Eit fullstendig akseptabelt utval

Teikneseriar er ein naturleg del av Bergen Art Book Fair. Årets festival blei arrangert denne helga.  

Alle fotografier av Trond Sätre

Bergen Art Book Fair (BABF) er ein internasjonal festival for kunstbøker og eigenpublikasjon som har blitt arrangert kvart år sidan 2013. Festivalen blir arrangert av kunstworkshopen Pamflett, og finn stad i Bergen Kunsthall ved Festplassen.

Med fokus på visuelle presentasjonar, blandingar av tekst og teikning og sal av fanziner, har teikneseriar også sin naturlege plass på festivalen, sjølv om representasjonen av slikt materiale kan variere. På årets festival, som varte frå 11. til 14 april, kunne ein mellom anna få med seg dette:

Fredrik Rysjedal hadde ikkje høve til å ha eigen stand på årets BABF for å promotere sin nyaste teikneserie, «Krampe». Men eige festivalarrangement blei det. Laurdag kveld blei «Krampe» formelt lansert i saunaen på Nordnes Sjøbad, med høgtlesing og DJ. «Krampe» er ein sjølvbiografisk refleksjon over serieskaparens erfaring med bading, eit 40 siders album som frå neste veke vil vere tilgjengeleg, i først omgang hos Tekstallmenningen i Bergen.

For første gongen sidan nedstenginga var Herman Breda Enkerud på BABF, her saman med redaktør Martin Asbjørnsen (til høgre). Var du heldig kunne du også stundom få møte Tim Ng Tvedt på standen. Herman var på festivalen for å promotere «Du har ingen makt i denne situasjonen», men den neste store satsinga frå Foot Books blir «Strannberg». Førebels hadde forlaget berre ein liten fanzine frå 2021 på stand, men i mai blir det full lansering i Oslo av svenske Sany (Samuel Nyholm) sine satiriske, teikna kommentarar til den norske kultureliten.


Andersens Forlag, her representert ved Katarzyna Tykocka , er ofte synleg i det som finst av teikneseriefestivalar og andre messer for presentasjonar av visuelle bøker. Den femte boka i På fire bein-serien, «Bang!» Blir nettopp lansert, og forlaget kan nå melde at seriens skapar, Berenika, er gjest på årets Falturiltu, den nynorske litteraturfestivalen for barne- og ungdomsbøker. Falturiltu har tyngdepunktet sitt på Stord, og blir i år arrangert 2-9. september. I fjor var Berenika gjest på Raptus.

Espen Birkedal frå Stavanger held fram med å selje fanziner med sine sjølvbiografiske teikneseriar. I år kunne han, i tillegg til tidlegare trykksaker, tilby Del 3 og Del 4-5 av reiseskildringa «Forlokkelsen» i risografitrykk, og framhaldet av «Scener frå et samboerskap» i silketrykk.

Det internasjonal miljøet i BABF er særs viktig. Ein av dei internasjonale kunstnarane som i år var med for første gongen er franske Duch, her avbilda med tatovør-kjærasten Oriane. Duch er meir av ein bildande kunstnar enn ein serieskapar, men han var på BABF som reprentant for kollektivet Mondo Zero. Her promoterer han eit utval av internasjonale publikasjonar frå kollektivet, som hovudsakleg består av teikneseriar og kunstbøker.    

Den mest internasjonalt prominente av dei reindyrka (eller tilnærma reindyrka) teikneserieutgjevarane på årets BABF er Perfectly Acceptable Press, her representert med redaktør Matt Davis frå Chicago. På hans høgre side er reisepartneren Sam Hensley. Grunna ei handleddskade kan ikkje Matt teikne så mykje sjølv lenger, men han er tilfreds berre med privilegiet det er å få utgi smale og alternative seriar. Og han er framleis tungt involvert i dei kunstariske prosessane. PAP spesialiserer seg på å gi ut teikneseriar med risografitykk, ein føretrekka teknikk for mange av tilbydarane på BABF.  


Les også:
Begynner å likne på draumen
Fanzine-nirvana
Festival i visuelle grenseland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *