Hovland og Kvernelands store utklippsbok

0151 v2

Meir enn ein norsk kunstnar prøver å fornye seg med den gjennomillustrerte biografien «Astrup».

«Astrup» er Ragnar Hovland og Steffen Kvernelands biografiprosjekt om kunstmålaren Nikolai Astrup (1880-1928), han med Jonsokbålet, mennesketreet og Kollenfjellet, mellom anna. I ettertid er han ein av norsk kunsthistories mest kjente målarar.

Han er også ein kunstnar som Hovland veks opp med, og Hovlands morfar Ragnvald Indrebø (1891-1984) kjente Astrup personleg då førstnemnte var prest i kunstnarens heimtrakter, Jølster.

Steffen Kverneland laga «Munch», den høgast skatta teikna kunstnarbiografien, kanskje den høgast skatta teikna biografien generelt, i norsk publikasjonshistorie. Så når Kverneland involverer seg i ein ny teikna kunstnarbiografi, knyter det seg mykje forventing til den.

0151 Main
Ein enkel plan

I «Astrup» køyrer han (og Hovland) derimot eit heilt anna løp.

«Ein gonzobiografi» står det inni boka. Diskret, for eg mistenker at forleggaren ikkje trudde det var den mest salbare undertittelen. Men dekkande er den. Wikipedia beskriver gonzojournalisme1 som ei stilretning som er skrive subjektivt, og der reporter(ane) ofte gir seg sjølv ei rolle i forteljinga.

I tråd med dette handlar eigentleg om at Hovland og Kverneland reiser til Hovland-familiens hytte i Jølster for å prate laust og fast om Astrup. Derifrå tek prosjektet ymse uventa vendingar. Fridomen som ligger i omgrepet gonzojournalistikk er grundig utnytta i ein presentasjon som blandar teikneserie, prosa, lyrikk og fotografi. Ei regelrett utklippsbok (eller scrapbook) har det blitt.

0150 Main
Slik gjekk nå dagan

Arbeidsfordelinga er flytande. Mykje av den reelle biografiske informasjonen om Astrup er levert gjennom antatt transkriberte samtalar mellom dei to, og desse samtalane er grøvsteparten av bokas prosadel. Eg veit ikkje kven som har skaffa dei ulike arkivfotografia og kunstmotiva. Truleg Hovland, som tidlegare har jobba med ein aldri fullført «vanleg» biografi om Nikolai Astrup. Men det var lenge sidan; den skulle eigentleg vere ferdig i 2005, får vi som lesarar vite.

Dette er kanskje hans måte å fullføre prosjektet på?

Likevel må eg konkludere med at Steffen Kverneland er den viktigaste bidragsytaren til boka. Ikkje primært som ein teikneserieskapar, men som humorist og kunstnar på eit breiare plan. Og best kjem dette til uttrykk i fleire enkeltståande motiv. «Astrup» er som før antyda ikkje ein rein teikneserie. Av ca. 200 sider er det drygt 1/3 kan reknast som sekvensiell bildeforteljing, ofte supplert med fotografi. Og mange av dei reine seriesidene består tydelegvis av seriar med kopierte ruter, og berre ny dialog i kvar rute. Heimturen frå Jølster, t.d., er skildra gjennom 32 identiske ruter.

To plageåndar frå Nikolai Astrups livshistorie, lett demonisert av Steffen Kverneland: Ludvig Karsten, og ein hare som åt Astrups nyttevekster.

Slike seriesider er det fleire av, om ikkje like lange, og enkelte av dei gir berre ein billig latter. Ein tenkt samtale mellom Astrup og pastor Indrebø, som aldri kjem forbi “næhæi/joho”-nivået (bokstaveleg tala), er eit godt døme. Eg er overtydd om at forfattarane kunne gjort noko meir ut av den; dei er då ikkje heilt uinteresserte i teologi. I alle fall ikkje i denne bokas kontekst.

Andre gonger blir den først billige latteren god når forfattarane har kreativitet og frekkheit nok til verkeleg å dra han ut. Beste dømet på dette er anekdoten om at Astrup ein gong ble fråteke kunstnarstipendet sitt fordi ein rival, Ludvig Karsten, skal ha sett ut eit rykte om at Astrup hadde arrangert ein slags orgie. Fantasien løper løpsk, og Hovland og Kverneland ender med å gjenfortelle historia i 14 ulike versjonar over 19 sider, som dikt og prosa. Gjennomillustrert, sjølvsagt.

0158 Main
Astrup søv utanfor Nidarosdomen. Det gir meining i konteksten.

Sekvensen er også eit godt døme på kva hever «Astrup» frå underhaldning og (meir eller mindre) inspirert tøys til eit av haustens høgdepunkt innan grafisk forteljarkunst. Nemleg blandinga av høg og lågt som bør prege skikkeleg – og til sjuande og sist seriøs – gonzojournalistikk. Hovland fryktar (i boka) at kritikarane skal spørje «kvar blir det av Jølsters størst målar i alt mylderet?». Men både i tekst og illustrasjonar er det respekten for Nikolai Astrup og prosjektet som heile tida skin gjennom. Enten lyrikken er arkaisk eller moderne, enten bilda er karikaturar, pastisjar, kvardagsmotiv eller stemningar og landskap. For Kverneland prøver også å måle og teikne som Nikolai Astrup. Og om ikkje desse motiva er dei mest betydelege elementa i boka, er dei krona på verket.

Eg trur at både Kverneland (som har skuggen av sin eigen Munch-biografi hengande over seg) og Hovland (som kan sjå tilbake på ein tidlegare Astrup-biografi han ga opp) har hatt eit veldig tydeleg behov for å gjere denne boka til noko nytt og annleis. Informasjonen du får om kunsten og mannen bak er stakkato, men innsikta du får både i dette og dei to reisande biografiane, og inntrykket av ei levande historie, er meir enn nok til å vege opp for mulege bibliografiske manglar.



Astrup omslag

Astrup
Av Ragnar Hovland og Steffen Kverneland
206 sider
479 kr.
Samlaget

  1. https://no.wikipedia.org/wiki/Gonzojournalistikk ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *