Tredje bindet av «Arkin – Lysets vokter» heiter «Valget», Historia er likevel tvitydig på kor viktig eit menneske, eit individ, sine val er.
H.L. Phoenix tar seg framleis god tid med Arkin i sin tredje bok. Ein skulle knappast tru at ein standardisert kosmisk skurk som Nemeroth luskar i dei paradimensjonale korridorane. På dette tidspunktet er Nemeroth framleis pussig fråverande. Første spørsmålet er, glimrar han med sitt fråvær? Har soga det betre utan han?
Så langt har Arkin nok å gjere utan han. Eller, eigentleg har han berre ein jobb, men den tek heile boka. Han må oppsøke den kosmiske bibliotekaren Unnodeh og få henne til å gi han eit forsvarsvåpen i kampen (som etter kvart vil komme, antar eg) mot Nemeroth. For å komme dit må han forbi ei gruppe dørvaktar som deler alle fantastiske dørvaktarar sin fascinasjon for gåter og «tre dører»-valdilemmaet.
Dei nye figurane er underhaldande nok, sjølv om Unoddeh si oppgåve først og fremst er eksposisjon. Historiestrukturen i «Valget» følger data-eventyrspelet sine reglar. Med Nemeroth som ein finaleboss som framleis ventar i kulissane.
Men det er ikkje rettferdig å trekke spelmetaforane for langt heller. H.L. har tydelegvis noko på hjartet. Og i ei bok som handlar om val (og lite om action) er andre spørsmålet, korleis står historia seg filosofisk?
Det er blitt føreslått at Arkin forfektar manifestering, dvs. ideen om at ein kan tenke seg positivt til suksess. Eg ser korleis Arkin sine opplevingar kan bli tolka i den retninga, men oppfattar det i så fall som eit underspelt poeng. Inntrykket mitt er at serien vektlegg skjebnen, at det er Arkins rolle som «den utvalde» som fører han på rett veg. Magien sin påverknad leiar han forbi dørvaktarane og til Unnodeh, og leiar han deretter til å velje det som vi må tru er det beste våpenet. Magien påverkar også ei anna viktig hending i Arkins liv, ei som er meint å vere ei stor avsløring i denne boka, utan at eg skal røpe presist kva det er. Ei vanskeleg personleg val var rett nok involvert den gongen, og denne bakgrunnshistoria seier noko meiningsfylt om moral og menneskelegheit. Som ei likning er eg viljug til å vere med på denne detaljen. Sjølv om konklusjonen er at ingen ting kan få vere tilfeldig, og heller ingen ting kan få vere eit resultat av menneske si vilje aleine.
Tre bøker ute er grunninntrykket like klart som før. Arkin er ein visuelt slåande serie, og det er grunnen til at eg gjerne vender attende til den kvar vår. Den er full av mørke, kraftige fargar vel eigna til få fram kjensler av både det grenselaust kosmiske og det einsamt melankolske. Full av mangfaldige fantasifigurar inspirert både av kontinentale og amerikanske stilartar. Full av store, majestetiske motiv. Nokre seriar kan du lese mest for teikningane, og det er ikkje meiningslaust; bilde aleine kan vere til stor inspirasjon. Skrivinga til H.L. er då heller ikkje utan kvalitetar. Han har nokre kreative påfunn, fleire enn enkelte av sine samtidige norske forteljarar innan same segmenta, og tidvis glimtar han også til i dialogen. Men tre bøker ut i Arkin trur eg meir på serien sitt ytre kosmos enn på dens indre drama.
Arkin – Lysets Vokter (bok 3): Valget
Av H.L Phoenix
222 sider
299 kr. (veil.)
Egmont
Les også:
Anmelding av «Arkin – Hemmligheten»
Anmelding av «Arkin – Håpet»
Intervju med H.L. Phoenix
Videointervju med H.L. Phoenix.