsterkar kjensla av at boka nesten har same oppbygging og estetikk som eit dataspel. Det gjer henne spanande, men ved endt lesnad sit ein likevel att med ei litt uforløyst kjensle. Det er veldig vakkert, men karakterane treng meir djupn for at ein skal forsvinne inn i Nygaards verd og bli der.

Så har også Nygaard henta mykje av innhaldet og estetikken frå gaming-verda, og ikkje minst frå manga. Monstra (og englane) er prega med eit symbol i panna som gir assosiasjonar til ein av knappane på playstation-kontrolleren, monstra er tydeleg kaiju-inspirerte, og karakterane har store manga-auge. Nygaard er ein dyktig teiknar som er god på både karakterar og bakgrunnar, og fargelegginga er delikat. Sidestrukturen vekslar mellom tradisjonelt ruteoppsett, heilsider og dobbeltsider, og rutene får ofte ein dramatisk effekt ved bruk av diagonale linjer. Det er både tøft og nydeleg.  

Supernova er vakker og fascinerande som ein ekte supernova, men ho har også nokre manglar. Det er hovudsakeleg knytt til den litt stive dialogen og den tynne karakteriseringa som gjer delar av forteljinga enklare og tommare enn idégrunnlaget fortener. Vonleg vil Nygaard vokse som forfattar gjennom serien og rette opp i desse manglane. Det første bandet av Supernova viser at serien har potensiale for å bli super.

Til slutt ein kommentar til forlaget: Når så mykje tid og ressursar er nytta for å byggje opp ein teikneserieskapar og ein serie, verkar det litt billig å la teksten i snakkeboblene og tekstboksane vere maskinskriven. Teikneseriens vakre uttrykk fortener ei handskrift som står i stil med resten av teksten.



Supernova (1)
Av Peder Hornseth Nygaard
188 sider
339 kr.
TNT/Bonnier


1 tanke om “Nesten super Nova

  1. Einig, maskintekst her skapar ein unødvendig distanse til teikningane. Det er nesten som om tekstane er tekne ut av ei bok som vert opplest.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *