
Superheltar møter Rick & Morty-estetikk i «Udugelege Heltar». Etter seks år og tre samlebind på engelsk er «No Good Heroes» for første gong ute på norsk. Serienett møtte serieskaparane sist torsdag på Spillhuset i Bergen,
Spillhuset er eit samfunnshus dedikert til både analoge og digitale spel, men også litt til teikneseriar. Mellom anna skal huset vere vertskap for årets Raptus i september. Men denne ettermiddagen inviterte Überpress-redaktør Are Edvardsen og skaparane av «Udugelege Heltar», Markus Pedersen og Lars Erik Helgemo, til lansering av den første boka i serien på norsk.
Etter ein presentasjon som blei avslutta med ein faktisk passe vanskeleg superhelt-quizkonkurranse på AhaSlides, fekk eg snakke med serieskaparane – Markus som skriv, og Lars Erik som teiknar.
-Vi let seg først inspirerer av Rick & Morty, fortel Markus, og fekk lyst til å lage noko med den typen humor sjølv, med vår eiga vri. Det var dette som etter kvart utvikla seg til «Udugelege heltar». Manusforfattaren vaks opp med Fox Kids og 90-tals Spider-Man, og med X-Men: Evolution som ein av dei store favorittane. Deretter kom Sam Raimis Spider-Man og X-Men-filmane, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er så gode når ein ser tilbake på dei, legger han til. For Lars Erik var det mykje av det same, men han har også latt seg inspirere av superheltar frå manga, særleg One Punch Man.

Serien debuterte på nettet i 2016, den gongen på engelsk og med tittelen No-Good Heroes. Sagaen blei avslutta i 2021, og kan framleis lesast på Tapas. Den er samla i tre bøker på engelsk, mens «Udugelege Heltar: Stiv Kuling» er det første bindet på norsk.
-Vi gambla vel litt på det første bindet av «No Good Heroes», som var finansiert 100 % ut av eiga lomme, seier Markus. Ikkje at det var kjempedyrt, det var lite opplag, men han var student og dei hadde ikkje så myke inntekt. Boka selde godt nok på Raptusfestivalen, og til fans på nett. Etter kvart betalte dei fysiske opplaga for seg sjølv. Det vel seie, det første opplaget betalte for det meste. -Men skulle vi rekna med alle timane me har lagt ned i dette, burde me hatt supersuksess, legger han til.
Bok tre har vi for så vidt ikkje tent inn, men der skulder dei på corona. Boka blei trykka då dei ennå hadde håp om å komme seg på messer og sånt og selje den der, men dei fekk ikkje tilgang. M.a. skulle dei på Torucon allereie i 2020, men den ble kansellert, og så blei det heller ikkje noko av den i fjor. Så det har stort sett berre blitt sal til nettfans.

-Vi fann på ein slutt veldig tidleg, men det var ikkje heilt den vi enda opp med, fortel Markus. -Eigentleg hadde vi planlagt ni volum eller noko sånt. Vi var veldig ambisiøse på det første planleggingsmøtet på BarBarista.
Men etter kvart kom dei til eit punkt der det hadde vart lenge, dei var kanskje begynt å gå litt lei, og ønska å gjere forskjellige ting. Kva kan vi gjera nå, spurte dei seg. Ikkje at dette var noko dei bestemte i siste liten. Markus og Lars Erik sette seg ned og tok ein gjennomgang, såg på det dei hadde planlagt, spurte kvarandre, kva passar inn her? Få til ein verdig slutt.
-Og eg blei i alle fall veldig nøgd med den, konkluderer forfattaren. Betre enn den originale.
Ved sida av UH/NGH har Lars Erik laga ei del seriar for Überpress (sist med hovudhistoria «Solriket» i Overtrykk 2021) og Bergen 24H (sist med «Verdens Beste Bestemor» i 2919-boka). Han har også eigne prosjekt som han jobbar med. Markus er blitt programmerar, og gjer ikkje så mykje relatert til teikneseriar. Bortsett frå at han står for omsetjinga av Udugelege Heltar frå engelsk til norsk.

Dei hadde allereie vist serien til Are Edvardsen i Überpress, og etter kvart kom spørsmålet om dei ville gi den ut på norsk. Det var naturleg å halde fram det samarbeidet som dei hadde frå antologiane på same forlaget, og nå håper dei at heile serien på tre bind kan komme ut på norsk.
Kvifor er den på akkurat nynorsk? For Markus’ del skriv han nynorsk til vanleg, og det passa jo bra med at Überpress generelt satsar på nynorskspråklege teikneseriar. -Eg skriv ikkje på nynorsk sjølv, legger Lars Erik til, men synes det er veldig artig å lese serien på det målføret. Det er jo ikkje noko du ser vanlegvis.
Skaparane av «Udugelege heltar» blir å møte på OCX-standen til Überpress denne helga.
Øvst: Markus (f.v.) og Lars Erik signerer bøker på Spillhuset. Foto: Nils Vermund Gjerstad.