Norge får ny teikneseriefestival

11.-13. november blir Bergen Tekst og Tegning (BT&T) arrangert for aller første gongen. Tida er inne for ein ny, norsk festival som viser spennet i den niande kunstarten, og som både ser nærare på forsking rundt teikneseriar og korleis teikneserieskaparar arbeider.



Dei fleste programpostane kjem  til å føregå på Litteraturhuset, men noko av festivalen blir også gjennomført på hovudbiblioteket.

Årets plakat er teikna av Jens K. Styve, som også er en av festivalens hovudgjester. Styve har stor suksess med teikneserien «Dunce», men under festivalen kjem han også til å sjå tilbake på karrieren sin der han på 1990-tallet var involvert i fanziner og laget teikneseriane om Finn Bjølseth frå Nordhordland.

Rufina Bazlova kjem frå Belarus, men har lenge budd i eksil i Tsjekkia fordi ho fryktar for sikkerheita i heimlandet. Bazlova lager teikneseriekunst med fleire material. Ein av hennar meir særmerkte uttrykksformar er dei broderte teikneseriane som kritiserer makthavarane i heimlandet.

I år er det fem år sidan prosjektet «Picture Politics» starta opp i regi av Goetheinstituttet. Prosjektet såg nærare på politiske strømmingar i Europa, og teikningane som blei laga er vel så aktuelle den dag i dag. Arifur Rahman var med på prosjektet og skal snakke både om «Picture Politics» og om eigen karriere. Rahman måtte i si tid flykte frå Bangladesh etter å ha laget angjevelege «blasfemiske» teikneseriar som gjorde han til eit angrepsmål.

Haakon W. Isachsen har ein lang karriere bak seg både som teikneserieskapar og redaktør. Under BT&T skal han snakke om egne teikneseriar som strekker seg frå undergrunnsrørsla på 1970-tallet til manusansvar for Flåklypa-julehefta.

Tim Eckhorst kjem frå Tyskland. Han er både teikneserieskapar og forskar. Han er involvert i teikneseriebladet Pure Fruit, som har en annleis distribusjon i dei tyskspråklege landa. På BT&T deler han om eige teiknearbeid, egen forsking og om erfaringar med Pure Fruit.

BT&T startar med en juleheftefredag. Denne dagen ser ein nærare på både julehefta si historie og det spesielle med slike teikneseriar. Både forlagsfolk, teikneseriekjennarar og teikneserieskaparar blir med på å diskutere julehefte i fortid, nåtid og framtid.

Avsluttinga av BT&T blir gjennomføringa av Comiquiz. Dette er eit nordisk meisterskap i teikneseriekunnskap. Elles blir det også ein digital teikneserieverkstad for ungdom før og under festivalen, pluss eigne programpostar for barn.

Årets utgåve av Bergen Tekst og Tegning er tenkt som kimen til en fast teikneseriefestival i Bergen, der det framover vil vere årlege tema  Temaet for neste års festival er allereie satt, og då vil BT&T ta for seg korleis tematikk rundt helse er skildra i teikneseriar.

Arrangør av Bergen Tekst og Tegning er teikneseriegruppa seriX frå Bergen.

Her kan ein lese meir om nokre av våre arrangement.

For meir informasjon om Bergen Tekst og Tegning, kan ein kontakte Kristian Hellesund i seriX-styret på e-post kristian.hellesund@online.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.