Den store, adekvate studenthandboka

«Alene hjemmefra» er eit teikn i tida. For Linn Isabel Eielsen er det neppe nokon grunn til å vere uroleg. For teikneseriebransjen? Vi får sjå.

På årets Stockholm Internationella Seriefestival (SIS) fortalde Håkon Strand publikum at for å trygge salet av stripeseriar, har Strand Forlag begynt å tenke meir alternativt, og pakke stripene sine inn i temabøker og «handbøker». Derfor ha vi sett ting som Pondus-temabøkene om fotball, rock, m.m., Lunch-bøker som «Business in Norway» og «Velkommen til arbeidslivet» og Storefri-boka «Læreplan B».

Eg skjønte at vi kom til å få sjå endå meir av slike framover. Eg trudde berre ikkje vi skulle få sjå den logiske konsekvensen av ei slik utvikling gå så fort. Men her er «Alene hjemmefra», presentert som ei handbok for studentar som skal bu heimefrå for første gongen. Boka tek utgangspunkt i Linn Isabels kvasi-sjølvbiografiske stripeserie «L-Innsikt» og er rikt illustrert, men viktigare, den er rik på tekst. Eit par kapittel har mange striper på rad, men for det meste spelar teikneseriane ei sekundærrolle

Ei rådgjevande teikneserie-handbok for dei som treng råd meir enn teikneseriar?  For ein aparte ide!

Innhaldet er ei blanding av personleg og generelt stoff. Delar av materialet er elementær forbrukarinformasjon frå sider du sjølv kan finne med eitt enkelt søk, men endå meir er hennar eigne erfaringar.

Språket, er med eitt ord, balansert. Det vil seie, småmorosamt, men ikkje heile tida, og ikkje på bekosting av informasjonsnytta. Humoren hennar er meir spissa i stripeform enn i prosaform, og står fleire stader i kontrast til den ofte regelrett saklege teksten. Såleis er det også ei viss balanse mellom uttrykksformene i boka. Og noko av det beste prosamaterialet i boka er ikkje i overkant festleg, men heller inspirert, som essayet hennar om biblioteket.

Sjølv om Linn Isabel gir mykje av seg sjølv i boka, er det likevel eit og anna hol i forteljingane. Kanskje det tydelegaste dømet kjem ganske tidleg i boka, når ho fortel om korleis mobilen hennar blei stolen i Paris, og ho oppdaga for seint at reiseforsikringa ikkje dekka det. Deretter følger ein masse generelle råd om forsikring, men ho kunne då godt fortald nøyaktig kvifor reiseforsikringa, i akkurat dette tilfellet, ikkje dekka tjuveriet. Ein skulle tru det var ein nyttig, enkelståande erfaring å dele med offentlegheita. 

Mykje av det teikna materialet er attbruk, sjølvsagt, men ikkje alle stripene er samla i tidlegare bøker. Mange har nok dessutan ikkje lest dei før uansett, for la oss innsjå det, alt tyder på at denne boka kjem til å selje mykje betre enn dei tidlegare «L-innsikt»-samlingane; den har fordelar både når det gjelder distribusjon og marknadsføring. Mykje er også tydeleg nyteikna for boka. Så lenge fansen veit at dette ikkje primært er ei stripesamling, vil dei ikkje bli skuffa. Linn er best på å teikne folk (i ein karakteristisk chibi/karikatur-stilart) og småting. I tillegg kan ho teikne hus og landskap på ein heilt grei måte. Nokre få gonger krev konteksten at ho teiknar noko meir, og då må ho røpe ein og annan svakheit, t.d. at ho ikkje er så god til å teikne ting på hjul. 

Nokon vil kanskje hevde at boka berre inneheld sjølvsagtheiter, både av den objektive og subjektive typen. Kor mange gonger har vi ikkje høyrt IKEA-besøk bli skildra som den store forholdsdödaren, til dømes?  Kva er ikkje alt sagt om KI?

(At folk ikkje ligger så mykje som du trur, og at sexen vanlegvis ikkje er så bra, er derimot ein observasjon som kanskje utfordrar populærkulturelle konvensjonar. Nokon burde kanskje fortald den unge Rocky dette.)

Men det er alltid nokon som ikkje visste det og det, og dersom du går litt i deg sjølv, visste du nok ikkje alt dette sjølv, heller.  For mange lesarar kjem «Alene hjemmefra» til å vere ei heilt adekvat, kanskje til og med veldig verdifull, vegleiing.

Boka fortel også studentane (og også nykommarar på mange slags plan i livet) ei viktig lekse. At forfattaren måtte jobbe hardt for det ho har oppnådd, akademisk og sosialt. At det kanskje ikkje var «medfødd» karisma og intelligens (eller familiens pengar) som ga henne den relativt vellukka posisjonen ho har nå, burde vere ei trøyst og oppmuntring for mange.  

For til slutt handlar det om den personlege touchen framfor alt. Og Linn Isabel Eielsen veit alt om den personlege touchen.  

Alene hjemmefra
Av Linn Isabel Eielsen
240 sider
279 kr
Egmont

Les også:
Moderne, unge kvinner mot sporvegskontrollørar
Den unge og lovende, så langt
Ei Linn Stemme?
På tide å gjøre det jeg liker

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *