Å stirre inn i avgrunnen

Robin Cousins andre teikneserie på norsk er ei undehaldande utforsking av potensialet for liv på andre planetar og økologisk kollaps.

Eit sentralt element i Liu Cixins roman Trelegemeproblemet er korleis sivilisasjonar reagerer i møte med ein utanomjordisk sivilisasjon. I boka set ein fiktiv sosiolog fram teorien om kontakt om symbol: Kontakt med ein utanomjordisk sivilisasjon er eit symbol eller ein brytar som vil utvide eksisterande skilelinjer og intensivere konfliktar, og difor bør ein la vere å leite etter liv. Ein annan grunn til å ikkje sjå etter liv i universet er at den som søker vil synleggjere seg og dimed bli utsletta. Det er alltid ein fare for at avgrunnen ser tilbake på den sjåande, for å parafrasere Nietzsche. Begge desse elementa er til stade i Robin Cousins andre teikneserie på norsk, Milliarder av speil, men boka har kanskje meir til felles med Carl Sagans Kontakt. Tittelen på Cousins bok kan også referere til Sagans fokus på milliardar av galaksar i tv-serien Cosmos.

Milliardane av speglar er både faktiske speglar i eit teleskop som fangar opp lys frå heile universet, og metaforiske speglar av menneska sjølve. Teleskopet blir sendt opp i ei nær framtid der klimaendringane er nær ved å øydelegge jordkloden: Ressursane er i ferd med å gå tomme, dei fleste gjenlevande dyra lever i kunstige økokapslar, og konfliktane ulmar. Då forskaren Cécilia Bressler oppdagar planeten Gamma Cephei B 45 lysår unna set dette i gong ei global omvelting. Planeten har eit nettverk av lysande flekkar, liknande jordklodens byar sett frå verdsrommet. Kan det vere kontakt med ein annan sivilisasjon? Situasjonen blir ikkje betre av at ei sekt leia av Antimaadmi hevdar å ha hatt kontakt med bebuarane på Gamma Cephei B i mange år. Romvesena, hevdar Antimaadmi, er udødelege etiopiarar kalla kefenarar som forlot jorda for 19000 år sidan. Samtidig blir frykten for det ukjende og verdas ende forsterka av den konspiratoriske bloggaren Benjamin Eberhardt; kan ein eigentleg stole på FN og ESA sine hensikter? Er alt eigentleg eit spegelspel for å unngå å sjå vår eigen økologiske kollaps i augene?

Science fiction-litteratur er ein spegel på samtida han oppstår i. I Cousins førre bok på norsk, er også spegelen eit motiv: I Jean Melvilles profil rettar Cousin spegelen mot ukritisk bruk av sosiale medium og overvakingskapitalismen. Milliarder av speil utforskar menneskets blikk på seg sjølv i møte med potensialet for liv på andre planetar. Noko liknande har ein kanskje lese før, til dømes i Will Eisners klassiske Liv på en annen planet eller dei overnemnde romanane, og det er såleis ikkje så originalt som Cousins førre bok. Det er likevel ei spanande intrige som både er satirisk og full av skarpe observasjonar.

Teiknestilen til Cousin er minimalistisk og reinskoren, prega av ein tjukk strek. Her er det stort sett karakterane som er i fokus, og sjølv om dei er enkle og karikerte, står dei fram som ekte menneske i forteljinga. Fargepaletten er prega av duse blå- og raudtonar, med innslag av gult i samband med naturskildringar.

Milliarder av speil er ein teikneserie som handsamar både miljøkrisa, pseudoreligiøsitet, konspirasjonar og den store einsemda i universet. Det er godt gjort å balansere dei ulike elementa slik Cousin gjer. Her er ingen moralske peikefingrar eller tydelege svar. Avsluttinga kan kanskje verke noko utilfredsstillande på lesaren, utan å avsløre for mykje, men vegen fram mot målet er svært god og tankevekkande underhaldning.



Milliarder av speil
Av Robin Cousin
Omsett av Trine Haaland
256 sider
350 kr.
epic.no


Les også:
Maskinar i Nirvana

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *