Julehefte 2023 – Disneys ender

Ser ut som det er opp til Midthun og Barks å redde jula igjen, i alle fall for Donald-lesarar.

Disney-julehefte handlar meir om kvantitet enn kvalitet. Ingen ting er så uinteressant at det ikkje kan bli grava fram igjen, og ingen ting er brukt så ofte at det ikkje kan gå i reprise igjen.   Likevel merkar ein seg visse sunnheitsteikn i årets utval av Donald-relaterte hefte. «Donald Duck, God Gammel Årgang» er ute av sortimentet, det same er den endå meir overflødige «Disneys Julaften – Fra alle oss til alle dere». Tilbake står seks gjengangarar og ei slags nyvinning.

**

Carl Barks’ Jul – Juletrefest i Andeby og andre historier
Av Carl Barks
36 sider/79 kr/Egmont

Dei meste passande oljemåleria er vel brukte opp, og ein har for lengst snudd bunken med julehistorier. Men årets tittelhistorie, der Onkel Skrue for ein gongs skuld blir spandabel når det går på æra laus, er vel verdt eit gjensyn. Ikkje minst for å studere kor intrikat plottet faktisk er skrudd saman. Sjølv om delar av historia avhenger av eit ordspel som ikkje let seg omsette.

Årets hefte inneheld også ein tidleg Barks-klassikar som eg ikkje kan hugse å ha sett i julehefte før, endå det er heilt rette årstid og høgtid, «Isbaderen». Framfor alt er det nesten perverst fascinerande å studere kor skamlaust slem den tidlege utgåva av fetter Anton kunne vere, sjølv om moralen i historia dømmer Donald like strengt som han.

5

Ein ekte gresk tragedie, som også føreslått av Jon Gisle i «Donaldismen» (1973)

**

Jeg, Donald Duck – Julen 2023
Av Carl Barks
84 sider/129 kr/Egmont

På minussida så er denne publikasjonen eit tydeleg teikn på forleggarane er tomme for idear (som om ikkje Illustrerte Klassikere og Fant fekk fram det poenget klårt nok!). På plussida så er dette i praksis «Carl Barks Jul» med fleire sider og i større format.

Det er også ein hyllest til den epokeskapande bokserien som gjorde ein heil generasjon med Donald-lesarar merksame på kven favoritt-teiknaren deira eigentleg var. I motsetning til «Jeg Donald»-boka frå 2019, som raska saman Donald Duck-historier frå alle mogelege epokar og serieskaparar, er dette ein rein Barks-publikasjon. Sjølvsagt viser den attende til den første «Jeg»-boka frå 1974. Ja, den inneheld berre historier som var med i den boka. Her er det snakk om tre lange og episke forteljingar: «Frosset gull» (1974-tittel «Gullet under isen»), «Den lure Onkel Skrue» og «På spor etter enhjørningen» (1974-tittel «Enhjørningen»).

Viss du ikkje er veldig nøye med om heftet har vinter-og juletema (og faktisk er det snø i to av historiene), er «Jeg, Donald Duck» eit endå betre Barks-julehefte enn årets «Carl Barks Jul»

5+

**

Donald Duck & Co – Julehefte 2023
Av diverse
36 sider/79 kr/Egmont

Donald feirar jul, med svært ulike resultat, i fire typiske bladhistorier, korav to ikkje er markert å ha vore på trykk i Norge før. Fint at dei framleis kan greie å grave opp noko sånt, men alle historiene, enten dei er ender godt, dårleg eller noko midt i mellom, har det til felles at dei er ganske kjedelege.

3-                          

Donald konkurrerer med Jensen på typisk vis i årets DD&C julehefte

**

Walt Disneys Julehefte – Julen 2023
Av diverse
36 sider/79 kr/Egmont

Meir fyllstoff., og ingen ting som er verdt å lese to gonger. Men med både Donald, Mikke, Løvenes Konge, Pinocchio og Ducktales er det i alle fall litt meir variasjon her enn i standard Donald-heftet.

3

**

Donald Duck & Co – Jul på 80-tallet
Av diverse
164 sider/169 kr/Egmont

Som eg var inne på for to år sidan, når du bruker Donald-blader yngre enn 50 år i desse gjenopptrykks-spesialene, snyt du strengt tatt folk på vekta. Materialet i årets Donald Duck & Co nostalgi-samlebok er frå 1980, og dei hefta kan du få billeg på Finn. Donaldblada av desember 1980 var dessutan svært lite julete (berre gode, gamle Barks kjem i nærleiken, med ein kort vinterferiehistorie). Men historiene er ikkje noko dårlegare enn i dei to føregåande hefta, og det er meir lesing også i forhold til den auka prisen. Så viss du er nostalgisk anlagt, og for lengst har kasta eller gitt vekk 1980-årgangen din, er dette eit greitt alternativ.

3+

**

Kva ville Skrue gjort annleis på Bjørnefjell?

Donald Ducks Julehistorier
Av diverse
254 sider/129 kr/Egmont

Julepocketane er sjeldan på det jamne, men dei fleste åra bidreg Italo-Disney faktisk til å høgne nivået i alle fall ein smule. Det er meir kreativitet i ti tilfeldig valte sider her enn det er i mange andre heile julehefte.  Hovudoppslaget i år er ein femdelt Fantonald-juleforteljing, eller strengt tatt fem individuelle Fantonald-forteljingar som teller ned til jul. Gøy å sjå Fantonald prøve seg på eit breiare utval av Disney-skurkar, sjølv om det blir feil med historier der Spøkelseskladden aldri har på seg maska. «Jul med forhindringer», som ganske enkelt handlar om alle komplikasjonane som oppstår når Mikke og Svarte-Petter skal kome seg heim i tide til jul, er også meir underhaldande enn gjennomsnittet.

Men høgdepunktet er «En ny jul på Bjørnefjell», som sjølvsagt tek utgangspunkt i Barks’ aller første Onkel Skrue-forteljing frå 1947.  Djupt inne i mytologien der, altså. Skrue møter Julenissens gretne onkel, som gir han ein sjanse til å reise attende i tid og endre på utfallet av originalforteljinga. Resultatet er, om ikkje heilt uføreseieleg, så i ale fall spennande, morosamt og koseleg nok til å vere den perfekte avsluttinga på årets bok.

4

**

Spøkelseskladden er alltid eit skritt foran

Donald – Juledetektivene
Skrive av Knut Nærum og Tormod Løkling, teikna av Arild Midthun
34 sider/89 kr/Egmont

Eit tungt ansvar kviler på skuldrane til Arild Midthun og hans forfattarteam kvar jul. Når ein er lei av fyllstoff og endelause Barks-reprisar, er det opp til dei å gi publikum noko nytt, som framleis er bra, kvart år.

Til i år har Arild lært seg å teikne Mikke og Langbein, som saman med Donald må løyse mysteriet med den forsvunne klokkespelfiguren «Julebringeren». And-og-mus-crossover er ganske vanlege i italienske Disney-seriar, men for Donalds heilnorske julehefte er det ei nyvinning.

Sjølvsagt måtte det vere Disney-teikneserieuniversets beste skurk (ved sida av Magica), Spøkelseskladden, som står bak. Og kanskje aller viktigast, dei norske serieskaparane forstår seg verkeleg på Spøkelseskladden, dei forstår kva som gjer han best: Han er utspekulert og ambisiøs, mykje meir enn både Svarte-Petter og B-Gjengen, han er flyktig, og han tek sjeldan av seg maska!

Når ein legger til at Arild Midthun & Co. held oppe det intense tempoet som er typiske for Donalds norske julehefte, er dette ei soleklar topp-plassering blant årets Disney-sortiment. Og det er avgjort verdt dei ekstra ti kronene (samanlikne pris).

6

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *