Namn å merke seg

Dei dårlege nyheitene er at årets Bergen 24t er kortare – Omtrent 100 sider mindre enn vanleg. Dei gode nyheitene er at dei fleste bidraga, nærmare bestemt seks av åtte, er nye.

Ennå er det livsteikn i Bergens potensielle teikneseriemiljø, nye talent ønsker å prøve seg på noko så nisje som å skulle laget ein teikneserie frå botnen av på 24 timar. Igjen er dei fleste rekruttert frå universitetsfakultet for Kunst, Musikk og Design (KMD).

Den beste nyheita er for så vidt at denne antologien framleis eksisterer. Sjølv Overtrykk 2024 er forseinka (men den er ferdigstilla), men eit produkt som er primært for teiknarane sine venner og slektningar kjem ut etter planen år etter år.

Vampyr

24t 2024 opnar lovande, med eit vampyrslott så praktfullt teikna at eg knapt kan tru nokon ville laga det med berre 24 timar på å fylle ut 24 sider. Pluss eit treffande tittel: «Vampyrer går ikke til tannlegen!». Eller moglegvis heiter den berre «Vampyr», som står på ei tittelside like etterpå, Uansett er det Julie Larsen (debutant frå KMD) som opnar antologien på denne måten. Historia er ikkje fullt så gotisk som dei første sidene kan gi inntrykk av, det er ganske enkelt ei forteljing om eit vampyrbarn som ikkje vil gå til tannlegen. Handlinga er veldig tynn, men sjarmen ligg i kontrastane mellom den gotiske vampyrdrømmen og hovudpersonen sin meir trivielle (men vampyriske) verkelegheit. Den pene og ryddige streken gjer Julie Larsen til eit namn å merke seg. 

Yokai Blod

«Yokai blod» av Mark Steven Gåsøy (debutant frå KMD) er truleg meint å vere ein smaksprøve på eit mangakonsept, og ambisiøst er det også. Med mykje brutal action og like myke dialog får vi ei lyninnføring i eit breiare univers, svært gjennomført i både tekst og teikning.    

Mia Daniels (debutant frå KMD) sin utitulerte serie er den første i årets bok som scorar litt poeng på originalitet, ein litt surrealistisk fantasysforteljing. Om poenget i historia en enkelt, er serien eit got døme på korleis ein med lause, flytande, strekar kan lage eit miljø som verkar  konsistent og meiningsfylt. 

Flytte

MEN – Først med det fjerde bidraget kan ein snakke om ei verkeleg oppdaging! «Flytte» av Oda Haflan (debutant frå KMD) bruker rett nok ein del heilsider for å komme i mål, men resultatet er imponerande. Teikningane er utruleg reinskore for eit så trongt deadline-produkt. Her verkar ingen ting forhasta. Teknikken hennar er ein intens bruk av grå og svarte skraveringar som gir djupn og reinheit til teikningane. Ho kan minne litt om Anja Dahle Øverbye, men figurane hennar (eller figuren, for det er liksom berre ein her) er meir stilisert enn hos Øverbye. Dette er berre vakkert!

[Pichu Tran]

Så har vi ein forteljing frå Pichu Tran, også kjent som Tenpi frå Rakkan. Han har vore med på Bergen 24t før, i 2021. Han utitulerte bidrag av i år er forteljinga om ein alt for ung enkemann som tek til seg to små hittebarn. Akkurat som i 2021 er det snakk om ein sentimental historie teikna i mangastil, og trass i eit veldig enkelt plott fortonar det heile seg som ganske ambisiøst, på godt og vondt. Han får mykje solid monolog og dialog ut av seansen, men ein sit igjen med kjensla av at han prøvde å gjere seg for stor umake med teikningane. Resultatet er at serien framleis verkar å vere på skissestadiet. 

Ella X

Pichu er den eine ikkje-debutanten i årets bok. Den andre er en verkeleg veteran, Regine Toften Holst, med en ein veteran av ein føljetong. «Ella X» er nok eit avsnitt i soga om den ulukksalige furry fantasy-eventyraren Ella. Tiande kapittel, altså, eit lite jubileum som er verdt å pryde forsdia av årets Bergen 24T. Den seinaste forteljinga er som eit lite friskt pust; her er det mindre av surrealismen og den makabre humoren som har vore gjennomgangstonane i denne serien. Mykje action og valdsamheiter er det, men konteksten er noko meir begripeleg. Dei omtala actionscene er noko lausare i forma enn resten, men arbeidet er elles så jamt som ein kunne vente av den mest profesjonelle i gruppa.

«På villspor» (forsidebilde) av Sara Linn Almquist (debutant frå KMD) er det andre nye talentet som umedelbart skil seg ut. Bruken hennar av gråtonar er kanskje ikkje like kreativ som hos Oda Haflan, men ho plussar på med ein viktig strøk av eldgult som gir serien hennar ein eigenart.  Framfor alt brukar ho konsekvent ein tjukk strek som, saman med fargevala, får «På villspor» til å verke visuelt heilstøypt. Mykje til historie er det rett nok ikkje, som dei fleste av bidraga ligger ikkje seriens styrke i det narrative.

[Stian Marton Hansen]

Siste bidraget i årets samling, ein utitulert forteljing av Stian Marton Hansen (debutant frå KMD), prøver å få plass til mykje, men i motsetning til Mark Steven Gåsøy greier han ikkje å få si historie om utanforskap og mobbing til å sitje. Mange detaljar, men lite retning. Til gjengjeld ser den bra ut, animert og kjensleladd og med unntak av nokre få sider er stilen gjennomført og ikkje prega av hastverk.  

Som vanleg har eg prøvde å sjå trendar i 24t-antologiane sjølv om dei aldri ser ut til å vere der bevisst. High fantasy er stort sett ute. Fantasy generelt er ei utømmeleg kjelde som forhåpentlegvis alltid vil vere med oss. Manga er kome for å bli, men norske serieskaparar er ikkje heilt slave av formatet. Humor vil alltid vere med oss, men ironi og parodi er ute, Materialet er prega av kjærleik til både historier og format, ikkje distanse.

[Mia Daniels]

Det einaste eg saknar, er litt meir farge. Sjølvsagt kan det vere tungvint å få tid til den slags med ei 24 timar lang deadline, men vi har tidlegare år sett korleis kreative teiknarar finn løysingar.

Etter å ha evaluert årets 24t kryssar eg igjen fingrane og bed ein stille bøn for overlevingsevna til antologiformatet.  



Bergen 24t 2024
Av diverse. Forside av Regine Toften Holst. Redaktør: Are Edvardsen
216 sider
349 kr.
Überpress

 
Les andre saker om 24H her:
Rapport frå Bergen 24t i 2017
Anmelding av Bergen 24t 2017
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2019
Anmelding av Bergen 24t 2019
Sak om Oslo 24H 2021
Anmelding av Bergen 24t 2021
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2022
Anmelding av Bergen 24t 2022
Anmelding av hefte (eit utval) frå Oslo 24H 2023
Anmelding av Bergen 24t 2024

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *