Raptus teikneseriefestival blir stadig meir multimedial i forma, og store, nye namn var fråverande på årets arrangement. Spor av den gamle stemninga er det likevel mogeleg å finne ennå.
Post-pandemisk jobbar Raptus Teikneseriefestival framleis med å bygge opp att rykte og kjennskap etter pandemien. I fjor bytta festivalen til eit heilt nytt lokale, Spillhuset i Bergen sentrum. Mi vurdering var at dette meir kompakte lokalet tente festivalen godt, men at det dessverre blei for lite plass til stands. I år flytta festivalen tilbake til eit tidlegare kjente lokale, Studentkvarteret. Kvarteret har sine fordelar. Det gir meir rom, både til sceneopptredenar og anna. På den andre sida er det kanskje ein mindre naturleg møteplass for familiar og skuleungdommar.
Marknad for cosplay
Festivalen har prøvd å vege opp for dette med å fokusere på cosplay igjen, ein velprøvd Raptus-taktikk for å trekke folk, og ein subkultur som har blitt ein naturleg del av arrangementet. Til dette føremålet var også nettkjendisen og cosplayeren TikTok Jesus invitert som gjest.
Det er blitt sagt om cosplayarane at dei tek for mykje plass og ikkje kjøper noko. Vel, plass var det nok av, og stort sett var det cosplayarane som sørga for liv i gangane. Når det gjelder kjøp såg ein straks at marknadsplassen var blitt tilpassa denne subkulturens behov og interesser. I endå større grad enn før er stands dominert av trykk, kunstkort, smykke, plysjdyr, jakkemerke og klistremerke. Samlarar og serielesarar må leite grundigare. Av teikneserieseljarane var Outland, Überpress og Oskar Garnes alle tilbake, men elles var det berre Charlie Christensen (gjest) og Alf Christian Saasen (besøkande) som var oppteke av å selje eigne album. Til stades var dessutan den lokale Kaptein Sabeltann, Kaptein Krill (Tony Jensen), som også for det meste sel nips, men som legg si ære i å tilby heimesnekra sjørøvar-merchandise, mellom anna sjølvlaga teikneseriar.
Laurdag med startvanskar
Laurdagen opna med litt tekniske vanskar som særleg gjekk ut over Charlie Christensen då han gjekk på scenen klokka tolv. Arne And-skaparen teiknar framleis signaturserien sin, og det er vel ikkje mykje som har endra seg sidan dei siste gongene han var her1. Verdssituasjonen held fram med å gi mykje næring til Charlies dystre, politiske humor.
Festivalen var elles dominert av norske sjangerfolk, i år som i fjor, dvs. fantasy og manga. Lars Henrik Eriksen var populær, sjølv om bind to av «Oppfinneren» ikkje blei lanseringsklar til Raptus (den kjem til Outlands eigen festival i slutten av månaden). Derimot blei både Rakkan # 5 (dessverre siste bindet), Overtrykk 2023 (kryss fingrane for at det ikkje blir siste bindet) og første samling av Illustrert Kommentarfelt lansert på årets festival, med fleirtalet av dei mange bidragsytarane til stades. Utan eigen Bergtatt-festival gjorde Überpress-utgjevar Are Edvardsen det beste ut av Raptus’ «veslesal», Speilsalen på Kvarteret.
Teiknetime
Årets Raptusfestival tel vel også som tid og stad for lanseringa av H.L. Phoenix’ Lær å tegne monstre. Phoenix hadde to opptredenar, men gjorde kanskje aller mest suksess som teiknelærar, på laurdag. Den italienske Disney-teiknaren (ikkje alltid, men ofte, er ein av dei på Raptus) Fabio Celoni hadde også ein rein teikneleksjon på laurdag. Dessverre fekk eg ikkje med meg presentasjonen av arbeidet hans på fredag, og innan søndag var han ute av programmet.
Andersens Forlag fekk omsider si «stjerne», polske Berenika Kołomycka til Raptus. Berenika har hatt nærkontakt med den faunaen som ho skildrar i «På Fire Bein»-bøkene, på godt og vondt. Ein gong då hunden hennar jaga ein rev ut i vatnet, sprang ho instinktivt uti for å berge den. Det falt henne ikkje inn i det augneblinken at reven kunne komme til skade henne, men det gjorde den. På eit vis fekk ho dyret til ein veterinær, men ho måtte sjølv oppsøke lege for å få fleire sprøyter mot rabies. Men ho elskar naturen, og jobbar helst på hytta si nær Østersjøen. Ho skriv først eit manus, deretter storyboarder ho det, og målar til slutt, utan skisser, fordi ho meiner det blir meir vibrant og livaktig sånt. Sjølv om Berenika prøver seg som forteljar i eit stadig meir variert utval av teikneseriar, er akvarellmålinga den delen som ho har desidert mest glede av.
Søndag med æra i behald
Søndag kom med sol frå skyfri himmel. Folk som hadde sjekka langtidsvarselet ville i tillegg vere klar over at det kunne bli den siste godversdagen på ei stund. Ein skulle tru at det ville vere drepen for Raptus-søndag 2023, at serieskaparar og arrangørar ville slite seg gjennom programpost etter programpost med nesten tomme salar. Så blei ikkje tilfelle. Oppmøtet var etter forholda godt, og den første som fekk erfare det, var Hans Jørgen Sandnes. Etter å ha mislukkast både med å trekke fagfolk og den tiltenkte målgruppa for bøkene hans (barn) på laurdag ettermiddag, var begge gruppene på plass søndag klokka 12, med mange spørsmål til Larviksteiknaren.
Av utanlandske gjester som også fekk større besøkstal på søndag enn laurdag var Phillippe Fenech og Berenika Kołomycka. Denne dagen hadde Fenech rett nok den fordelen at han skulle snakke om «Idéfix og de Ukuelige», ein serie som ikkje ein gong var påtenkt då ha besøkte Raptus første gongen for 14 år sidan2, men som har den viktige Asterix-assosiasjonen. At det kjem eit Idéfix-julehefte, «Romerne kan ta seg en bolle» i år også, skadar ikkje. Sidan førre Raptus-besøket har Fenech også fått ein signaturserie, «Mes Cops» – Som ikkje handlar om politi, det er ein gagserie om bestevenninner. Den er neppe aktuell på norsk, men han fekk introdusere den på laurdag ettermiddag uansett.
Fenech har også teikna årets festivalplakat, der Idéfix og dyrevennene hans siglar inn eit nordlysbada kystlandskap på eit vikingskip. Plakaten er fargelagt av kjærasten hans, som også er ein profesjonell i bransjen. Fenech innrømmer å vere fascinert av det nordiske, særleg av nordlyset.
Ingen av dei teiknande gjestene gjorde stunt-teikning for årets laurdags- og søndagsshow. I staden ble desse brukt til å lage underhaldning med dei frivillege. Enkelte av desse innslaga blei litt interne, men viss desse kan hjelpe til med å behalde moralen og interessa hos dei frivillige, er det dei vel unt. Rekruttering går ikkje av seg sjølv.
Alle fotografier av Trond Sätre
- I 2002 og 2010 https://serienett.no/arkiv2016/www.serienett.no/article/997/charlie-christensen-til-raptus.html https://iselinsmuget.wordpress.com/tag/charlie-christensen/ og 2016 https://oyvindholen.wordpress.com/2016/09/13/da-raptus-ble-voksen/ ↩︎
- Den gongen blei han marknadsført som ein Scooby-Doo-teiknar https://serienett.no/arkiv2016/www.serienett.no/article/935/raptus-til-helgen.html ↩︎
How do you ensure that your website’s content is up-to-date and relevant?