Innhaldsrikt edderkoppgrunnkurs

Outland forlag er ute med ei ny ambisiøs Marvel-satsing, og denne gongen er det ei raus og tjukk samling Spider-Man-historier som er velegna for å introdusere nye lesarar for mest mogeleg ved Spider-Man-universet.

I staden for å lese deg gjennom ørten år med Spider-Man får du dermed alt på ein plass. 

I første halvdel har kvart kapittel ei repetert side med «korleis fekk Peter Parker kreftene sine, og kva er hans moralske fundament». Det er den klassiske «tenåring blir bitt av radioaktiv edderkopp, får edderkoppkrefter, blir cocky, lar ein skurk stikke av, skurken endar med å skyte hans kjære onkel Ben, og tenåringen forstår endelig at «med stor makt følger stort ansvar».

Den er for tjukk til at eg eigentleg kan kalle den eit «album», men også for stor til at «paperback» gir meining for meg, så oppsummert: Du kan få kjøpe ei enorm mengde kompetent teikneseriehandverk for 249 kroner. Eg ser for meg at lesarmålgruppa er 10-13-åringar som har oppdaga Spider-Man gjennom filmane (og teiknefilmane og dataspela og pysjamasbuksene og legoen) medan kjøparmålgruppa er foreldre etc. til nevnte 10-13-åring som ser dette som ei mulighet til å lure ungen til å LESE MEIR.

Boka insisterer på å ha med omtrent alt som er av Spider-Man mytologi. Skurkar som Sandman, Vulture, Doc Octopus, Green Goblin, Electro, Lizard, jegeren Kraven, Scorpion, Mysterio, Dr. Doom, ei namlaus kanin-superskurk-dame, (antakelig White Rabbit) og M.O.D.O.K. (sistnevnte er ute med ein animert sitcom no, visstnok fine greier). Til og med min gamle favoritt Flekken dukkar opp i ei rute.

På skulen møter vi Peter sitt faste nemesis Flash Thompson, og drømmedama…Gwen Stacy. Mary Jane er ikkje med. Fokuset er 100% på Gwen her. Og det er kanskje det som er sterkast i heile boka: Der serien er ekstremt heseblesande og gjerne avsluttar enorme kampar mot tilsynelatande ekstremt mektige superskurkar på eit par ruter, er relasjonen med Gwen Stacy og den vriene knivinga med Flash den eine tingen boka faktisk tek seg tid til. Dette trengst: I starten er fortellertempoet så hysterisk at eg føler mange av karakterane blir introdusert på ein måte som berre kjennest oppsummerande, så det er bra serien har valgt å legge litt tid i tenåring-på-skulen scenene.

Førsteteiknar Nick Bradshaw teiknar pent og kan minne om Art Adams/heile den røkla teiknarar som var prega av Michael Golden. Men som fortellar er Bradshaw litt meir udisiplinert enn Adams, elementa på sidene kan krige såpass med kvarandre at ein ikkje får ro til  å ta inn historia. Ved eit par tilfelle måtte eg streve litt for å finne ut kva som var ruterekkefølga. Men, gjer dette eigentleg så mykje? Er det ikkje ein del av fryda for barna som les dette å jobbe litt med å finne ut rekkefølga? Pedagogen i meg seier nei, nei, alt må vere ryddig og tydelig, men teikneserieentusiasten i meg seier køyr på, dei som les dette får uansett med seg innhaldet i historia, og den litt forvirrande rutekonstruksjonen er berre bra for lesar-hjernen, så får dei litt kognitiv tyggemotstand. Eg konkluderer med at så lenge innhaldet i teikneserien ikkje er livsviktig å få levert på rett måte, er litt forvirring i ruterekkefølga berre sunt for lesaren. Gitt at lesaren på dette tidspunktet allereie er hekta på historia.

Andreteiknar André Lima Araujo på si side teiknar meir nakent og oversiktlig, men lar detaljane få blomstre i utvalgte scener. Portugisiske Araujo er egentlig arkitekt, og han har ein litt pussig hang til å gi alle karakterane sine barne-anatomi, men det europeiske preget er uansett ei fin avveksling og passar fint midt i boka.

Tredjeteiknar Nathan Stockman sine inspirasjonskilder framstår ikkje som like tydelige for meg, til gjengjeld merkar eg at historia kjem endå klarare i fokus når han tek over pennen. Dette kan vere ein effekt av at eg har lest meg inn i fortellinga, at all den heseblesande etableringa av univers er litt unnagjort, eller at Stockman berre er sterk på historiefortelling. Hans mest merkbare svakhet er at han gir Peter Parker eit uhyre creepy smil, men det er i alle fall mykje emosjonar i skodespelet hans.

Dette blir ein velfungerande trio: Superattraktive teikningar i starten, for å lokke lesaren inn. Litt meir arty farty europeiske teikningar midt i, for å utvide lesaren sin visuelle horisont. Og klassiske, solide tegninger som ikkje «gjer så mykje ut av seg» til slutt, for å få fokuset vårt på kjenslene og fortellinga.

Dette er ikkje nødvendigvis ein serie for oss som kan pinpointe akkurat kva for ei Moebius-teikning som har inspirert Iron Man-designet til Araujo, men ehm, vi er eit rimelig dårlig fundament å bygge ein økonomi på. SPIDEY fortjener å bli lest av tusenvis av ungar, for den er solid teikna, bra fargelagt, full av vitsar av variabel kvalitet, pent teksta til norsk, og mykje lekker tegneserie for pengane.

Men SPIDEY er også veldig eit produkt med eit mål, og spesielt i starten kjem målet (få fortalt ALT på kort tid) litt i vegen for fortellinga. Det kjennast oppsummerande, og eg lurer på om historiene kan miste si kraft når dei blir skutt inn i lesarens hjerne med så tette mellomrom. Eg fikk veldig lyst til å teste boka på ein tiåring for å sjekke om boka skaper det lesekicket som eg mistenker er målet, så skriv gjerne eventuell respons her i kommentarfeltet.

Spider-Man-historier som er retta mot akkurat denne målgruppa, på norsk, har vi ekstremt lite av. Det gleder også mitt teikneseriehjarte at den er mykje meir «vaksen» og avansert i fortelleteknikken enn mykje anna retta mot same aldersgruppe. Boka følest derfor som den perfekte gateway drug til meir intens teikneserielesing. Har du eit barn i slukealderen, og barnet har vist den minste vesle marginale interesse for Spider-Man: Kjøp. Deretter kan de saumfare Lucky Eddie og andre bruktsjapper etter gamle Spider-Man blad og leite etter dei originale historiene som denne hurtigspoling-versjonen er basert på.


Spidey: Førsteåret
Skrive av Robbie Thompson, teikna av Nick Bradshaw, André Araujo og Nathan Stockman
Omsett av Daniel Reinsfelt
300 sider
249 kr. (veil.)
Outland Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *