Blødmer til glede

Etter suksessen til Absurdgalleriet verkar ikkje ei samling med teite ordspel for barn så teite lenger. Ikkje nødvendigvis så barnslege, ein gong.

Skal ein tru pressemeldinga vil gjerne forlaget at vitseteikningane til Bjørn F. Rørvik (Bukkene Bruse-serien) og Eivind Gulliksen (Agent Elvin Griff-serien) skal samanliknast med Larsons Gale Verden. Mine orsakingar til både forlag og skaparar, men eg trur det er meir naturleg å sjå til Sverre Bjørstad Graffs Absurdgalleriet, i alle fall som ein direkte forløpar. Ikkje at Rørvik, som vitsemakar, direkte kopierer Graff. Mellom anna så gjer han seg ikkje like avhengig av ordspel. Men begge evner å gjere bruk av blødmer på ein så ærleg og skamlaus måte, og dessutan med betydeleg variasjon, at det er lett å la seg sjarmere.

Samlinga har fått den i overkant marknadstilpassa, men i alle fall konkrete tittelen «Hi-Hi! Helsprøe vitsetegninger» (arbeidstittelen var «Har du sett Nusse?»), og tileignar seg raskt ein eigen identitet. Ordspela kan vere veldig opplagte, men minst like ofte treffsikre og overraskande, av typen «at eg ikkje hadde tenkt på det før». Variasjonen i dei ikkje-ordspelbaserte vitsane er like stor. Bruken av dyrefigurar sikrar mykje av mangfaldet. Gulliksens strek, godsleg, rund og elastisk, gir vitsane særs mykje av sin karakter.   

Samlinga er for barn, men skaparane undervurderer på ingen måte det tiltenkte publikummet sitt. Ikkje alle barn veit vel kva funkis eller coq au vin betyr, t.d., men her finst det vitsar som forutset det. Nokre av vittigheitene kan det hende at også vaksne må tenke over, i alle fall eit augneblink, før dei sit skikkeleg. Som når to rovfuglar snakkar om fordelane med klimaendringar medan dei jagar byttet sitt over ei bar fjellvidde.   

I grunnen er det rart at slik bøker ikkje kjem ut oftare. Suksessen til einrutersvitsar for vaksne/eit generelt publikum burde for lengst har tilrettelagt for tilsvarande produkt for barn. Rørvik og Gulliksen er heilt på høgde med svært mykje av det ein kan finne t.d. i bladet Rutetid.  

Hi-Hi! Helsprø vitsetegninger
Skrive av Bjørn F. Rørvik, teikna av Eivind Gulliksen
72 sider
249 kr. (veil)
Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.