
«Bare vent til neste år!» er eit munnhell som dei fleste festivalar har blitt nøydde til å trøste seg med i år. For Raptusfestivalen verkar vegen tilbake til gamal storheit akkurat nå bratt, ikkje minst takka vere ekstra uheldig pandemitiming.
«Vi ser frem til å feire Raptus 25 år med dere neste år!», var den siste helsinga frå festivalleiinga i går ettermiddag. Allereie i mars skjønte nok mange at Raptusfestivalens 25 års jubileum – som strengt tatt er i år – ikkje kunne markerast med nemneverdig pomp og prakt. Planen med å halde eindagsfestival på hovudbiblioteket med avgrensa besøkstal verka realistisk, men sjølv dette måtte endrast i siste liten då bystyret i Bergen innførte nye, ekstraordinære tiltak bare eit par dagar i forvegen.
«Ragnarok er drømmeprosjektet» – Odin Helgheim
Ein av dei fire gjestene, Sunniva Myster, trakk seg, og heile arrangementet blei flytta til Outlands kontorer i Bergen, utan fysisk publikum, men med strømming. Livestream som alternativ til fysisk oppmøte er ikkje innarbeida. Til liks med Outland minifestival i august, hadde Raptus aldri meir enn 35 påloggingar samstundes (desse tala var synlege for alle som var på). Det skal bli interessant å sjå kva slags praktisk gjennomføring OCX ender opp med, ein snau månad etter Raptus. Eller om den nå vedteke heildigitale Comnicon i november kan vekke interessa til eit virtuelt publikum på meir enn 35.
«Jo mer spesifikk jeg blir, desto mer allment viser det seg å være» – Therese G. Eide
Alle tre gjester, Odin Helgheim, Torunn Grønbekk og Therese G. Eide, var fysisk til stades i Bergen under festivalen, og gjorde alle ein god opptreden under forholda. Odin Helgheim er framleis så fersk at det verkar som han har noko nytt å komme med kvar gong, og presentasjonane hans er levande og engasjerande. Grønbekk, med si profesjonelle innstilling svarer alltid godt og utfyllande, og har kanskje betre kjennskap til den internasjonale teikneseriebransjen enn nokon annan norsk serieskapar. Therese G. Eide er allereie ein velkjent skikkelse på norske teikneseriefestivalar, men med sin Radio Gaga-redaktør Tormod Løkling som intervjuar viste det seg lett for henne å finne nye aspekt.
I pausen der Myster skulle ha vore gjest, innkalla festivalleiinga til Zoom-møte under vignetten «Raptus informerer». Det blei mest fjernkoseprat med faste Raptusgjester Mike Perkins, Mike Collins og Thierry Cappezzone, som alle er stadfesta gjester for det forseinka 25-årsjubileet til neste år. Men leiinga fekk så vidt vist fram demoen til festivalens nye heimeside.
Eit avsluttande panel med Helgheim, Grønbekk og Eide røpa at alle tre framleis hadde mykje å komme med, og dei er alle stadfesta gjester til neste års festival. Denne delen av programmet var dessverre plaga av ein litt meir ullen lyd enn dei føregåande innslaga. Det hadde vore ønskeleg om Raptus i ettertid kunne legge ut opptak. Lyd, bilde og informasjon til det virtuelle publikummet var av litt varierande kvalitet. Men med tanke på kor raskt alt blei stelt i stand digitalt, kunne det elles oppstått langt verre tekniske problem enn det som blei tilfelle.
(Øvst: Raptus’ Frode Haaland med Torunn Grønbekk)
Les også:
Slik blir festivalhøsten