Å gjere Magica Fra Tryll til ei seriøs fantasy-heltinne er ikkje ein dårleg ide, men visse aspekt ved serien har ein kanskje tatt litt for seriøst.
Hadde eg vore ein eller annan sjef i Panini med makt til å godkjenne og avslå nye teikneseriekonsept for Disney, ville eg sagt: «Ein ung Magica som hovudperson i ein ny fantasyserie, seier du? Glimrande ide! Alle kjenner jo henne, og ho passar perfekt! Attpåtil er ho italienar, akkurat som oss! Rart vi ikkje har tenkt på det før.»
Hadde eg så blitt presentert for plottet ville seg sagt: «Så Magica kjem frå ein overklassefamilie av mektige hekser i ei verd av magi? Bra utgangspunkt, det! Ho går på ein magisk high school? Og ho blir arrogant og gjer ein store feil som ho må rette opp i? Og på same tid lærer ho kven dei verkelege vennene hennar er? Litt klisjéprega, men kan absolutt fungere. Dette har eg tru på! Vi gir den eit passe tjukt pilotalbum!»
Hadde eg så blitt presentert for skissene, ville eg sagt: «Kva i hulaste er det eg ser på her?»
Terry Pratchett skreiv ein gong at ber du folk om å førestille seg ein dyregud, førestiller dei seg nokon i ei dårleg maske. Folk er mykje meir kreative når dei skal førestille seg demonar.
Det er første problemet med å skulle gjere Magica Fra Tryll til ein helt i staden for ein demon. Ein endar opp med ei vanleg jente i ei dårleg maske.
For det må seiast med det same – 90 sider, og knappast ein einaste karakter i ei einaste rute ser ut som dei ikkje bruker lausnebb. Jo, dei har fuglestjertar, men det hjelper overraskande lite. Velkommen til uncanny valley, denne forunderlege dalen som ingen teikneserie eller animasjonsfilm forlèt med si kosmetiske ære i behald.
Her kan det vere naturleg å vise til ein annan gong då italienske Disney brukte andefigurane til å lage ein seriøs sjangerteikneserie, nemleg med Fantonald på 90-talet. Dette forsøket fungerte såpass bra som det gjorde fordi serien kombinerte superheltsjangerens estetikk og konsept med eit grafisk uttrykk som var solid forankra i ein stil fans kjente igjen frå dei vanlege Duck-seriane. Magica beveger seg famlande i ei grenseland melom italo-Disney, manga og europeisk naturalisme utan at nokre av stilartane ser heilt riktige ut.
Ikkje for det, serien har nokre visuelle løysingar som fungerer betre. Først og fremst omgjevnadene, med si blanding av drøymande abstrakte landskap og urban art deco. Fleire gonger mens eg leste prøvde eg å fokusere mest på bakgrunnen.
Serien tek seg sjølv ganske alvorleg. I kontrast til W.I.TC.H. , som kanskje er den mest naturlege inspirasjonskjelda å sjå til, er humoren i Magica lakonisk, tørr og sporadisk. Sett i isolasjon frå karakterdesignet (som openbert er litt for bunde av tonen i serien) er det ikkje eit stort problem. Tvert om er det i tråd med Magicas karakter at ho er sjølvhøgtideleg og ærleg tala litt usympatisk, sjølv når ho er helten. Det gjer berre overgangen hennar frå «standard» Disney/Ducks-teikneseriar meir truverdig.
Men det tvingar fram spørsmålet, er dette «vår» Magica? Er dette å oppfatte som ein prequel? Eg trudde først nei, men nokre vage hint tyder på kanskje. «Magica og Dommedagsboken» har ei avslutting som opnar for at kva som helst kan skje herifrå. Eit lurt trekk, for så interessant og spennande er ikkje high school-utgangspunktet. Ikkje at eg trur neste bind straks vil leie Magica til Pengebingen. Men kanskje til Vesuv. Og i det lange løp spekulerer eg på om forfattarane planleggar å gi Magica Fra Tryll eit revisjonistisk motiv for å vere så fiksert på å få tak i lykkeskillingen. Ein svakt fundert revisjonisme i så fall, som ein halvtygga fan-teori. Men akkurat nå er nysgjerrigheita på dette ein av få ting som kan gjere meg interessert i å vende tilbake til serien.
Magica og dommedagsboken
Produsert av Arancia Studio
Skrive av Mirka Andolfo og Luca Blengino, teikna av Greta Xella
Fargar av Francesca Carotenuto
Omsett av Øyvind Sagåsen
100 sider
129 kr.
Egmont
Bokhandelutgåve er tilgjengeleg.