Den store konfrontasjonen

Kva vil vikingane eigentleg, og korfor er Sonja og onkel Henrik i Jotundalen? I «Portaltreet del 1» er det tid for å nausta opp trådar.

Malin Falch har fleire planar for Nordlys etter «Portaltreet», som held fram med andre del/bind i august i år. Korleis «oppfølgjarane» kjem til å arte seg kan ein førebels berre spekulere på, men at Portaltreet representerer ein eller annan slutt, er heva over tvil. Kanskje ikkje sjølve finalen, men i alle fall ein finale er det som blir rulla ut nå.

Innleiinga ber på usagte, men svært tydelege og trugande farar, før vi tek vi opp att tråden frå slutten av «Trollriket»: Sonja har redda onkel Henrik, og er saman med Espen, Lotta og trollungane gått i dekning hos trollparet i skogen.  Men vikingane planlegg noko stort, og er ute etter dei alle.

Etter å gå mykje fram og tilbake narrativt, er det tydeleg at Falch føler ho skulder lesarane nokre forklaringar her og nå, så boka gir svaret på minst to viktige spørsmål: Korfor onkel Henrik kjente til Jotundalen, og kor Lotta kjem frå. Vidare får vi ein viss utdjuping av kva som er jarlens plan og motivasjon. Svaret på kva Espen eigentleg er, blir hengande i lause lufta ennå, men han framstår meir og meir som eit slags motviljug bindeledd mellom menneske og vetter når konflikten som blei måla opp av trollkongen i førre bind, her blir her presentert frå vikingane sin ståstad.

Både Falch og forlaget føler seg opplagt trygge på at den jamne lesar har følgd så nøye med, at inga oppsummering eller fotnotar trengst når trådar frå tidlegare bind skal naustas opp. «Portaltreet» er ikkje eit særskilt gåtefullt namn for einkvan som har følgd litt med tidlegare.  

For dei som har følgd litt med, kan det heller ikkje ha vore så vanskeleg å gjette seg til fleire av svara på førehand. Malin Falch er ein trygg og sindig forteljar, ho går vanlegvis ikkje inn for å subversere forventingar. Likevel greidde historia å overraske meg litt minst ein stad, så den får mine komplimenter for det.

Ho gjer elles jobben som blir venta av henne på dette semi-klimatiske tidspunktet, med å kombinere det presserande behovet for eksposisjon med framdrift i handling. Boka fortel oss ikkje alt, men den fortel nok, og er passe skummel i forhold til kva unge lesarar som følgd boka frå starten, kan bli forventa å tåle når dei er kome så langt. «Portaltreet 1» har fleire valdshandlingar enn nokon gong før (ordet «kamp» i ein eller annan form førekjem tre gonger i den korte omtalen bak på permen), men ikkje meir enn det som kjennest tvingande nødvendig for å understreke alvoret.

Tass i ei høg spenningskurve er det fleire pustepausar i boka. Dei maleriske, nasjonalromantiske motiva som er essensielle for Nordlys-seriens visuelle identitet er minst like markerte som i «Kråkesøstrene». Særleg fjorden ved vikinglandsbyen er ikkje berre ei kulisse, men trer fram mest som ein slags karakter i seg sjølv. På same tid er det god plass til alt som eg trur Malin Falch ønska å fortelje i dette bindet. Og ho snyter ikkje på vekta; igjen ca. 150 sider med teikneserie, og utan noko fyllstoff (skisser og spesialteikningar), ein gong.

Fyllstoff hadde kanskje verka litt for distraherande. Sjølv med eit halvt års pause mellom denne og «Portaltreet del 2» er det lagt opp til ein mest mogeleg saumlaus overgang mellom dei to binda. Som kritikar hadde eg derfor føretrukke å vurdere «Portaltreet» under eitt, dersom eg kunne. Som lesar føler eg derimot på forventningsgleda over å ta ein pause akkurat i det ein har oppdaga nok.


Nordlys bok 5: Portaltreet del 1
Av Malin Falch
156 sider
279 kr.
Egmont

Les mer om Nordlys her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *