Sjølv om andre bindet av «Atmosfærebarna» får jobben gjort, er den mest interessant som ei studie i Luis Guaragna si utvikling som serieteiknar.
Vi begynner med slutten. For historia sluttar med andre bindet av Atmosfærebarna. Ein ganske definitiv slutt. I teorien kan soga halde fram, men den blir i så fall heilt annleis. Signaturen «Houm Guaragna 2022-2024» på siste side antydar at serieskaparane hadde ein enkelt historie å fortelje, og der var den.
På ein måte er dette prisverdig. Ikkje alle eventyrseriar for barn og ungdom treng å halde på i det lange og breie. «De fremmede», som andre bindet i serien heiter. er klar og poengtert og manglar ikkje noko essensielt for å fungere. Akai er stranda på jorda, Juli er tilbake i luftskip-byen Atmos, men blir ikkje trudd når ho hevdar at det finst folk der nede, og at jordoverflate dermed er bebueleg likevel. Eller rettare sagt, myndigheitene trur henne, men dei vil halde det hemmeleg.
Her kan ein lese mange parablar til ting frå vår eige verd. I tillegg til dei som openbert går på klimaendringar, er innvandring og flyktningkriser element som ein kan trekke inn. Heldigvis utan at det at politiske tolkingar om konspirasjonar og den slags veg for tungt, for serieskaparane økonomiserer altså med sjølve forteljinga, og er meir oppteke av å skildre det konkrete dramaet. Sjølv om «De fremmede» har litt færre sider enn første bindet i serien, er det mykje som rekker å skje, og handlinga har fleire nyansar.
Samstundes etterlet Atmosfærebarna oss med ei i alle fall litt hol kjensle, for heile konseptet har ein episk kvalitet som kunne fortent meir plass.
Samanlagt er denne serien på ca. 250 sider. Kvifor ikkje gi ut serien som ei -1- bok og vere ferdig med det? Svaret på det er truleg det same som for «Floke»: Alt skal vere seriar på dagens barnebokmarkand. Og historia var vel spennande nok til å rettferdiggjere i alle fall ein cliffhanger.
(Floke trakk forresten ut litt lenger enn eg hadde trudd, men så var den strengt tatt ikkje så fokusert som Atmosfærebarna, kan vi sjå i ettertid.)
Teikningane er igjen av Luis Guaragna. Å studere utviklinga i strek er som regel noko av det mest interessante ved teikneseriane han er involvert i, og det også tilfelle med Atmosfærebarna. Lenge har eg hatt mistanke om at han får så mange jobbar fordi Norge manglar heimeavla teiknarar som kan teikne semi-realistisk, i alle fall i hans hans tempo. Men med denne serien har han prøvd seg på ein gradvis overgang til noko meir stilisert og manga-inspirert. Eg for min del skulle gjerne sett han prøver seg på ein slik strek i «Underbyen», som eg føler er for realistisk teikna i forhold til seriens folkloristiske fantasy-innhald.
Men ikkje før han er blitt meir sikker. For visuelt er «De fremmede» er litt famlande. Teiknaren er liksom berre halvvegs i mål ennå. Kanskje hadde han tett deadline. Eller kanskje han jobba ut frå ein ide om at det ville vere god symbolikk om barna ser stilistiske samanlikna med dei meir realistisk teikna vaksne. Men teikningane er ikkje konsekvent på dette feltet, heller. Av ein eller annan grunn har han lagt mest vekt på detaljar når han teiknar presidenten av Atmos, ei gamal kvinne, som om serieskaparane ville understreke hennar erfaring og klokskap ved å framheve rynkene hennar. Resultatet er ikkje heilt uncanny valley, men nærmar seg.
«Atmosfærebarna» kunne sikkert bli ein bra film, om etter norske forhold ein dyr film. Og den kjem sikkert til å bli hugsa med nostalgisk glede av enkelte. Men for meg er den hovudsakleg ei studie i Luis Guaragna si eksperimentering og utvikling som serieteiknar.
Atmosfærebarna 2 – De fremmede
Skrive av Nicolai Houm, teikna av Luis Guaragna
120 sider
299 kr.
Gyldendal
Les også om første bindet:
De som ble igjen