Ein tur i parken for å plukke urter blir eit nærast komplett eventyr i «Flora + Multe og den spiselige byen».
I 2023 ga Fagbokforlaget ut teikneserien «Byens bønder» ei innføring i urbant landbruk. Boka var tilpassa meinigmann, men vil du at barna dine skal lære litt om dette heilt frå botnen, finst det nå eit alternativ. «Flora + Multe og den spiselige byen» er ei hybrid teikneserie/bildebok om kunsten å hauste av byen på grunnleggjande nivå. Den er utgjeve av arkitektkontoret Fragment i samarbeid med Sanke Norge og Norges Sopp- og Nyttevekstforbund. Med denne publikasjonen ønsker partnarane å formidle viktigheita av bynatur og kunnskap om nyttevekstar, og å fremje naturglede for mange aldersgrupper.
Boka er primært verket til illustratør Cathrine Finnema, med tekstleg hjelp frå dagleg leiar i Fragment, Arild Eriksen.
Vi følger hovudpersonen og hunden hennar medan dei utforskar spiselege vekster i byen på vegen heim frå barnehagen. Vi blir ikkje så godt kjent med dei som karakterar, for boka har ein klar misjon som er meir pedagogisk enn forteljande. Nemleg å få barn i byen til å sjå på naturomgjevnadene sine som meir enn berre leikeplassar og kulisser. Innføringane er sjølvsagt heilt grunnleggjande, men utan å ha testa boka på barn sjølv, får eg inntrykk at dei vil vekke barns nysgjerrigheit, og kan leie dei til å ville finne ut meir om nyttevekstar i nærområdet deira.
Cathrine Finnema har bakgrunn frå Fragment, men er også frilansillustratør. Begge kvalifikasjonar er tydelege i boka. Innleiingsvis er det særleg ei dobbelside frå ei arkitektonisk variert og fantasifullt bybilde som fangar merksemda. Men viktigast er sjølvsagt samspelet mellom menneske og byfauna, som utgjer det meste av innhaldet. Ein parkflekk blir til eit mektig eventyrland. Finnemas stil er attraktiv naivistisk, ei blanding av strekteikningar og kolorisme som gir fine, glidande overgangar. Vekstane er presentert i same stil, men distinkte nok til at barn kan kjenne dei igjen viss dei prøvar å sanke dei sjølv etter å ha studert boka.
Eg ville ha føreslått klårare fargar til illustrasjonane, men valet av dempa fargar gir, i tillegg til ei klårt organisk kjensle, ei gjennomgåande ro til forteljinga.
Teksten er på rim, noko som er ein god ide viss du vil gjere det lettare og morosamare for barn å lære seg ting. Problemet er at det ikkje er heilt gjennomført. Nokre gonger rimar det, andre ikkje. Risikoen er då at ungane blir forvirra og kjem ut av det. Visse detaljar lar seg ikkje så lett presentere på rim, t.d. ei liste over utstyr ein treng til sanking, men det aller meste kunne og burde vere ordna på den måten.
I tillegg ser eg fleire døme på at noko nesten rimar: «Elven slynger seg gjennom en mørkegrønn dal/Det er fuktig og litt mørkt, men her vokser nesten alt». Eller at det rimar, men har symmetriske feil: «Bilstøv og søppel, jord og sand/Når du kommer hjem legger du det bare i vann. Sistnemnte hadde vore lett å rette opp ved seie «legg det bare i vann» i staden.
Etter publisering blei «Den spiselige byen» kjøpt inn av Kulturrådet, så openbert har nokon sett pedagogiske og visuelle verdiar i boka, verdiar eg kan stille meg bak. Men eit par ekstra gjennomgangar av teksten kunne ytterlegare ha betra ho, og retta opp mykje av inntrykket.
Flora + Multe og den spiselige byen
Av Cathrine Finnema med Arild Eriksen
40 sider
350 kr.
Fragment forlag












