Mot nye begynnelsar

2022 har sett ei større avskalling innan norske i norske humorblad. Fleire kjente og populære norske stripeserier står utan fast hylleplass når vi går inn i 2023  Er kioskformatet i ferd med å døy ut?

2022 var eit dramatisk år for norske seriehefte. Rett nok ikkje så dramatisk som 2018, då Pondus og Lunch meldte overgang til det nystarta Strand Forlag. Kort tid etterpå blei det også kunngjort at ein institusjon som bladet Fantomet skulle leggast ned. 2018 var også året Gyldendal begynte å gi ut Nemi.  Noko som ikkje burde tele, sidan det sistnemnte blei kunngjort i 2017, men eg tek det med fordi det har direkte samanheng med årets hendingar.

I november 2022 blei det kunngjort at Radio Gaga, eit blad som oppstod som ein direkte konsekvens av Pondus’ og Lunch’ overgang, blir lagt ned etter fire år. Kort tid etterpå blei det også kunngjort at bladet Nemi skulle leggast ned frå nyttår.

Ingen av nyheitene var direkte overraskande for meg. Sjølv om Egmont satsa for fullt på å gjere Radio Gaga til eit kvalitetsblad, var det lett å sjå kor vegen gjekk då bladet skifta til albumstatus og albumformat ved førre årsskiftet. Og sjølv om mange sikkert har Radio Gaga som sin favoritt, var den truleg ikkje like godt kjent som dei andre populære stripeseriane. Viss teikneserien din ikkje ein gong kan selge eit julehefte, er det eit fareteikn. I alle fall dersom den samstundes er meint å vere populær nok til å ha ein eigen periodika med 8-12 utgåver i året.

I tilfellet Nemi var det heller snakk om ein gradvis utmatting. Bladet var inne i sitt tjuande år, og siste nummer var nr. 200. Så kan ein alltids spekulere på kor lang utsetjing bladet fekk fordi Gyldendal og Lise Myhre blei einige om å la det få slutte på to så fine, runde tal. Uansett, poenget er at Nemi har blitt ein teikneserie som alle har høyrt om, men som stadig færre leser, i alle fall i bladform, skal eg tru tilbakemeldingane frå teikneserieinteresserte eg snakkar med.

20 år som eige blad er då likavel veldig respektabelt (i tillegg til dei 17 åra bladet varte i Sverige). Og Lise Myhre får i alle fall behalde kontrakten med Gyldendal, så det blir nye seriar frå henne, og nye Nemi julehefte også i framtida. Det er ikkje tilfelle for Torbjørn Lien, som endå meir nyleg gjekk ut og innrømma at han og Kollektivet nå er utan forlag, etter at seriens status som biserie i Nemi nødvendigvis er forbi. Han må heretter basere seg på eigenpublikasjon og dei moglegheitene som internett tilbyr av Patreon, Kickstarter, osb.

Tre erfarne og populære stripeteiknarar står delvis ribba tilbake, men ikkje rådlause nokon av dei, skal ein tru serieskaparane sine eigne utsegn til presse og sosiale media. Lien har allereie begynt å eksperimentere, og det er lov å håpe at også Flis og Myhre vil utnytte det potensialet til kreativ fridom som dei, på godt og vondt, har fått nå.  

Så skulle ein tru konklusjonen av dette må bli at periodika dedikert til humorseriar, særleg striper, er døyande. Frå før av er actionbladet daudt i Norge (utanom Tex Willer), og det same gjelder barne- og familieblada (utanom Donald Duck & Co).  Men på tvers av dette kan ein merke seg to andre ting frå 2022. For det første er det inga teikn til at periodikaen Rutetid, som endra status til album på same tid som Radio Gaga, blir lagt ned. For det andre starta Strand eit nytt blad, Storefri, i sommar. Rett nok tek Strand det litt forsiktig; formelt så har denne periodikaen også albumstatus, og kjem med nytt nummer berre annan kvar månad…ish. For redaksjonen tok ein spansktime og hoppa over årets fjerde regulære utgåve, med ei antyding om at juleheftet var nærme nok.

Ved å utvide bladmarknaden går Strand mot straumen, men Storefris allianse med serieskaparar som har bakgrunn frå NRK (Marius Stene), proff-fotball (Noora Ekchoff) og musikk og scene (Linn Isabel Eielsen) kan samstundes tyde på at norske teikneseriar er på veg inn i ein breiare multimedial posisjon. For 2022 var også året då Malin Falch sikra seg tabloidoppslag som deltakar i Discoverys «Love IRL».  

Ein ny humorperiodika er ikkje ein gong det dristigaste Strand har gjort i år. Å inngå eit samarbeid med Sigbjørn Lilleeng om å gi ut ei revidert utgåve av «Nagel» for sal i kiosken som albumserie, med regelmessig nye utgåver, er kanskje noko av det mest beundringsverdige eg har sett innan distribusjon av teikneseriar i 2022. Det vitnar om kjærleik, men minst like viktig, om tillit. Ein skulle nesten tru Strand meiner at Lilleeng kanskje kan appellere til fleire enn berre Lilleeng sine venner, kollegaer og redaktørar!

Strand har utvida verksemda si raskt, men det begynte som kjent med norske stripeblader. Og på dette feltet er statusen deira så godt som suveren ved årsskiftet. Pondus og Lunch held stand. Egmont kjem neppe til å satse på eit nytt, norsk humorblad for å konkurrere direkte med desse i 2023, men heller la Billy sørge for marknadsandelen deira når det gjeld striper, og håpe at Rutetid selger nok til å overleve eit par år til. Til kiosken har dei elles alltid sine Disney-ender og sine assorterte italienske og fransk-belgiske seriar.  

Retninga som både Egmont og dei store bokforlaga går i, har elles vore tydeleg nok i nokre år nå. Meir bokhandeldistribusjon, og meir av både nordisk manga og manga-aktig generelt. Det hjelper nok at ein ganske fersk teikneserieskapar som Nora Dåsnes fekk Nordisk Råds Litteraturpris, og Malin Falch framleis får oppslag for meir enn berre kjendis-mingling.

Men også her er det ei utvikling å spore. Barne -og ungdomssegmentet ser truleg to trendar på veg inn: Meir verkelegheitsnære historier, og fleire etablerte forfattarar. Til neste haust kjem Cathrine Sandmæl (Cha Sandmæls syster) med den teikna oppvekstromanen «Jenter» på Egmont. Nicolai Houm skriv Gyldendals neste store teikneseriesatsing, «Atmosfærebarna», som er ute alt i januar, og seinare på nyåret kjem Egmont med «Edelmot», ein ny nordisk manga om gaming, skrive av Victor Sotberg og teikna av Odin Helgheim. I det grenselandet mellom realisme og fantasi som gaming tillat, er det mogeleg at Sotberg og Helgheim kan ha funne eit smått genialt nytt uttrykk for teikneserieforteljing på 2020-talet.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *