Julehefter 2022 – Moderne norske

Kreativiten i norske stripe-og ruteserieteiknarar sine julehefte er jamt over høgt i år. Dei fleste gir litt ekstra. Med varierande resultat, sjølvsagt.


Pondus – Julen 2022
Av Frode Øverli + gjester
36 sider/79 kr./Strand

Teknisk sett er årets Pondus julehefte dominert av dagsstriper, som vanleg. Men dette er likevel noko heilt anna, og ein ser det allereie på forsida. Her er ingen juletre, og ingen Pondus-familiemedlemmer i finstasen. Alt er bleikt og grått og forfallen.

Sentralt i hovudhistoria står Eddie og familien hans. Mora til Eddie og Teddy er nett kome ut av fengsel, og ho har ein plan. Frode Øverli vil at årets julehefte skal bety noko i den store samanhengen, det er tydeleg. Figurar som er blitt introduserte i nyare tid kjem saman for å utvide Pondus’ univers. Faste Pondus-lesarar vil oppleve ringverknader av det som skjer her.    

(Sjølv figurar som ikkje er med, får ein ny dimensjon i denne historia. Kanskje dette berre er meg, men at Eddies far, den strenge presten, visstnok var ein ugudeleg mann før kona hans havna i fengsel, synes eg var ei ganske interessant avsløring. Ofte er det jo nettopp slik at ein finn den mest inderlege religiøsiteten hos folk som ikkje vidareførte barnetrua, men i staden opplevde ei omvending i vaksen alder)

Det er seriøst, til og med litt andektig, men det ER også samstundes konsekvent morosamt. Den har ei rørande barnebarn/bestemor-gjenforeining, men også ei mørkare side. I kraft av hovudhistoria åleine er Pondus 2022 eit av årets beste julehefte.  

Kenneth Larsen får maksimalt ut av sin Bestis-juletosidar, Skavlan og dei tre frittståande Pondus-stripene er sånn midt på treet, og i tillegg kjem det vanlege fyllstoffet i form av fotballquiz og Pondus-året i revy.

5


Pondus – Klassiske julehistorier
Av Frode Øverli + gjester
100 sider/169 kr./Strand

Frode Øverli har ikkje laga SÅ mange spesialhistorier, og med dette juleheftekonseptet kjem dei til å bli oppbrukt ganske raskt. Alt nå sper ein på med stripesekvensar for å fylle plassen. Men dei hadde igjen «Knokkelklippen Grand Prix» og den episke 2004-juleheftehistoria (sistnemnte er truleg framleis den beste nokon sinne) til årets. Stripematerialet er av ganske høg kvalitet, det også. Og etter å ha brukt Levi Henriksen som litterær vert for fjorårets utgåve, tenker dei nytt i år. Tekstmaterialet er ved Jon Hjørnevik, truleg den fremste eksponenten for folkeleg-humoristisk nynorsklyrikk sidan Arne Hjeltnes.

Eg landar på terningkast fem for dette og, men skal du berre ha eitt Pondus-julehefte i år, må eg nok anbefale det vanlege. Med mindre du er stor fan av Jon Hjørnevik, eller nettopp har oppdaga Pondus.

5


Lunch – Bodils tacojul
Av Børge Lund
36 sider/79 kr./Strand

Dei fleste Lunch-julehefta handlar om at Kjell får ein fiks ide, men i fjor hadde Nico hovudrolla. I år er det Bodil sin tur, ikkje berre til å vere hovudperson, men også til å få litt karakterutvikling. Gi Børge Lund nok tid så vil ingen Lunch-figur vere overflatisk for alltid! Tittelen seier for så vidt ganske mykje, men i tillegg kjem Børge Lund inn på eit av sine favoritt-tema: Bruk og misbruk av næringslivsjargong som seier mykje men betyr lite

Lund viser framleis evne til fornying. Utfallet er gitt, men undervegs tek historia nokre overraskande vriar, til og med av det litt meta slaget.

Som vanleg i dette juleheftet står hovudhistoria for drygt halvparten av innhaldet. Resten er anna nytt Lunch-materiale, pluss assortert stoff, inkludert ei dobbelsidig Dunce-søndagsside som det visst ikkje blei plass til i denne sitt eige julehefte.

5


Nemi – Julen 2022
Av Lise Myhre
36 sider/75 kr./Gyldendal

I motsetning til Frode Øverli bryt Lise Myhre ikkje med formelen: Nokre nye striper, nokre gamle, ein kort, ny historie, nytt illustrert dikt i svart-kvitt, kjedeleg forside, og eit par heilsides teikningar for å fylle plassen (i staden for quiz eller «året i revy»; kva med å prøve det til ei avveksling?). Nemi er juleheftet som tek lette utvegar, og det er ekstra tydeleg når ein setter det opp mot tilsvarande julehefte i år.

Men ein blir lett i julestemning av Nemi, val av dikt og visuell framstilling av dette er perfekt, og eg likte årets nye korthistorie betre enn forventa. Nokon handling er det eigentleg ikkje snakk om, berre ein kort julaftans videochat mellom Nemi, Cyan og Ophelia, men det får passere fordi dialogen faktisk er velskrive, og dialogen er openbert er heie poenget.

 4


Kollektivet – Gjestebud i sort
Av Torbjørn Lien
36 sider/100 kr./Gyldendal

Av mange grunnar er det freistande å alltid gi Torbjørn Lien full utteljing for Kollektivet julehefte. Fordi han alltid produserer masse nytt materiale (sjølv då bladet Kollektivet gjekk for full maskin). Fordi han ofte lager ein komplett historie som fyller heile bladet. Fordi han er sjangeroverskridande. Fordi han tør å vere skummel på ein måte som er i tråd med julas folklore. Fordi han har action. Alt dette er på plass i årets hefte, som i si heilskap er dedikert til ein vill spøkelseshistorie.

Men historia manglar den substansen som ofte er å finne i Kollektivet sine lange forteljingar; ting skjer berre fordi det ser tøft ut, og alt handlar om spesialeffekter. Kanskje er eg med åra blitt for godt vant når det gjelder Kollektivet? Å toppe 2019-heftet er så godt som umogeleg uansett.

Forresten, skal vi tru dette heftet så er Tobben framleis kristen likavel?  For eg kan berre ikkje hugse at det er blitt nemnt på ganske lenge. Og eg var nesten sikker på at det var eit gløymt kapittel.

4


Rutetid – Julen 2022
Av Frode Øverli + gjester
36 sider/79 kr./Egmont

Rutetid julehefte er eigentleg berre som ei ekstra utgåve av det vanlege heftet med færre sider (til gjengjeld er det også litt billigare, så det jamnar seg ut), og meir juletema. Kor kreative dei ulike teiknarane blir med kravet til juletema hengande over seg, varierer.

Men Team Fritt prøver, i alle fall. Åh, SOM dei prøver!! Dei går der ingen andre har tenkt på å dra i samband med jula, nemleg til Ukraina. Heile partileiinga i Fritt følger ein ukrainsk flyktning tilbake til heimbyen Butsja for å finne ut om familien hennar overlevde Butsja-massakren i mars, som sikkert var veldig friskt i minne då den framleis anonyme Fritt-forfattaren fekk ideen. Kor freistande det enn måtte vere å gi meir poeng for storøygd, hjarteleg idealisme, har historia veldig lite anna ved seg enn nettopp det, og er litt for ambisiøs i forhold til sidetalet.

I mengda av Rutetid-repriser, juleordspel og post-Pyton-julenissevitsar skil den seg så mykje ut at det blir nesten surrealistisk. Men akkurat det er ikkje noko problem i seg sjølv.

4

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.