Halve sanninga

Jason markerer at det er 60 år sidan Hemingway døydde med ein melankolsk halvfiktiv biografi. Det er ein fest av ei bok.

I Ernest Hemingways En varig fest formulerer han eit slags program for forfattarskapen sin: «Alt som skal til, er å skive ett sant utsagn. Skriv de sanneste utsagn du vet». Med det sanne som utgangspunkt, kan forteljinga bli sett i gong. Slik er det også med Jasons God natt, Hem. Om det som følgjer er heilt sant er mindre viktig. Utgangspunktet er det viktige.

I dag står myta om Hemingway sterkare enn den sanne forteljinga om han, for mange også sterkare enn bøkene han skreiv. Hemingway er eit maskulint ideal: ein eventyrar som oppsøkte både første og andre verdskrigen; ein elskar; ein kranglefant og drukkenbolt; ein storviltjeger og sportsfiskar. Ei legende. Sjølv om denne mytologiserte helten er ein del av Jasons forfattarportrett er det kanskje heller den sjølvransakande, sjølvhatande og plaga Hemingway som er kjem mest tydeleg fram. Boka dukkar ned i denne dualiteten og utforskar kva det vil seie å vere ein helt og kva det vil seie å vere eit heilt menneske.

Når Jason no seier god natt til Hemingway er det som om han sluttar sirkelen (den første replikken i Hemingway frå 2006 er «Hei, Hem») på noko som begynte allereie i teikneserieantologien Mjau Maju på nittitalet. Då me første gongen møtte karakteren Hemingway var han ikkje antropomorfisert i den vanlege jasonske dyreskikkelsen, men fletta inn den ekte Hemingways novelle The Killers frå 1927. I albumet Hemingway er han ein slags teikneserieskapargangster, antropomofisert som hund (i tråd med korleis albumet vekslar på Tarantinos Reservoir Dogs). I årets bok, som er meir biografisk enn kva me er vane med frå Jasons side, møter me han i hundeskikkelse på tre stadier i den ekte Hemingways liv; Paris 1925 og 1944, og Cuba 1959 som høvesvis den unge bohemen, krigaren og den gamle mannen (og havet).

Gjennom ei rekkje seriar har altså Hemingway vore ein viktig del av Jasons bibliografi. Ein annan gjennomgangsfigur er musketeren Athos (laust basert på Dumas´karakter), som vandrar gjennom Jasons teikneseriar på leit etter meining i ei meiningslaus verd. Athos er også ein sentral bakgrunnsfigur i God natt, Hem. I den første av bokas tre forteljingar, som er ei omtrentleg gjenforteljing av korleis Hemingway blei inspirert til å skrive debutromanen Og solen går sin gang, er han ein suicidal svirebror som følgjer med Hemingway og vennene til Pamplona. Samtidig fungerer han som ei tvillingsjel for Hemingway. På eit tidspunkt byter dei to klede og lever ei natt som den andre. Hemingway nyttar høvet til å prøve seg på den førførande venninna Duff og viser seg såleis som den onde tvillingen, medan Athos, i Hemingways ham, tilgir kona Hadley for at ho mista Hemingways manuskript. Athos representerer såleis både den melankolske og mørke sida til Hemingway og den noble sida Hemingway sleit med å få fram. Han er også den evige eventyraren den aldrande Hemingway reflekterer over i bokas siste forteljing: «Hvem ville ikke ønske å være en legende? Hvem ville ikke ønske å leve for alltid?» spør han seg sjølv etter å ha fortalt om dei ulike møtene med Athos. Som om han ikkje allereie var ei evig legende.

I bokas andre forteljing, er på eitt nivå ein pulpy drepe-Hitler-fantasi med referansar til både framsida av Captain America #1, der Hitler får ein rett høgre, og Tarantinos Inglorious Basterds, og på eit anna nivå den sørgjelege forteljinga om soldaten Paul. Paul er også ein slags tvilling, men han manglar Hemingways råskap. Han er Hemingways mjuke side. Der Hemingway er bitter og hatefull, er Paul ein drøymande og naiv fyr som vil sjå verda og oppleve eventyr, skrive bøker om sine erfaringar og erobringar og vere med kjærasten sin. I treninga ber Hemingway Paul om å vere meir aggressiv: «Lat som om det er mora di!». Ein vinn ikkje krigar med kjærleik.  Etter at Hemingway har gitt Hitler ein på trynet og såleis vunne krigen, ligg Paul bomba og sønderskadd i sjukesenga og messar det retoriske spørsmålet «Vant vi?» igjen og igjen. Såleis er dette også ei forteljing om kva som er nobelt og rett, og kva som eigentleg er heltemodig.

Sjølv om Hemingway aldri var i Ørneredet, er utgangspunktet for denne forteljinga sann. Før frigjeringa av Paris leia han ei fransk paramilitær gruppe (i strid med Genèvekonvensjonen) for å slost mot tyskarane, noko som nok har bidratt til mytologien rundt rolla hans i frigjeringa av Paris. Tematiseringa av heltemot og myter går som ein raud tråd gjennom boka, noko som særleg viser seg i korleis det heile er bunde saman av forteljinga om Athos, den siste musketer. Galanteri finst ikkje lenger, berre i legendene. «Se deg rundt», seier Hemingway. «Verden er gal». Ei slik verd treng menn som Athos og Paul, men også Hemingway. Og ho treng mytene. Utan er det for mykje å bære.

God natt, Hem er dedisert til Hubert, Jasons faste fargeleggjar som døydde i 2020 og er passande nok i svart kvitt. Om det ikkje allereie var klart er dette likevel ikkje eit svart-kvitt narrativ der heltar berre er heltar. Det finst heller ikkje ei sann forteljing om Ernest Hemingway. Det gjer også at ein heller ikkje treng inngåande kjennskap til Hemingway for å få fullt utbytte av boka.

I En varig fest fortel Hemingway om F. Scott Fitzgeralds stadige revisjonar av forteljinga om konas utruskap. Grunnforteljinga er alltid den samme, men kvar gong han fortel henne er ho ny. «… jeg trodde alltid på den første, selv om hvilkensomhelst av dem kunne være sann», skriv han. Jasons forteljing om Hemingways liv er, sjølv om ho tar seg store fridomar, til å tru på. Det er ein fin hyllest til ein mann som var like mykje myte som menneske.

God natt, Hem
Av Jason
160 sider
298 kr.
Magikon


Les også anmeldingar av:
Frida Kahlos papegøye
På veien til Santiago
Åh, Josephine!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *