Julehefter 2021 – Moderne norske

Dei moderne norske seriane, i tydinga «post-Pondus», dominerer som vanleg sjokkselgaren; i år kanskje meir enn nokon sinne takka vere ein ekstra innsats frå Strand forlag. Men kva er best? Serienett sin redaksjon har nokre klare favorittar.

Pondus
Altså, vi kjenner alle prosedyren nå, ikkje sant? I alle fall alle som har sett eit Pondus-julehefte før i sitt liv. Nye striper, fleire av dei høgtidsrelevante, litt gjestestoff frå biseriane, fotballquiz, årskavalkade. Frode er i vanleg slag, men så utruleg raskt gjennomlese med mindre du fordjupar deg i Scheies fortballnøtter. Pondus-skaparen ha litt ekstra ros for at han prøver å gi fokus til nokre av dei mest obskure bifigurane, som Eddies prestefar og ordføraren. Og for det artige nye designet på ein av Fridas Mellomland-venner. (TS)
4

**

TegneHannes Jul
Viss du er overraska over at TegneHanne plutseleg får julehefte nå, fem etter sitt første og lenge einaste, vel då er du i selskap med Hanne sjølv. I eit av dei kostelegaste augneblinka i årets jukehefteflora, skildrar ho sitt eige mindreverdskompleks som julehefteskapar i det innleiande kapitelet (sjå ovanfor). Denne trekker opp inntrykket fleire hakk; resten av humoren er av det meir allmenngyldige slaget. Men ingen kan som Hanne få fram det det trivelege, bittersøte og stressande ved jula på ein mest mogeleg ærleg måte. (TS)
5

**

Storefri
For å vere ærleg, så har eg aldri hatt sansen for Storefri. Eg har jobba som lærar og sjølv om noko av dette er gjenkjenneleg så er det ofte lettvint humor med lite spanande karakterar, og det beste som kan seiast om teikningane er at det er litt som tidleg Øverli, men utan same snerten.

Når det er sagt …

Eg veit at der er mange andre som likar Storefri, inkludert andre lærarar som kjenner att sine skulemiljø i dette og elskar den. Så for å ta akkurat dette på alvor …

Juleheftet har ein lengre historie med lærarane på julebord, der dei får vere meir seg sjølv, og historia her går litt meir i djupna på karakterane, visar litt annan dynamikk på lærarrommet, og humoren får utvikle seg over fleire ruter, til god effekt. Viss du likar Storefri til vanleg, så vil du elske juleheftehistorien, med sin saftigare porsjon med humor, godt avrunda av julete Storefri- og Hurtigmat-Striper. (KRK)

4 (men den må halde det nivået ut året for å få det som standpunkt)

**

Kollektivet
Torbjørn Lien sin serie om denne merkelege og vidt forskjellige gjengen biter seg framleis fast, og ingen leverer vel så trufast på akkurat julehefteforteljinger. Årets hefte er eit eksperiment med 24 småhistorier på kvar sin dag i adventstida, med ein liten raud tråd igjennom som lauseleg knyttar det saman (og viser attende til tidlegare julehefte).

Humoren og karakterane er den same, vi får nokre solide gags som tek førjulsstria på kornet og gir framdrift i karakterutvikling. Godt individuelt og solid fletta saman. Den raude tråden igjennom er noko slapp, men det er uansett smågodtet i dei ymse episodane som gjer dette til eit snaskete julehefte, med mange høgdepunkt og nokre få flate partier. (KRK)
5

**



**


Nemi
Etter fjorårets litt slappe julehistorie er det kanskje like greitt at Lise Myhre har lagt kraftanstrengelsane sine ned i å illustrere Edgar Allen Poes «Ravnen» (i André Bjerkes gjendikting) som årets julebonus. Veldig lite julete, men så stilfullt! Elles har ho laga ei lita handfull med brukbare nye striper til årets hefte, og ei «djup» heilside i svart-kvitt (Myhres forsøk på å vere djup har alltid gitt veldig blanda resultat, for å seie det mildt). At det kjem litt reprisar på toppen av dette, er ikkje noko problem. Då er det verre at heftet innheld nokre preglause bonusteikningar som litt for tydeleg berre har til hensikt å fylle opp plassen. (TS)
4

**

Rutetid
Meir enn halvparten av heftet er Øverli sine Rutetid vitseteikningar enkeltvis blåst opp til ei heilside. Eg diggar Øverli sine teikningar like mykje som alle andre, men det gjer jo heile greia litt tynnare på innhald.

Magne Taraldsen sin Vikingserie er sjarmerande, og fortjener meir plass enn dei få sidene den fikk. Dei andre gjør eit ærleg forsøk på julestemning, men er ikkje solide nok til å vege opp for at dette heftet er veldig tynt på innhald. (KRK)
3

**

Lunch – Jul med stil
Som vanleg er Børge Lund heilt i toppsjiktet saman med Torbjørn Lien når det gjeld å lage spesialhistorier til julehefta. I fjor følgde vi Kjell og familien på julaftan, i år følger vi Nico i juleførebuingane vekselvis med familien og vekselvis på kontoret. Ein trolldeigfigur laga av den kreative veslejenta i familien utfordrar den strenge minimalisten Nicos smak, og derifrå tek historia, på beste Lunch-manér, dei mest uventa vendingar før julestemninga brer seg i hjarterota til både lesar og kontorist til slutt.

Therese G. Eide blei dessverre ikkje tilgodesett med eit Hjemmefronten julehefte, men bidreg med velkomment nytt materiale i dette hefte (årets tema er naturleg vs. kunstig juletre). (TS)
5

**

Pondus – Klassiske Julehistorier
Samlealbum med gjenopptrykk, ja visst, og den manglar eit par av dei beste Pondus-julehistoriane.  Men her er det snakk om rett presentasjon. Og då meiner eg ikkje berre ein passe lekker innpakking, men framfor alt tre nyskrive Pondus-sentrerte kåseri av Levi Henriksen som særskilt set historia om jakta på Jokkes pappa, og juleoppfølgjaren, i ny og vakker kontekst. Så greidde altså Strand Forlag på snedig vis å frambringe eit teikneserie-julehefte som (på ein måte) passar inn i den nye litterære juleheftetrenden! (TS)
5

**

Dunce
Årets beste Julehefte.

Meir? OK. Men berre fordi redaktøren krever det.

Med den reine, klassiske stilen, dei godt oppbygde visuelle gagsene og den godslege og noko sære familie-tonen i serien, så er det lett å peike til kjende, veldig gode serier og seie “den er som X” eller “den er som Y”, men det er berre i lette homages til andre teiknarar. Dunce er reindyrka og unik, ikkje ein falma kopi av fortidas helter. Den litt sære og deprimerte aleinepappaen i dumrian-hette er sympatisk, det store og varierte birollegalleriet skaper flotte, gjenkjennelege men overraskande situasjonar med både humor og hjartevarme. Javisst, Jens K Styve føyer seg inn i rekka av særs dyktige handverkarar som har veksla på å stå på teikneseriestripe-pallen dei siste åra, men utmerkar seg spesielt på sin lune humor, og måten han framstiller livsglede innhylla i depresjon og mørketid. Vi får her ein god julehistorie, med Krampus på besøk att, juletradisjoner og litt motvillig julefeiring.

For mange er jula tung, og årets Dunce julehistorie tek dette på alvar.

Få den med dykk. (KRK)

6

**

Julebonus: Radio Gaga # 10/21
Eige blad og årleg boksamling har dei, og attpåtil eit Halloween-hefte, men årets julehefte frå Radio Gaga utgår. Ikkje ein gong eit «julealbum» (dvs. uoffisielt julehefte blei det plass til i år. Juleheftemarknaden er knallhard. Til gjengjeld er det rikeleg med julestemning i årets siste utgåve av det regulære bladet. 17 nye striper med hovudserien, svært mange av dei 100 % jul, og Flis har verkeleg lagt seg i selen for å finne varierte og slagkraftige gags tilknytta høgtida. Biseriane Oskar Erobreren og før nemnte Dunce byd også juleunderhaldning over gjennomsnittet. Månadens Eon frå Lars Lauvik har ingen ting med jul å gjere, men må sjåast og nytast av einkvar teikneserieelskar. Du forstår det når du ser den sjølv. 

Dette var overhovudet ikkje planen, men når ei regulær utgåve tilfredsstiller julebehovet såpass…Serienett utroper hermed Radio Gaga nr. 10 til årets æresjulehefte! (TS)
5

TS=Trond Sätre
KRK=Knut Robert Knutsen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.