
«Kjempene» er i ferd med å nå sitt fulle potensial. I seriens tredje og fjerde bind er konsekvensane globale.
Om dei to første bøkene i serien hadde Serienett sine anmeldarar innvendingar om eitt føreseieleg opplegg og langsam handling. Bok tre, «Bora og Leap», møter desse utfordringane, og bryt gradvis med mønsteret. Og ikkje berre fordi barna denne gongen er eit syskenpar. Nå kan ein snakke om reell framdrift i handlinga, ikkje minst gjennom ei meir truverdig vending etter hendingane i bok to. Eksistensen av desse kolossane kan ikkje haldast hemmeleg lenger. For å kunne utnytte krafta til kjempene må Calvin Crossland igangsette ein internasjonal sjarmoffensiv på vegner av Crossland Corporation, og overtyde verdas befolkning om at selskapet hans kan kontrollere kjempene til felles gagn og nytte.

I mellomtida dukkar ei ny kjempe, Kyma, opp i Kambodsja, og gjer seg til venns med jenta Bora og den noko meir skeptiske bror hennar, Leap. Kyma er den minste av kjempene, og kulturelt passande nok har ho ansikt som ei Buddhastatue. Oppgåva hennar, anna å representere Asia i denne globalt orienterte fantasy/superhelt/kaiju-serien ser ut til å vere å kome med eksposisjon. Kort sagt så forklarer ho heile seriens mytologi, frå universets begynning, til Bora, Leap og oss.
Rett nok hjelper det at det finst ein bestemt grunn til ho gjer dette; Kyma representerer elementet stein, som er «jordas hukommelse», og ho er «den som får steiner, som vet alt om menneskehetens historie, til å snakke.» Litt høgttravande, men høgttravande bør ein i nokon grad vere med på i ein serie med denne premissen. Eg er ikkje overtydd om at Leap fortener å vere ein «utvald» på same måten som systera og ungane frå dei to første bøkene, ingen ting han gjer i tredje eller fjerde boka tyder på det. Men når han ein gong er med, kan ein berre vente å sjå om det ikkje gir meining etter kvart.

I fjerde bindet kan det sjå ut som serien er i ferd med å nå sitt fulle potensial. Nå er verda endra på verkeleg, og endå større endringar er undervegs. Crosslands kjempe Alyphar, som blei oppdaga i første bindet, men ikkje fekk noko «eiga» bok, skapar store øydeleggingar. Dei andre kjempene, dei gode som er rettleia av barn, må leike superheltar og stanse øydeleggingane. Så dukkar den fjerde av dei gode kjempene, Tyrl, opp på skraphaugen ved ei coltangruve i DR Kongo.
(Den franske-belgiske teikneserien Kjempene var i utgangspunktet lite provinsiell; dei to europeiske ungane, Erin og Siegfried, som fann dei to første gode kjempene, var skotske og tyske. Men eg trur ikkje det er tilfeldig at den tredje og fjerde blei funne av ungar i tidlegare frankofone interesseområde; den femte gode kjempa kjem for øvrig til å bli funne i Quebec)
Celestin M’Bovia, som den fjerde «kjempevennen» heiter, har ein tydelegare definert og meir dynamisk evne enn Erin, Siegfried, Bora og Leap; han kan kontrollere teknologi. Så snart han forstår dette, og har oppretta ordentleg kontakt med Tyrl, går han derfor meir proaktiv til verks, kupper coltangruva, sperrer inne dei tyranniske formennene, og startar ei folkerørsle.

At coltan er ei viktig råvare i mobiltelefonproduksjon, er truleg eit poeng, ein kommentar som heldigvis ikkje blir overforklart. Idealisme og sosiale bodskap står sentralt i Kjempene, og også dette blir tydelegare for kvar nye bok. Til og med Crossland er drive av idealisme, sjølv om dette i hans tilfelle har tatt ein stygg vending. Konflikten mellom ungane og dei gode kjempene på den eine sida, og Crossland og Alyphar på den andre, tek også ei vending som ikkje akkurat var uføreseieleg, men rokkar ved status quo endå meir og endå tidlegare enn venta.
I slike seriar er det alltid ein fare for at idealismen ender i keisam moralisering, men forfattar Christophe Lylian balanserer igjen bodskapen i Kjempene opp mot med spenning og mytologi på ein optimal måte, også når det er mykje meir på spel.
.


Kjempene 3 – Bora og Leap
Kjempene 4 – Celestin
Skrive av Christophe Lylian, teikna av Paul Drouin med Luisa Russo (3) og James Christ (4), fargar av Lorien Aureyre
Omsett av Stéphanie De Miranda
56 sider per stk.
229 kr. per stk.
Gyldendal
Les også om dei andre bøkene i serien:
1. Erin
2. Siegfried