Midt i einsemda

Lightfall 4 01 front

Med filosofisk blikk på helterolla, utfordrar Tim Probert heltane Bea og Cad endå meir i «Landet midt imellom».

Det startar dramatisk med eit skipsforlis. Cad skyljer i land på ei strand på øya Pellydir. Han er åleine og drar for å finne Bea. På vegen møter han på Åndene i Irpa, vesena som skapte verda. Han finn ut at Lorgon er død, og Cad lærer meir om kva plan Lorgon hadde for han. Bea vaknar som fange i hovudstaden i Pellydir by. Kongen i Pellydir trur Bea er eit teikn på at kongeriket hans skal gå under, så ho må rømme og prøve å finne igjen venene sine.

Åndene, venene til Lorgon, er veldig interessante. Vi har sett glimt av dei tidlegare i serien, men no får vi helse på alle (utanom ein som søv) og lærer om dei ulike kreftene deira. I teikneseriar blir ofte ein død karakter kun omtalt med sine gode eigenskapar og oppførsel, ikkje med dei negative sidene til personen. Probert gir derimot rom for ein diskusjon; åndene drøfter Lorgons gode og dårlege sider.

Lightfall 4 01

Gravferdsritualet dei derpå arrangerer for Lorgon, er vakkert og rørande. Åndene syng ein ordlaus song og sender Lorgon til sin endelege kvilestad. Sekvensen går over fleire sider og er eit visuelt (og emosjonelt) høgdepunkt i boka for meg.

Heltane er skilde frå kvarandre, og lesaren følgjer deira historiar separat. Mot slutten av Cads del får vi eit glimt av Bea, og dette er ein fin måte å knyte dei to delane saman på.

Eg føler at Probert har utvikla “Lightfall”-serien enormt frå første bind. I starten verka serien som ei beint fram gjenkjenneleg heltehistorie, der heltane drar ut på eit oppdrag, løyser det og vender glade heim att og at det er siste ord. Men litt etter litt har den vridd seg, stadig til noko anna. Til ei annleis type historie, der Probert utforskar kva som skjer når oppdraget ikkje er slutten, men heller starten på eventyret.

Lightfall 4 02

Lightfall vol 4  er nok ikkje det enklaste bindet å hoppe rett inn i. Mykje har skjedd sidan første bok, «Kampen mot mørket», og eg vil anbefale å lese dei tre føregåande før du les dette.

Om ein les «Landet midt imellom» først, er det mykje ein går glipp av. Det blir litt som å kome halvvegs inn i ein film.

Illustrasjonane til Probert er nydelege, eg føler varmen frå sola som skin og fryktar stormen som gjer at skipet forliser. Det er fargesprakande og mjukt.

Karakterdesigna er også noko for seg sjølv. Åndene har alle ulik utsjånad, så det er enkelt å skilje dei frå kvarandre. Rumha ser ut som eir slags nasehorn, Clearoan er ein slags flygande slage og Mirko er ein svart rev med fire auge.

Lightfall 4 03

Pellydirs eige alfabet står først i boka og språknerdane kan bruke tida på å oversetje den delen av teksten som er skreve på alfabetet. Sjølv om ein fint forstår handlinga utan å måtte oversetje.

Fontini forlag skriv i baksideteksten at “Lightfall er (…) lett å lese”. Språkmessig sett kan eg vere einig med forlaget, det er ikkje tungt å stave seg gjennom bindet. Problemstillingane som karakterane møter og må handtere derimot, er ikkje enkle. Bea og Cad tilbringer det meste av boka utan å kunne støtte seg til kvarandre, og må prøve å halde motet oppe og å finne vegen vidare, kvar for seg. Dødsånden Mirko fortel Cad om planane Lorgon hadde for han, og Cad blir då blir stilt ovanfor eit val som er avgjerande for reisa vidare. Det er tunge og gjerne krevjande tingsom historia er fylt med, og Probert gir ingen lettvinte svar. «Landet midt imellom» krev at lesaren tenkjer sjølv.

Når ein seier seg fornøgd og sluttar å strekke seg etter noko større, taper ein (poeng lånt og omformulert frå Marius Emanuelsens artikkel «Tegneserier i kamp1«)  Eg føler Tim Probert fokuserer på dette. Han aksepterer ikkje dei etablerte rammene for kva teikneseriar for barn skal vere, men utvidar og sprenger rammene for kva som er akseptabelt, og vågar å utfordre lesaren. La deg bli dratt med på reisa.


Lightfall cover

Lightfall 4 – Landet midt imellom
Av Tim Probert
Omsett av Tuva Sverdrup-Thygeson
256 sider
329 kr.
Fontini

Les om heile serien her

  1. https://www.barnebokkritikk.no/tegneserier-i-kamp/ ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *