
“Et godt nytt år” er ein mørk og utilslørt thriller med nokre skarpe, om enn velbrukte observasjonar av menneske sine mørke natur. Vi ser for få slike eksperiment i norske teikneseriar.
Espen Birkedal er mest kjent for å lage personlege teikneseriar, enten frå kunstarmiljøet der han vankar i Stavanger eller på andre måtar frå eiga liv. Sjølv fanzina han ga ut til OCX i fjor, «Det mannlige geni», tok utgangspunkt i hans sterke personlege interesse for Ingmar Bergman.
«Godt nytt år», kanskje hans mest ambisiøse publikasjon, er dermed ganske uvanleg på den måten at manus ikkje er hans. Det er av den samfunnskritiske romanforfattaren Arild Rein, ein Stavangerpatriot som Birkedal sjølv, men også ein forteljar som ser byen sine skuggesider.

Ei mordsak er historia sitt episenter, men forteljarane har det ikkje travelt med å komme dit. Først og fremst er «Et godt nytt år» personskildring, ei forteljing om folk, om familiar på kanten av stupet. Og serieskaparane gir oss god til å komme dei inn på livet, sjølv om alt føregår over nokre få dagar rundt nyttårsaftan. Vi møter Leo Nordbotn, som har meir enn eit bein innanfor Stavangers underverden, men som også har eit faderleg forhold til niesa si, samtidig som han foraktar både sambuaren og broren sin, niesa sin eigentlege far. Så har vi Alfred, som driver flyttebyrå, og som nettopp var nøydd til å ta dottera si ut av respiratoren. Og vi har politimannen Tom, som konstant kranglar med ei kone som anklagar han for berre å bry seg om jobben.
Første halvdelen er oppbygging, andre halvdelen er mordet og jakta. Dette er ikkje nokon «whodunnit» som i ein klassisk påskekrim, gjerningsmannen er ganske gjennomsikteleg, og blir ikkje halde hemmeleg lenge.

I Norge er det kanskje berre Espen Birkedal kunne ha tilpassa ein passe kompleks thriller som dette til teikneserieform. Berre han har nødvendig tempo og rutine, og i tillegg ei forståing av Stavanger som tilsvarar Reins. Han har, som eg nå godt kjenner til , ein «sloppy» strek, sveiper slentrande men sjølvsikkert over sidene, i ein litt slurvete skittenrealistisk avart av etablerte moderne norsk stripeteikning.
Til å vere ein teiknar som skal illustrere ein thriller, har han rett nok problem med å gi valdsscenane det nødvendige patos. Styrken hans ligger i ein komfortabel stilisme som fungerer best når karakterane slåst med ord.

Den gjennomført knotefrie bruken av Stavangerdialekt er noko Birkedal har gjort til sitt særtrekk, og den er eit berande elementet i ein teikneserie som dette, utan forteljarstemme (Arild Rein bruker nynorsk i prosalitteraturen sin). Om manuset ikkje er hans, kjennest dette likevel som ein Birkedal-historie i eitt og alt. Teiknaren har ein forteljarmåte som kan minne om regissøren Robert Altman, ved at han legg vekt på dialog for dialogens eigen del, ikkje berre for å drive handlinga framover, og ved at han bruker mange karakterar og vekslar mellom ulike bihandlingar som på ein eller annan måte knytast saman til slutt.
Historia i “Et godt nytt år” har mange element som fenger kvar for seg, men med eskaleringa mister det noko av den tiltenkte krafta. Når Leo overtek heile handlinga i bokas andre halvdel, er han så breial at det følest som han skivsar dramaet tomt litt for fort.
Til slutt sit lesaren likevel igjen med ein mørk og utilslørt thriller med nokre skarpe, om enn velbrukte observasjonar av menneske sin mørke natur. Vi ser for få slike eksperiment i moderne norsk teikneseriekultur, så få at vi denne gongen nesten måtte gå “underground”. Derfor ønsker eg “Et godt nytt år” eit liv etter både romjul og påske, og utover Stavanger.

Et godt nytt år
Skrive av Arild Rein, teikna av Espen Birkedal
200+ sider (nøyaktig sidetal ikkje oppgjeve)
400 kr:
Tørt Papir Publikasjoner