Fanzinefredag 3

Januar 2022 kikkar Serienett på ymse fanziner som var til sals under årets OCX (for det meste). Første runde går til Stavangerteiknarane og forlaget Makkverk.

**

Kunstnarr (Bare Snabel # 30)
Av Espen Birkedal
Forord av Merete Jonvik
Trompet Forlag

Espen Birkedal er kanskje mest kjent for podkasten «Lunken Kaffi». Nyleg har han dessutan starta opp ein videoblogg, «Tørt Papir», der han intervjuar folk frå teikneseriemiljøet. Men han er også teikneserieskapar sjølv, og «Kunstnarr» (den doble tydinga av tittelen burde vere openberr for alle som forstår litt Rogalandsdialekt eller nynorsk) er ei krønike om livet hans som ein del av kunstnarmiljøet i Stavanger. Ein veldig stilsikker og sveipande strek som konsekvent utstråler lakonisk vidd, sørger for ei perfekt ramme.

Innhaldet blei laga frå juli 2018 til oktober 2020, og boka var kanskje meint å skulle seljast på Comnicon 2020, før dette arrangementet blei heildigitalt (den blei i staden lansert på eit eige arrangement på Salongen i Stavanger).

Nokon større plan ligg moglegvis ikkje bak «Kunstnarr», det er meir ei samling anekdotar som nokre gonger er tidfesta, andre gonger ikkje. Mykje av det er nok først og fremst interne vittigheiter – «You had to be there» – men innimellom dukkar serieskaparen plutseleg opp med ein verkeleg treffsikker kommentar eller ditto satiriske poeng som har resonans også utanfor kunstmiljøet i Stavanger .

Viss han var litt meir påståeleg og større i kjeften, kunne teikneserie-avataren hans, «Espen Birk», kanskje blitt ein norsk Rocky. I staden har han på ein måte valt å gå motsette vegen av Martin Kellerman, og gjort seg mindre tøff i trynet enn han kunne. I eit intervju med Stavanger-nettavisa Byas skildrar serieskaparen figuren slik: «Den er omtrent 90 prosent basert på meg. Jeg må liksom fremstille meg selv litt patetisk for å gjøre det mer komisk.».

**

Den sinte lille jenta (Ikkje anskaffa på OCX)
Av Rasmus Husebø
@undsowalter

Denne vesle trykksaka, rå og enkel i format, som ein gjerne forbinder med fanziner, var i alle fall meint for Comicon 2020 (for det står bak på permen), og er nok eit døme på Rasmus Husebøs mangesidigheit som forteljar. Historia er simpelthen eit lite eventyr, basert eigenleg berre på eitt einaste bilde – Av eit lite barn som ikkje kan anna enn å stirre olmt på alt og alle omring henne. 

Slutten er bevisst antiklimatisk, men det er den grafiske presentasjonen som ein fester seg ved. I første rekke dette eine probate motivet, og særskilt dei gjennomborande auga, men også Husebøs bruk av tusj for å skape ei skitten mellomalderstemning. Ei slags mini-peikebok, «Ting å tenke på for å få sove», følger med.

**

Nine to five på natta og Hva i…Men for f…
Av Annika Linn Verdal Homme
Forord av forfattaren («Nine to five»)
Forlaget Makkverk

Skjenkestopp kjem og går, har vi erfart. Mens serieskaparen var permittert, laga ho innhaldet i «Nine to five på natta» basert på eigne erfaringar som bartender. Ho bruker tofarga risotrykk, som i dette tilfellet gir premissen ein kledeleg surrealistisk gjennomgangstone. Inntrykka kjennest spontane, ofte uryddige og påtrengande, slik eg innbiller meg at det må vere å jobbe som bartender ein travel seinkveld. For ytterlegare å skape eit breitt og generelt inntrykk av pubkulturen, nytter serieskaparen augelause figurar som kan minne om Osvaldo Cavandolis «Streken». Nokre gonger også i personlegdom. Endå meir verknadsfullt blir dette når ho iblant bryter med mønsteret og teiknar ein overstadig berusa gjest som t.d. ein planke eller ein sint panda.

Ikkje for det, Homme kan også vere svært personleg, og det i stadig større grad utover i boka. Ho fortel opent om (det som ein kan anta er) personlege erfaringar med tafsing og verbal seksuell trakassering, om korleis helsestatistikken er imot henne, og om korleis vegen frå himmel til helvete i det heile tatt kan vere kort. Eit spanande nytt bekjentskap, og eit godt døme på korleis ein kan bruke alternative verkemiddel til å lage ei forteljing med ålmenn appell.

«Hva i…Men for f…» er ei samling absurdhumoristiske stykke fortald i same grafiske stilen som «Nine to five», men med dei surrealistiske elementa i større grad framheva. Desse stykka kan krevje nokre gjennomlesingar for å sitte. Fanzinen anbefalast til dei som allereie har lest «Nine to five», og har lyst til å utforske Annika Linn Verdal Hommes metodar vidare.

Øvst: Espen Birk leiter bokstaveleg tala etter gullkorn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.